År 2003 den 27. mai holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt
I lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntjenester blir
det gjort følgjande endring:
§ 6-4 tredje ledd skal lyde:
Også yrkesutøvere i medhold av lov om
helsepersonell mv., lov om psykisk helsevern, lov om helsetjenesten
i kommunene, lov om familievernkontorer og meklingsmenn i ekteskapssaker
(jf. lov om ekteskap), samt lov om frittståande
skolar plikter å gi opplysninger etter reglene
i andre ledd.
§ 7-9 Iverksetjing
Lova tek til å gjelde frå 1. oktober
2003.
Samstundes blir lov 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til
private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande
opplæring (privatskulelova) oppheva.
§ 1-1 Formålet
med lova
Formålet med denne lova er å medverke
til at det kan opprettast og drivast frittståande skolar,
mellom anna skolar oppretta av religiøse og/eller
etiske grunnar og skolar oppretta som eit fagleg-pedagogisk alternativ,
slik at foreldre og elevar kan velje andre skolar enn dei offentlege,
jf. lov 21. mai 1999 nr. 30 om styrking av menneskerettighetenes
stilling i norsk rett § 2 nr. 2.
Opplæringa ved skolar som blir godkjende etter lova
her, skal ta sikte på:
a) å utvikle personlegdommen, talentet
og dei mentale og fysiske evnene til elevane,
b) å utvikle respekt for menneskerettane, grunnleggjande
fridommar og for dei prinsippa som pakta til Dei sameinte nasjonane
vernar om,
c) å utvikle respekt for foreldra og den kulturelle identiteten,
språket og verdiane til eleven, for dei nasjonale verdiane
i det landet der eleven bur, og respekt for kulturar som er ulike
hans eller hennar eigen,
d) å førebu eleven til eit ansvarleg
liv i eit fritt samfunn i ei ånd av forståing,
fred, toleranse, likestilling mellom kjønna og venskap
mellom alle folkeslag, etniske, nasjonale og religiøse
grupper og personar som høyrer til urfolk,
e) å fremje respekten for naturmiljøet.
Det skal leggjast vekt på å skape godt
arbeidsmiljø og gode samarbeidsformer mellom lærarar
og elevar og mellom skole og heim. Alle som er knytte til skolen,
skal arbeide for å hindre at elevane kjem til skade eller
blir utsette for krenkjande ord eller handlingar.
§ 1-2 Verkeområdet
Lova gjeld godkjenning med rett til offentleg tilskot for
frittståande grunnskolar og frittståande skolar som
gir vidaregåande opplæring, og vilkår
for å få slikt tilskot.
Frittståande skolar er skolar som er i privat
eige, og som blir godkjende etter denne lova.
Lova gjeld ikkje skolar som er omfatta av lov 8.juni 1984
nr. 64 om folkehøgskolar, lov 28. mai 1976 nr. 35 om voksenopplæring
eller skolar som er godkjende etter opplæringslova § 2-12.
Lova gjeld heller ikkje skolar som blir drivne av politiske grupper
eller parti på partipolitisk grunnlag.
§ 1-3 Definisjonar
Med heimkommune og heimfylke i denne lova er meint den
kommunen eller fylkeskommunen som har ansvaret etter opplæringslova § 13-1
og § 13-3.
§ 2-1 Godkjenning av
grunnskolar
Frittståande grunnskolar som oppfyller dei krava som
følgjer av lova, har rett til godkjenning og offentlege
tilskot. Den enkelte skolen må gi opplæring på norsk
eller samisk.
Retten til godkjenning gjeld berre dersom etableringa av
skolen ikkje vil medføre vesentlege negative følgjer
for vertskommunen. Vertskommunen skal gi fråsegn før
departementet gjer vedtak i saka.
