Vedlegg 3: Brev til næringskomiteen fra Nærings-og handelsdepartementet v/statsråden, datert 28.oktober 1998

Spørsmål om budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet Bedriftenes Rådgivningtjeneste (BRT):

Eg syner til brev frå næringskomiteen datert 12. oktober 1998 om ovannemnde.

  • a) På kva tidspunkt er det fatta vedtak om å leggja ned Bedriftsrådgjevingstenesta (BRT) og korleis har Stortinget fått orientering om dette?

Departementet har i St meld nr 41 (1997-98) «Næringspolitikk inn i det 21. århundret» lagt fram forslag for Stortinget om å avvikle det direkte tilskotet til BRT frå og med 1999. Det blir samstundes foreslått oppretta eit program for økonomisk administrativ rådgjeving gjennom SND.

Forslaget i stortingsmeldinga er følgt opp i budsjettet for Nærings- og handelsdepartementet for 1999. SND er nå i ferd med å utvikle den nye ordninga i tråd med overordna retningsliner frå departementet.

BRT består av uavhengige konsulentfirma i kvart fylke, som i mange tilfelle vil kunne eksistere utan tilskot frå staten. Det er difor ikkje rett å seie at Nærings- og handelsdepartementet har fatta vedtak om å leggje ned BRT. Når den nye ordninga blir sett i kraft kan BRT selskapa søke om å stå som operatør for ordning på lik line med konkurrentar i same fylke.

  • b) Kva er stoda når det gjeld eigarkonstellasjonar og driftsansvar for BRT i det einskilde fylket?

BRT er uavhengige rådgjevingsselskap med eigne styre, og dei har med eit par unntak vore 100% eigd av fylkeskommunane. Staten har i så måte ikkje ansvar for drift av selskapa. Eg har informasjon om at det mange stader går i retning av at selskapa blir privatiserte ved at fylkeskommunane sel BRT selskapa, enten til andre konsulentselskap eller ved at dei tilsette går inn som eigarar. Vidare er ege informert om at fleire fylkeskommunar framleis vil stå som kunde i BRT selskapet.

  • c) Korleis vil Regjeringa sikra

  • – at rådgjevingstenesta vert ivareteken og eventuelt vidareutvikla i alle regionane i landet?

Regjeringa vil sikre eit tilbod innanfor økonomisk administrativ rådgjeving for dei minste bedriftene med under 10 tilsette og etablerarar gjennom det nye SND programmet. Programmet skal vere landsdekkjande.

  • – at ei ny ordning ikkje vert meir byråkratisk enn den eksisterande?

Den nye ordninga vil ikkje bli meir byråkratisk enn den eksisterande idet bedriftene ikkje skal måtte søke om å dra nytte av henne. På bakgrunn av anbodsrundar i regi av distriktskontora skal SND velje ut lokale operatørar for ordninga. Bedriftene vil få eit tilbod om ein kombinasjon av gratis-tenester og tenester der ein må pårekna ein eigendel.

  • – at samarbeidstiltak med arbeidskontora m.fl. vert vidareført?

Distriktskontora til SND skal koordinere det nye programmet i forhold til anna programverksemd (ENT, FRAM og ordninga med etableringsstipend) og nærliggjande verkeområde til andre lokale aktørar, til dømes tiltak gjennom arbeidskontora og landbruksavdelinga til fylkesmannen (FMLA).

  • – habiliteten når same instans har ansvar for både rådgjeving og økonomisk støtte til etablering?

SND sine distriktskontor skal ikkje sjølve gjennomføre rådgjeving og rettleiing, men setje ut desse oppdraga for staten. Eg ser difor ikkje grunnlag for at det skal oppstå problem knytt til spørsmålet om habilitet.

Regjeringa er av den meining at den nye strukturen for løyve av middel innanfor området, vil dekkje behovet for offentleg finansiert rådgjeving og rettleiing på det økonomisk/administrative feltet på ein god måte.