Vedlegg 4: Brev til næringskomiteen fra Nærings-og handelsdepartementet v/statsråden, datert 27.oktober 1998

Spørsmål om budsjettet - kap 966, Støtte til skipsbygging

Eg syner til Dykkar telefaks av 13. oktober 1998.

1997 var et særs godt år for den norske verftsindustrien. Den store etterspurnaden etter farty til den offshore-relaterte verksemda i Nordsjøen og dei reduserte støttesatsane for 1998 er nokre av årsakene til den store kontraktinngåinga.

Hittil i år har kontraktinngåinga vore lågare enn det som har vore normalt dei seinaste åra. 1998-kontraktar som vart framskunda til 1997 og lågare støttesatsar samanlikna med maksimalsatsane i EU har medverka til dette.

Den internasjonale konjunkurutviklinga, mellom anna den økonomiske stoda i Asia har stor innverknad på kontraktinngåinga i skipsbyggingsindustrien. Vidare kan avviklinga av den kontraktsrelaterte støtta i EØS-området frå og med 2001 føre til at kontraktar blir framskunda. Skilnaden i støttesatsar mellom land har òg verknader på konkuransetilhøva. Nettoverknaden av desse tilhøva vil derfor vere uviss.

Dersom støttesatsane blir heva frå 7,0 og 3,5 pst. til 9,0 og 4,5 pst., vil det etter departementet si vurdering bli nødvendig å auke løyvinga med om lag 250 mill. kroner til 757,5 mill. kroner. Vi gjer marksam på at overslaget er uvisst. Verknadene kan bli større. Då kan ei løyving på 250 mill. kroner bli for lita.