Retten til godkjenning, jf. første og andre ledd, gjeld
ikkje norske frittståande grunnskolar i utlandet, internasjonale
frittståande grunnskolar i Noreg og grunnskolar oppretta
for funksjonshemma. Departementet kan likevel, etter ei samla vurdering,
godkjenne slike skolar. Før ein internasjonal frittståande grunnskole
eller ein grunnskole for funksjonshemma blir godkjend, skal vertskommunen
gi fråsegn i saka.
§ 2-2 Godkjenning av
vidaregåande skolar
For å bli godkjend med rett til tilskot etter
denne lova må den vidaregåande skolen anten vere:
a) oppretta av religiøse og/eller
etiske grunnar,
b) eller oppretta som eit fagleg-pedagogisk alternativ,
c) eller oppretta for undervisning av norsk ungdom i utlandet,
d) eller oppretta for å fylle eit kvantitativt
undervisningsbehov,
e) eller ha til føremål å gi
vidaregåande yrkesretta undervisning som ikkje blir gitt
ved vidaregåande offentlege skolar.
Vertsfylket skal gi fråsegn før departementet
gjer vedtak i saka.
Vedkomande departement avgjer i kvart enkelt tilfelle om
skolen tilfredsstiller krava etter denne lova, og om skolen etter
ei samla vurdering skal godkjennast med rett til tilskot. For skolar
som søkjer godkjenning etter bokstav a eller b, skal det
ikkje leggjast einsidig vekt på nedgang i elevtalet for
fylkeskommunen i den samla vurderinga.
§ 2-3 Innhald og vurdering
Skolen skal drive verksemda si etter læreplanar godkjende
av departementet. Det må gå fram av planen kva
slag vurderingsformer og dokumentasjon skolen skal nytte. Frittståande
grunnskolar skal anten følgje den læreplanen som
gjeld for offentlege grunnskolar, eller læreplanar som
på annan måte sikrar elevane jamngod opplæring,
jf. opplæringslova § 2-1 første ledd.
Elles har skolen sin undervisningsfridom.
Frittståande vidaregåande skolar godkjende
etter § 2-2 bokstav a til d skal gi elevane opplæring
i samsvar med den generelle delen av læreplanen og dei fagspesifikke
læreplanane for den offentlege skolen. Skolar godkjende
etter § 2-2 bokstav a og b kan likevel gjere unntak frå dei
offentlege planane der dette er grunngitt med formålet
til skolen. Frittståande skolar godkjende etter § 2-2
bokstav e skal ha læreplanar som er på nivå med
offentleg vidaregåande opplæring.
Departementet kan gi forskrifter om vurdering av elevar,
klage på vurdering, eksamen og dokumentasjon.
§ 2-4 Undervisningsrom,
utstyr og skolemiljø
Undervisningsrom og utstyr skal godkjennast av departementet.
Opplæringslova kapittel 9A gjeld også for
skolar godkjende etter lova her.
§ 3-1 Inntak av elevar
Dei frittståande skolane skal ha heile landet
som inntaksområde. Dei skal stå opne for alle
som fyller vilkåra for inntak i offentlege skolar. Dette
gjeld òg norske skolar i utlandet og internasjonale skolar
i Noreg.
Søkjarar med rett til opplæring etter
opplæringslova skal i alle høve prioriterast føre
andre søkjarar. Skolane skal ha eit inntaksreglement som
viser prioriteringa av søkjarar, dersom søkinga
er større enn kapasiteten til skolen. Reglementet skal
fastsetje ei prioritering ut frå saklege omsyn.
Skolen skal ha eit inntaksreglement som ligg innanfor den
avgrensinga som følgjer av første og andre ledd.
Skolen avgjer i samsvar med reglementet kven av søkjarane
som skal takast inn.
Melding om inntak av elevar i grunnskolar skal sendast
til heimkommunen til eleven. Melding om inntak til vidaregåande
skolar som er godkjende etter § 2-2 bokstavane a-d skal
sendast til heimfylket til eleven.
Ved avgjerd etter desse reglane gjeld forvaltningslova.
Avgjerd om inntak er eit enkeltvedtak, jf. forvaltningslova § 2.
