Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden
Stortingspresident Kirsti Kolle Grøndahl mottek rapporten frå kommisjonens leiar Ketil Lund 28. mars 1996

Stortingspresident Kirsti Kolle Grøndahl mottek rapporten frå kommisjonens leiar Ketil Lund 28. mars 1996. Foto: Gunnar Lier/NTB.

Lund-kommisjonen

Stortinget sette i 1994 ned ein kommisjon, under leiing av høgsterettsadvokat Ketil Lund, som skulle granske påstandar om ulovleg overvaking av norske borgarar frå 1945 og framover.  

Granskinga retta seg mot Politiets overvåkningstjeneste (POT), Forsvarets etterretningstjeneste og Forvarets sikkerhetstjeneste.  
 
Lund-kommisjonen leverte sin rapport til Stortingets presidentskap 28. mars 1996. Kommisjonen konkluderte med at deler av overvakinga gjennom dei såkalla hemmelege tenestene, hadde vore ulovleg. 
 
 
 

Bakgrunnen for granskinga 

På slutten av 1980-tallet og byrjinga av 1990-tallet verserte det rykte, medieoppslag og bøker som hevda at det hadde føregått ulovleg politisk overvaking i Noreg, og at det hadde vore uformelle og upassande band mellom Arbeiderpartiet og dei hemmelege tenestene. 
 
Bøker som «Vi som styrer Norge. Arbeiderpartiet og de hemmelige tjenestene» av Viggo Johansen, Pål T. Jørgensen og Finn Sjue (1992) og «De visste alt … Rapporter fra niende etasje» av Alf. R Jacobsen, Finn Sjue og Ronald Bye (1993) skapte store overskrifter i media. Avsløringar og påstandar om irregulære tilstandar i overvakinga, tette forhold mellom Arbeiderpartiet og dei hemmelege tenestene. På starten av 1990-talet var det jamvel rykte om ei skjult fjerde statsmakt, som opererte utanfor lova sine rammer og utanfor demokratisk kontroll. 

0038689.jpg

1. mai 1963 i Oslo. Demonstrasjonstog arrangert av Komiteen for faglig enhet med støtte av Sosialistisk Folkeparti (SF) og Norges Kommunistiske Parti (NKP). Parole: Norge ut av NATO. Foto: ukjent / Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek (CC BY-NC-ND)

Etter at kommunismen fall i Aust-Europa rundt 1990, og det tryggleikspolitiske biletet var endra, låg forholda til rette for å undersøkje kva som eigentleg hadde gått føre seg under den kalde krigen.  
 
Dei hemmelege tenestene hadde vore granska også tidlegare, først gjennom Mellbye-utvalet i 1967. Seinare var det fleire regjeringsoppnemnde kommisjonar i arbeid tidleg på 1990-tallet. At granskingane vart sett i verk av ei regjering frå Arbeiderpartiet, som sjølv var skulda for å ha tette band til dei hemmelege tenestene og skulle ha vore innblanda i ulovleg overvaking, svekka tilliten til at alle korta kom på bordet. Det kom stadig nye avsløringar om irregulære forhold. 
 
I 1994 var det eit samrøystes storting som sette ned granskingskommisjonen, sjølv om dei andre partia opplevde Arbeiderpartiet som motvillige. 
 

Mandatet 

Den førebuande handsaminga var lagd til ein særskild stortingskomité, oppnemnd 8. desember 1993, og med dei parlamentariske leiarane som medlemmer. Innstillinga frå komiteen vart handsama av Stortinget i plenum 1. februar 1994. Det vart vedteke ei eiga lov for å gje kommisjonen høve til å innkalla vitne til avhøyr. 
 
Oppdraget til kommisjonen var, slik det heiter i innstillinga, å:  «granske alle forhold i forbindelse med påstander om at politiets overvåkningstjeneste, Forsvarets sikkerhetstjeneste, og Forsvarets etterretningstjeneste, eller personer knyttet til disse tjenester, har vært engasjert i ulovlig eller irregulær overvåking av norske borgere. De eventuelle saker og spor som måtte finnes i de offentlige tjenester, skal følges og avklares så langt dette er mulig. I denne samanheng skal kommisjonen særlig ha for øyet disse tjenesters eventuelle samarbeid med partier, organisasjoner eller institusjoner. Granskningskommisjonen skal så vidt mulig klarlegge når eventuelle saker eller prosjekter ble påbegynt, hvordan de utviklet seg og når de ble avsluttet». 
 

