Vedtak til lov om endringer i lov 10. juli 1936 nr. 6 til å fremja umsetnaden av jordbruksvaror

Dette dokument

År 2009 den 4. juni holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt

vedtak til lov om endringer i lov 10. juli 1936 nr. 6 til å fremja umsetnaden av jordbruksvaror

I

I lov 10. juli 1936 nr. 6 til å fremja umsetnaden av jordbruksvaror gjøres følgende endringer:

§ 1 skal lyde:

Fyremålet med lova er gjennom samyrke å fremja umsetnaden av kjøtt av storfe, sau, svin, fjørfe og reinsdyr, korn og oljefrø, mjølk, egg, pelsdyrskinn, poteter, grønsaker, frukt og bær.

§ 2 første og annet ledd skal lyde:

For å fremja fyremålet etter § 1 skal det vera eit omsetningsråd med 11 medlemer.

Departementet oppnemner medlemer med personlege varamedlemer for kvar av desse:

Norges Bondelag

Norsk Bonde og Småbrukarlag

Ein fellesrepresentant for Handelens- og Servicenæringens Hovedorganisasjon og Coop NKL BA

Tine BA

Nortura BA

Norske Felleskjøp

Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Norsk Landbrukssamvirke

Ein fellesrepresentant for Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund, Norges Frukt- og Grønnsaksgrossisters Forbund, NHO Mat og Drikke og Norkorn

Landbruks- og matdepartementet.

§ 3 første ledd første og annet punktum skal lyde:

Departementet oppnemner leiar og nestleiar. Rådet er vedtaksført når 6 medlemer møter.

§ 3 tredje og fjerde ledd oppheves.

Nåværende femte ledd blir tredje ledd.

Nåværende sjette og syvende ledd blir fjerde og femte ledd og skal lyde:

Departementet kan gjeva nærare fyresegner um rekneskapsuppsetjinga, um emnet for meldinga og um kunngjering av rekneskap og melding. Departementet oppnemner revisor, som skal føre tilsyn med rekneskapa.

Oppgåvene med å førebu sakene for rådet, følgje opp vedtaka og krevje inn og administrere avgiftsmidlane vert lagt til det organet som departementet fastset. Til dette organet kan rådet delegere myndigheit til å treffe vedtak i saker som ikkje er av prinsipiell karakter.

§ 4 annet ledd første punktum skal lyde:

Utgiftene som staten har i samband med rekneskapsrevisjon og dei oppgåvene som nemnde i § 3 siste ledd, skal greidast ut av dei avgiftene som vert pålagde med heimel i denne lova.

§ 5 annet ledd skal lyde:

På grunnlag av dette kan Kongen for upp til 1 år um gongen leggja på avgifter ved umsetnaden av kjøtt av storfe, sau, svin, fjørfe og reinsdyr, korn og oljefrø, mjølk, egg, pelsdyrskinn, poteter, grønsaker, frukt og bær etter dei føresegnene som er nemde nedanfor.

§ 5 a skal lyde:

For å setja i verk produksjonsregulerande tiltak for mjølk som er fastsette i medhald av jordbruksavtalen eller Stortinget sitt vedtak, kan Kongen leggje ei avgift på omsetnaden av mjølk ut over tildelt part av den totale produksjonen (kvote), herunder mjølk som er produsert i strid med føresegner gitt i medhald av lova.

Departementet kan gje nærmare føresegner om kvote etter første ledd.

§ 11 fjerde ledd første punktum skal lyde:

Departementet kan med endeleg verknad gjera om Omsetningsrådet sine vedtak om bruk av avgiftspengar etter fyrste ledd dersom vedtaket er i strid med lov, føresegner, eller gjeldande jordbruksavtale.

§ 12 oppheves.

II

Loven gjelder fra den tid Kongen bestemmer.

Berit Brørby Asmund Kristoffersen
president sekretær