Departementet er klageinstans.
Når det gjeld skolar for funksjonshemma og yrkesvalhemma,
kan departementet gi dispensasjon frå reglane i andre leddet.
§ 3-2 Rett og plikt
til opplæring
Elevar i grunnskolar som er godkjende etter denne lova,
oppfyller si plikt til grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 2-1.
Elevar i vidaregåande skolar som er godkjende
etter denne lova, nyttar retten sin til vidaregåande opplæring
etter opplæringslova § 3-1.
§ 3-3 Skolegangen
Ein elev som har fått plass ved ein grunnskole
som er godkjend etter denne lova, har rett til å fullføre
opplæringa si ved skolen, så langt skolen er godkjend.
Når omsynet til dei andre elevane tilseier det, kan ein grunnskoleelev
i særlege tilfelle likevel flyttast til ein offentleg skole
i heimkommunen. Før det blir gjort enkeltvedtak om å flytte
ein elev, skal ein ha prøvd andre tiltak. Heimkommunen
gjer vedtak. Departementet er klageinstans.
Opplæringslova § 2-1 tredje ledd om utsett
skolestart og tidlegare skolestart og § 2-1 fjerde ledd
om heilt eller delvis fritak frå opplæringsplikta
gjeld tilsvarande for elevar i grunnskolar som er godkjende etter
denne lova. Heimkommunen gjer vedtak. Departementet er klageinstans.
Ein elev som har fått plass ved ein vidaregåande skole
som er godkjend etter denne lova, har rett til å fullføre
skoleåret eller vedkomande kurs med mindre eleven kan visast
bort, jf. § 3-10.
Opplæringslova § 3-1 fjerde ledd om omval
gjeld tilsvarande for elevar i vidaregåande skolar som
er godkjende etter denne lova. Fylkeskommunen gjer vedtak.
§ 3-4 Tilpassa opplæring
Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene
hjå den enkelte eleven.
§ 3-5 Særleg
opplæring for elevar frå språklege
minoritetar
Elevar ved grunnskolar godkjende etter denne lova som har
eit anna morsmål enn norsk eller samisk, har rett til nødvendig
morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring
og særskild norskopplæring til dei har tilstrekkelege
kunnskapar i norsk til å følgje den vanlege opplæringa
i skolen. Heimkommunen til eleven gjer vedtak og dekkjer utgiftene
til slik opplæring. Departementet er klageinstans.
Morsmålsopplæringa kan leggjast til ein
annan skole enn den eleven til vanleg går ved.
Når opplæringa ikkje kan givast av eigna
undervisningspersonale, skal skolen og kommunen så langt mogleg
leggje til rette for anna opplæring tilpassa føresetnadene
til elevane.
§ 3-6 Spesialundervisning
og PP-teneste
Opplæringslova § 5-1 om rett til spesialundervisning, § 5-3
om sakkunnig vurdering, § 5-4 om saksbehandlinga i samband
med vedtak om spesialundervisning og § 5-5 om unntak frå reglane
om innhaldet i opplæringa gjeld tilsvarande.
Heimkommunen eller heimfylket til eleven, jf. § 1-3,
sørgjer for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering,
gjer vedtak om spesialundervisning og dekkjer utgiftene til slik
opplæring. I tvilstilfelle avgjer departementet kven som
er ansvarleg for kostnadene. Departementet har tilsvarande ansvar
for elevar ved norske skolar i utlandet.
Departementet kan gi forskrift om gjennomføring av
reglane om spesialundervisning.
Departementet er klageinstans for klage over kommunale
og fylkeskommunale enkeltvedtak om spesialundervisning.
Reglane i denne paragrafen gjeld ikkje for skolar som er
godkjende etter § 2-2 bokstav e, og opplæringstilbod
som er spesielt organiserte for vaksne.
Den pedagogisk-psykologiske tenesta i vertskommunen skal
hjelpe skolen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling
for å leggje betre til rette for elevar med særlege
behov.