Kommisjonen 

Høgsterettsadvokat Ketil Lund vart beden om å leia kommisjonen. I kommisjonen sat òg Berge Furre, historikar og tidlegare stortingsrepresentant og leiar av Sosialistisk Venstreparti. Dei andre medlemmene var advokat Regine Ramm Bjerke, generalmajor Torkel Hovland og likestillingsombod Ingse Stabel. Sekretær for kommisjonen var førstestatsadvokat Hans-Petter Jahre. Kommisjonen nytta seg av ei rekkje spesialrådgjevarar i arbeidet. 
 
NTB_th3ImhXtI10_840.jpg

Gruppebilde av Lund-kommisjonen sammen med Stortingets president og visepresident etter at kommisjonen hadde overlevert sin rapport. F.v. Torkel Hovland , Edvard Grimstad, Hans Petter Jahre, Kirsti Kolle Grøndahl, Regine Ramm Bjerke, Ingse Stabel, Ketil Lund, Dag Jostein Fjærvoll, Berge Furre og Jan P. Syse. Foto: Gunnar Lier/NTB.

Arbeidet med granskinga 

Granskingskommisjonen brukte avhøyr, samtalar og arkivundersøkingar som grunnlag for rapporten. Både politikarar, sentrale personar frå parti og organisasjonar som var hadde særskild interesse for dei hemmelege tenestene, samt personar med bakgrunn frå tenestene blei kalla inn til avhøyr. Det vart aldri naudsynt for kommisjonen å tvinge nokon til å gje forklaring med heimel i særlova.  
 

Rapporten 

Lund-kommisjonen leverte sin særs omfattande rapport til Stortingets presidentskap 28. mars 1996. Rapporten fekk stor merksemd. Stortinget hadde før dette ikkje hatt si eiga internettside, men interessa for rapporten gjorde at en oppretta stortinget.no for å kunne gjere Lund-rapporten tilgjengeleg for så mange som mogeleg.  
 
Rapporten avdekte at norske tryggingstenester gjennom store delar av etterkrigstida dreiv ulovleg, politisk motivert overvaking av venstresida, ofte utan klar heimel, under mangelfull kontroll og med praksisar som i periodar var i strid med gjeldande regelverk. Dette utløyste eit stort rettsoppgjer og etableringa av nytt kontrollregime. 
 
Lund-kommisjonen konkluderte med at det gjennom fleire tiår etter 1945 hadde føregått ulovleg og omfattande politisk overvaking i Noreg, særleg retta mot venstresida. Det var eit omfattande samarbeid mellom Politiets overvåkningstjeneste, og dels Etterretningstjenesten, og Arbeidarpartiet.  
 

Stortinget si handsaming av rapporten 

Rapporten vart send til handsaming til kontroll- og konstitusjonskomiteen. Komiteen gjennomførde fem høyringar i saka, som vart følgd med stor interesse av mediene og offentlegheita. Særleg høyringa av den tidlegare partisekretæren i Arbeidarpartiet, Haakon Lie, skapte stor interesse. 
 
Då Lund-rapporten, dokument nr. 15 (1995-1996), vart handsama i plenum 16. juni 1997, vart det bestemd at det skulle gjevast ein avgrensa rett til innsyn i overvakingspolitiet sine arkiv for dei som var overvaka. Det skulle og gjevast ei erstatning på inntil kroner 100 000,- til dei som hadde vore utsett for ulovleg overvaking. Lova om innsyn og erstatning vart sett i kraft frå 1. januar 2000, og fristen for å nytte seg av ordninga gjaldt til 31.desember 2002. Det vart sett ned eit eige utval for å handsame krav.
 

Furre-saka

Kort tid etter at Lund-kommisjonen hadde avgjeve sin rapport, kunne Dagbladet avsløre at «Furres mappe økte mens han gransket», som det heitte i ei overskrift i avisa 24. mai 1996. På dette tidspunktet var EOS-utvalet oppretta, eit fast utval som skulle føre kontroll med etterretnings-, overvakings- og sikkerhetstenestene. Utvalet granska påstandene i Dagbladet. Det vart stadfesta at overvakingspolitiet hadde sendt førespurnad til tysk etterretningsteneste om Furre var nemnd i arkiva etter Stasi. Det fanst ei mistanke om at Furre hadde vore agent for den østtyske etterretningstenesta, noko som var avkrefta. Overvakingspolitiet ville óg vite kva opplysningar Lund-kommisjonen hadde fått av tysk etterretningsteneste.
 
Avsløringa førte til at leiaren for Politiets overvåkningstjeneste, Hans Olav Østgaard, måtte gå av. Det måtte óg Grete Faremo. Ho var olje- og energiminister, men hadde vore justisminister då etterforskninga pågjekk.
 
 
Sist oppdatert: 17.04.2026 15:41
: