Til Stortinget
Etter Grunnlova skal stortingsmandata si fordeling mellom dei
ulike valdistrikta gjerast kvart åttande år. Fylka er valdistrikta.
Kommunal- og regionaldepartementet offentleggjorde 7. mai 2012 fordelinga som
skal gjelda for stortingsvala i 2013 og 2017. Til grunn for denne
fordelinga av stortingsmandat ligg innbyggjartalet i fylket og fylket
sitt areal.
Berre norske borgarar kan verta valde som stortingsrepresentantar.
Paragraf 50 i Grunnlova seier at berre norske borgarar kan røysta
ved stortingsval. I paragraf 57 er derimot omgrepet «Indvaaner»
brukt. Kommunal- og regionaldepartementet si forståing av dette
omgrepet gjer at det no er skilnad på grunnlaget for utrekning av
mandatfordelinga til Stortinget og dei som har røysterett i valdistriktet.
Det er ikkje noko som tyder på at valet av nemnde omgrep i paragraf
57 var tilsikta å gje denne skilnaden. Forslagsstillarane ser det
som viktig å få retta opp i dette gjennom eintydig omgrepsbruk.
Forslagsstillarane føreslår difor at paragraf 57 i Grunnlova
vert endra slik at det er talet på norske borgarar i valdistriktet,
ikkje talet på registrerte innbyggjarar uavhengig av statsborgarskap,
som saman med valdistriktet sitt areal, skal liggja til grunn for fordelinga
av stortingsmandat.
På denna bakgrunn vert det fremja følgjande
forslag:
§ 57 femte ledd skal lyda:
Alternativ A (gjeldande målform):
Det Antal Storthingsrepræsentanter, som bliver at vælge fra hvert
Valgdistrikt, bestemmes paa Grundlag af en Beregning af Forholdet
mellem hvert Distrikts Antal norske Borgere samt Areal, og det hele Riges
Antal norske Borgere samt Areal, naar
hver Borger giver 1 Point og hver Kvadratkilometer
giver 1,8 Point. Beregningen bliver at foretage hvert ottende Aar.
Alternativ B (bokmål og nynorsk):
Det antall stortingsrepresentanter som skal velges fra hvert
valgdistrikt, beregnes på grunnlag av forholdet mellom distriktets
antall norske borgere samt areal, og hele rikets antall norske borgere
samt areal. I denne beregning gir hver borger 1 poeng og hver kvadratkilometer
1,8 poeng. Beregningen skal foretas hvert åttende år.
–
Talet på stortingsrepresentantar som skal veljast frå kvart valdistrikt,
blir utrekna på grunnlag av høvet mellom talet på norske borgarar
og flatevidda i distriktet på den eine sida og talet på norske borgarar
og flatevidda i heile riket på den andre sida. I denne utrekninga
gjev kvar borgar 1 poeng og kvar kvadratkilometer 1,8 poeng. Utrekninga
skal gjerast kvart åttande år.
Per Olaf Lundteigen | Lars Peder Brekk | Jenny Klinge |
Referert i Stortingets møte 28. september 2012.
«Forslaget blir under presidentens ansvar å bekjentgjøre ved
trykken for å komme til avgjørelse på første, annet eller tredje
storting etter neste valg.»
Dag Terje Andersen |
president |
28. september 2012