§ 3-7 Skyss m.m.
Elevane har rett til skyss etter reglane i opplæringslova § 7-1
første og andre ledd om skyss i grunnskolen, § 7-2
første ledd om skyss i den vidaregåande skolen, § 7-3
om skyss for funksjonshemma og mellombels skadde eller sjuke og § 7-4
om reisefølgje og tilsyn. Retten til skyss, reisefølgje
og tilsyn for elevar i frittståande grunnskolar gjeld berre
innanfor kommunegrensa i den kommunen der eleven bur. For elevar
i frittståande vidaregåande skolar gjeld retten
til skyss, reisefølgje og tilsyn berre innanfor fylkeskommunegrensa
i den fylkeskommunen der eleven bur.
Heimkommunen eller heimfylket til elevane gjer vedtak om
skyss, og dekkjer utgifter etter reglane i opplæringslova § 13-4.
Departementet er klageinstans ved klage over kommunale og fylkeskommunale
vedtak om skyss i grunnskolen. Fylkeskommunen er klageinstans ved
klage på vedtak om skyss i vidaregåande skolar.
Norske grunnskolar i utlandet får statstilskot
med 85 prosent til skyss og innlosjering for elevane. Departementet
kan gi forskrifter om utrekning av skyssavstanden og utgiftsgrunnlaget
for skyss og innlosjering.
Departementet kan gi forskrifter om skoleskyss og skyssgodtgjersle,
og om at skyssbehovet til elevane i vidaregåande skolar
i særskilde tilfelle kan dekkjast på andre måtar.
Reglane i denne paragrafen gjeld ikkje i skolar som er
godkjende etter § 2-2 bokstav e, og opplæringstilbod
som er spesielt organisert for vaksne.
§ 3-8 Helsetilsyn
Forskrift gitt i medhald av lov 19. november 1982 nr. 66
om helsetenesta i kommunane § 1-3 fjerde ledd gjeld for
elevar i frittståande skolar. Kommunen der skolen ligg,
har ansvaret for å gjennomføre helsetenesta i
samsvar med gjeldande lov. Kommunane skal dekkje utgifter for helsetenesta
ved frittståande skolar etter same reglar som for offentlege
skolar.
§ 3-9 Ordensreglement
og liknande
Kvar skole skal ha eit reglement med reglar om elevane
sine rettar og plikter så langt dei ikkje er fastsette
i lov eller på annan måte. Reglementet skal innehalde
reglar om åtferd, reglar om kva tiltak som skal kunne brukast
mot elevar som bryt reglementet, og reglar om framgangsmåten
når slike saker skal behandlast.
Reglementet skal gjerast kjent for elevane og foreldra.
Fysisk refsing eller anna krenkjande behandling må ikkje
nyttast. Før det blir teke avgjerd om refsing, blant anna
om bortvising eller tap av rettar, skal eleven ha høve
til å forklare seg munnleg for den som skal ta avgjerda.
§ 3-10 Bortvising av
elevar og tap av rettar
Skolen kan fastsetje i ordensreglementet at elevar som
alvorleg eller fleire gonger bryt reglementet, kan visast bort frå undervisninga.
På klassetrinna 1-7 kan elevar visast bort for enkelttimar
eller for resten av dagen, og på klassetrinna 8-10 kan
elevar visast bort i inntil tre dagar. Elevar i vidaregåande
opplæring kan visast bort i inntil fem dagar. Den daglege
leiaren av skolen vedtek sjølv bortvising etter å ha
rådført seg med lærarane til eleven.
Foreldra til elevar på klassetrinna 1-7 skal varslast før
det blir sett i verk bortvising for resten av dagen.
