År 2001 den 29. mai holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt
I lov 3. februar 1961 om ansvar for skade som motorvogner
gjer, vert det gjort følgjande endringar:
Overskrifta til lova skal lyde:
Lov om ansvar for skade som motorvogner gjer (bilansvarslova).
§ 7 tredje ledd skal lyde:
Skadelidaren kan ikkje få skadebot utan at særlege
grunnar er for det, dersom han av fri vilje køyrde eller
let seg køyre i den vogna som gjorde skaden endå han
visste at vogna var fråvend rette innehavaren
med brotsverk.
§ 7 fjerde ledd skal lyde:
Skadeliden vognførar som køyrde den vogna
som gjorde skaden, kan ikkje få skadebot utan at særlege grunnar
er for det dersom han visste eller måtte vita at
a) vogna vart nytta i samband
med eit brotsverk, eller
b)han var påverka
av alkohol eller andre rusande eller døyvande råder.
Særregelen her gjeld likevel ikkje i den mon ein må leggja
til grunn at skaden ville ha skjedd jamvel om vognføraren
ikkje hadde vore påverka som nemnd. Hadde vognføraren større
alkoholkonsentrasjon i blodet enn 0,5 promille eller ei alkoholmengd
i kroppen som kan føre til så stor alkoholkonsentrasjon
i blodet, eller større alkoholkonsentrasjon i utandingslufta enn 0,25
milligram per liter luft, vert han i alle tilfelle rekna
for påverka av alkohol i høve til regelen her.
§ 10 første ledd andre punktum
skal lyde:
Dette gjeld likevel ikkje om skadelidaren av fri vilje
har teke plass i motorvogna som gjorde skaden endå skadelidaren visste
at ho ikkje var lovleg trygda.
§ 12 første ledd bokstav c skal
lyde:
c) sjølv hadde valda at han var påverka
av alkohol eller andre rusande eller døyvande råder
medan han køyrde vogna og gjorde skade, eller medverka
til at vogna vart brukt endå han visste eller måtte
vita at vognføraren var påverka. Dette kravet
fell bort i den mon ein må leggja til grunn at skaden ville ha
skjedd jamvel om vognføraren ikkje hadde vore påverka
som nemnd. Regelen i § 7 fjerde leden
bokstav b tredje punktumet gjeld tilsvarande.
Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.
Jorunn Ringstad |
Olav Gunnar Ballo |
president |
sekretær |