Når ein elev i vidaregåande skole vedvarande
har vist ei framferd som i alvorleg grad går ut over orden og
arbeidsro på skolen, eller når ein elev alvorleg
forsømmer pliktene sine, kan eleven etter vedtak av fylkeskommunen
visast bort frå resten av det kurset eleven er teken inn
på. I samband med eit vedtak om bortvising for resten av
lengda på kurset kan fylkeskommunen også vedta
at eleven skal miste retten til vidaregåande opplæring
etter opplæringslova § 3-1. Fylkeskommunen kan
ikkje overlate til skolen å gjere vedtak etter leddet her
om bortvising eller tap av retten til vidaregåande opplæring.
Manglande betaling av skolepengar kan føre til bortvising.
Før det blir gjort vedtak om bortvising eller
tap av rettar, skal ein vurdere å bruke andre hjelpe- eller
refsingstiltak.
Ved avgjerd etter desse reglane gjeld forvaltningslova.
Avgjerd om bortvising og tap av retten til vidaregåande
opplæring er enkeltvedtak, jf. forvaltningslova § 2.
Departementet er klageinstans.
§ 3-11 Rådgiving
Elevane har rett til nødvendig rådgiving
om utdanning, yrkestilbod og yrkesval og om sosiale spørsmål.
Departementet kan gi nærare forskrifter.
§ 3-12 Fritak frå religiøse
aktivitetar m.m.
Opplæringslova § 2-4 fjerde og femte
ledd om fritak frå religiøse aktivitetar m.m.
gjeld tilsvarande for elevar i grunnskolar godkjende etter lova
her. Retten til fritak frå religiøse aktivitetar
m.m. gjeld likevel ikkje for elevar i grunnskolar som er oppretta
av religiøse og/eller etiske grunnar.
Ved avgjerd etter desse reglane gjeld forvaltningslova.
Avgjerd om fritak frå religiøse aktivitetar m.m. er
eit enkeltvedtak, jf. forvaltningslova § 2. Departementet
er klageinstans.
§ 3-13 Permisjon frå den
pliktige grunnskoleopplæringa
Når det er forsvarleg, kan skolen etter søknad
gi den enkelte eleven i grunnskolen permisjon i inntil to veker.
§ 4-1 Leiing
Kvar skole skal ha ei forsvarleg fagleg, pedagogisk og
administrativ leiing.
Skolen skal ha ein dagleg leiar.
§ 4-2 Kompetansekrav
til undervisningspersonalet
For undervisningspersonalet ved skolar som er godkjende
etter lova her, gjeld dei kompetansekrava som følgjer av § 10-1
i opplæringslova med tilhøyrande forskrift.
For undervisningspersonalet ved skolar som er godkjende
etter § 2-2 bokstav e, fastset styret krav til kompetanse,
dersom departementet i det einskilde tilfelle ikkje fastset noko
anna.
Dersom det ikkje er søkjarar som fyller kompetansekrava
etter første og andre ledd, kan andre tilsetjast mellombels.
Med mindre det er avtalt ein kortare tilsetjingsperiode, skal tilsetjinga
vare til og med 31. juli.
Ved tilsetjing av undervisningspersonale ved skolar som
representerer eit fagleg-pedagogisk alternativ, kan departementet
også godkjenne alternative kompetansekrav til dei som følgjer
av § 10-1 i opplæringslova med tilhøyrande
forskrift. Ved tilsetjing av undervisningspersonale ved skolar som
representerer eit religiøst/etisk alternativ,
kan departementet også godkjenne tilleggskompetansekrav
til dei som følgjer av § 10-1 i opplæringslova
med tilhøyrande forskrift. Ved tilsetjing gjeld arbeidsmiljølova § 55a.
§ 4-3 Krav om politiattest
Den som skal tilsetjast i ein grunnskole godkjend etter
lova her, må leggje fram politiattest. Attesten skal vise
om vedkommande er sikta, tiltalt eller dømd for seksuelle
overgrep mot barn. Personar som er dømde for seksuelle
overgrep mot barn, kan ikkje bli tilsette.
Styret kan krevje politiattest etter første ledd
også for andre personar som regelmessig oppheld seg i grunnskolen.
Departementet kan gi nærare forskrifter.
§ 4-4 Lønns-
og arbeidsvilkår
Ved skolar som er godkjende etter denne lova, skal undervisningspersonalet
ha rett til lønns- og arbeidsvilkår som i tilsvarande
offentlege skolar. Ved skolar godkjende etter § 2-2 bokstav
e fastset styret lønns- og arbeidsvilkår.
§ 5-1 Styret
Som øvste ansvarlege organ skal kvar skole ha
eit styre. Styret er valt av eigaren, som fastset kor mange medlemmer
og varamedlemmer styret skal ha. Med samtykke frå departementet
kan to eller fleire skolar ha sams styre. Rett til å vere
til stades på møte i styret, til å seie
meininga si og få denne tilført protokollen, har:
a) ein representant oppnemnd av vertskommunen når
det gjeld ein grunnskole, ein representant oppnemnd av fylkeskommunen
når det gjeld skolar godkjende etter § 2-2 bokstavane
a til d,
b) ein representant for elevrådet ved skolar som
har slikt råd,
c) ein representant frå foreldrerådet
ved skolar som har slikt råd,
d) ein representant for lærarane ved skolen,
e) ein representant for andre tilsette ved skolen,
f) dagleg leiar av skolen.
Departementet kan i særskilte tilfelle gi dispensasjon
frå bokstavane a til f.
Ved handsaming av saker der det gjeld teieplikt etter lov
og forskrift, skal styret sørgje for at personar med møterett
som er under aldersgrensa for å vere myndige, må forlate
møtet.
§ 5-2 Styret sine oppgåver
Styret har den øvste leiinga av skolen og skal
sjå til at skolen blir driven i samsvar med gjeldande lover og
forskrifter.
Styret skal:
a) sjå til at elevar i opplæringspliktig
alder som blir tekne inn ved skolen, får oppfylt retten
til grunnskoleopplæring, og melde frå til foreldra
og heimkommunen til elevar som over lengre tid ikkje møter
fram til undervisninga utan lovleg grunn,
b) fastsetje storleiken på skolepengane,
c) vedta skolen sitt budsjett og ha ansvar for rekneskapen,
d) fastsetje inntaks- og ordensreglement for skolen,
e) fremje saker om flytting etter § 3-3 første
ledd og bortvising etter § 3-10 andre ledd,
f) ha det øvste økonomiske ansvaret for
skolen si drift,
g) sjå til at offentlege tilskot og skolepengar
kjem elevane til gode,
h) sjå til at offentlege krav og føresetnader
for verksemda blir oppfylte.
I andre saker enn dei som følgjer av andre ledd, kan
styret med 2/3 fleirtal delegere avgjerdsretten.
§ 5-3 Elevråd
Ved grunnskolar skal det vere elevråd for klassetrinna
5-10 med ein representant for kvar klasse. Alle vidaregåande
skolar skal ha eit elevråd på minst 5 medlemmer
med varamedlemmer.
Elevrådet blir valt av elevane ved skriftleg røysting.
Representantane skal veljast seinast tre veker etter at skolen har
teke til om hausten.
Elevrådet skal blant anna fremje fellesinteressene til
elevane på skolen og arbeide for å skape eit godt
lærings- og skolemiljø.
§ 5-4 Foreldreråd
Ved kvar grunnskole skal det vere foreldreråd,
der alle foreldre som har barn i skolen, er medlemmer. Foreldrerådet
kan velje eit arbeidsutval.
Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til
foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i
arbeidet for å skape eit godt skolemiljø. Foreldrerådet
skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og
skolen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane
og skape kontakt mellom skolen og lokalsamfunnet.
§ 6-1 Offentlege tilskot
Frittståande skolar som er godkjende etter § 2-1 eller § 2-2,
får offentleg tilskot etter reglane i denne paragrafen.
1) For vidaregåande skolar som kan godkjennast
etter § 2-2 bokstav a, b eller d, blir 85 prosent av dei utgiftene
som kjem inn under tilskotsgrunnlaget, dekte ved statstilskot. Tilskotet
blir rekna ut frå ein normalsats. Ved utrekninga av normalsatsen skal
dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege vidaregåande
skolen leggjast til grunn.
2) For vidaregåande skolar som er godkjende etter § 2-2
bokstav e, blir 75 prosent av dei driftsutgiftene som kjem inn under
tilskotsgrunnlaget, dekte ved statstilskot. Tilskotet blir rekna
ut frå ein normalsats. Føresetnaden er at elevane
får undervisning som minst svarer til eit halvt skoleår.
Departementet kan gi nærare reglar.
3) Grunnskolar får tilskot av staten med 85 prosent av
vanlege driftsutgifter til all godkjend undervisning som går
inn under lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa
(opplæringslova). Utgifter til pensjonsinnskot skal likevel
innarbeidast i tilskotsgrunnlaget slik at tilskota dekkjer 100 prosent
av gjennomsnittlege utgifter til pensjonsinnskot i offentlege skolar.
Tilskotet blir rekna ut på grunnlag av ein normalsats per
elev, særskilt for barnesteget og ungdomssteget. Tilskotsgrunnlaget
blir fastsett av Stortinget. Ved utrekninga av normalsatsen skal
dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege grunnskolen til
dei typar utgifter som går inn i tilskotsgrunnlaget, leggjast
til grunn.
4) Norske grunnskolar i utlandet får statstilskot
med 85 prosent av vanlege driftsutgifter til all godkjend undervisning
som går inn under lov om grunnskolen og den vidaregåande
opplæringa (opplæringslova). Utgifter til pensjonsinnskot skal
likevel innarbeidast i tilskotsgrunnlaget slik at tilskota dekkjer
100 prosent av gjennomsnittlege utgifter til pensjonsinnskot i offentlege
skolar. Tilskotsgrunnlaget blir fastsett av Stortinget. Tilskotet
blir knytt til ein normalsats per elev særskilt for barnesteget
og ungdomssteget rekna ut for grunnskolar i Noreg, jf. nr. 3. Skolane
får statstilskot med 85 prosent til skyss og innlosjering
for elevane. Departementet gir forskrifter om utrekning av skyssavstanden
og utgiftsgrunnlaget for skyss og innlosjering.
5) Godkjende, norske vidaregåande skolar i utlandet får
statstilskot med 85 prosent av ein normalsats per elev. Ved utrekninga
av normalsatsen skal dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege
vidaregåande skolen leggjast til grunn.
6) Departementet kan gi forskrift om at
a) statsborgarar i Noreg eller ein annan
EØS-stat som er elevar ved utanlandske eller internasjonale
grunnskolar i Noreg eller i utlandet, skal kunne få tilskot
etter denne lova til kompletterande undervisning, og at
b) statsborgarar i Noreg eller ein annan EØS-stat som
er elevar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande
skolar i Noreg eller i utlandet, skal kunne få tilskot
til delvis dekning av skolepengar.
§ 6-2 Elevane og dei
offentlege tilskota, skolepengar
Alle offentlege driftstilskot og eigendelar frå elevane
skal kome elevane til gode.
Skolar som tek imot offentlege tilskot som ikkje dekkjer
alle driftsutgifter, kan krevje inn skolepengar. Styret fastset
storleiken på skolepengane. Skolepengane må ikkje
setjast høgare enn det som trengst for saman med statstilskotet å dekkje
driftsutgifter som svarer til utgiftsnivået ved tilsvarande
offentleg skole som det er naturleg å samanlikne med. Dersom
styret fastset høgare skolepengar, trengst det godkjenning
av departementet.
§ 6-3 Offentleg tilskot
til kompletterande
undervisning og skolepengar
Til statsborgarar i Noreg eller i ein annan EØS-stat
som er elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskolar i
Noreg eller i utlandet, kan det givast tilskot til kompletterande
undervisning. Til statsborgarar i Noreg eller i ein annan EØS-stat
som er elevar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skolar
i Noreg eller i utlandet, kan det givast tilskot til delvis dekning
av skolepengane. Departementet kan gi forskrifter.
§ 6-4 Offentleg tilskot
til skolar for funksjonshemma elevar
For grunnskolar og vidaregåande skolar for funksjonshemma
blir alle driftsutgiftene dekte ved statstilskot etter ein normalsats
per elev per skoleår.
§ 7-1 Budsjett og rekneskap
Skolane må leggje fram budsjett og rekneskap etter
forskrifter fastsette av departementet.
§ 7-2 Tilsyn m.m.
Departementet fører tilsyn med skolar godkjende etter
denne lova og skal i den samanhengen ha tilgjenge til skoleanlegg
og dokumentasjon.
Dersom det blir oppdaga forhold som står i strid med
denne lova eller med forskrifter gjevne med heimel i lova, kan departementet
gi pålegg om å rette på forholda.
Departementet kan halde attende tilskotet eller dra godkjenninga
attende dersom vilkåra i denne lova ikkje blir fylte.
§ 7-3 Teieplikt
Reglane om teieplikt i forvaltningslova gjeld ved behandling
av saker etter denne lova.
§ 7-4 Opplysningsplikt
til barneverntenesta
Personalet i skolar etter denne lova skal i arbeidet sitt
vere på vakt overfor forhold som kan føre til
tiltak frå barneverntenesta.
Utan hinder av teieplikta skal personalet av eige tiltak
gi opplysningar til barneverntenesta når det er grunn til å tru
at eit barn blir mishandla i heimen, eller når det ligg
føre andre former for alvorleg omsorgssvikt, jf. §§ 4-10
til 4-12 i lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntjenester, eller
når eit barn har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar,
jf. § 4-24 i den same lova. Også etter pålegg
frå dei organa som er ansvarlege for å gjennomføre
lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntjenester, skal personalet
gi slike opplysningar.
§ 7-5 Opplysningsplikt
til sosialtenesta
Personalet i skolar etter denne lova skal i klientsaker
gi råd og rettleiing til sosialtenesta. Personalet skal vere
på vakt overfor forhold som bør føre
til tiltak frå sosialtenesta, og skal av eige tiltak gi
sosialtenesta opplysningar om slike forhold. Av eige tiltak kan
opplysningar berre givast med samtykke frå eleven, eventuelt
frå foreldra, eller så langt opplysningane elles kan
givast utan hinder av teieplikta.
§ 7-6 Straffeansvar
Dersom ein elev i grunnskolen utan å ha rett til
det har fråvær frå den pliktige opplæringa,
kan foreldra eller andre som har omsorg for eleven, straffast med
bøter dersom fråværet kjem av at dei
har handla forsettleg eller aktlaust. Offentleg påtale
blir ikkje reist utan når kommunen set fram krav om slik
påtale.
§ 7-7 Overgangsreglar
Departementet fastset overgangsreglar for skolar som er
godkjende etter privatskulelova.
§ 7-8 Endringar i andre
lover
I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande
opplæringa blir det gjort desse endringane:
§ 1-1 andre ledd skal lyde:
Lova gjeld private grunnskolar som ikkje mottek statstilskot
etter friskolelova, og privat heimeopplæring
i grunnskolen.
§ 2-8 skal lyde:
Kommunen skal gi elevar i grunnskolen med anna morsmål
enn norsk og samisk nødvendig morsmålopplæring,
tospråkleg fagopplæring og særskild norskopplæring
til dei har tilstrekkelege kunnskapar i norsk til å følgje
den vanlege opplæringa i skolen.
Morsmålopplæringa kan leggjast
til annan skole enn den eleven til vanleg går ved.
Når opplæringa ikkje kan givast
av eigna undervisningspersonale ved nokon skole i kommunen, skal kommunen
så langt mogleg leggje til rette for anna opplæring
tilpassa føresetnadene til elevane.
Berit Brørby |
Finn Martin Vallersnes |
president |
sekretær |