Innleiing

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigvald Oppebøen Hansen, Reidar Sandal, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen og Signe Øye, frå Høgre, Peter Skovholt Gitmark, Hans Kristian Hogsnes og Kari Lise Holmberg, frå Framstegspartiet, Torbjørn Andersen og Per Sandberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen og Heikki Holmås, frå Kristeleg Folkeparti, Anita Apelthun Sæle og Ivar Østberg, og frå Senterpartiet, leiaren Magnhild Meltveit Kleppa, fremjar i denne innstillinga forslag om løyvingar på statsbudsjettet for 2004 under dei kapittel og postar som er fordelte til komiteen under rammeområda 6 og 7. Komiteen viser til ansvarsområdet sitt, Kommunal forvaltning, og handsaminga av den årlege kommuneproposisjonen, og har på bakgrunn av dette funne det føremålstenleg også å ta med merknader om kommuneøkonomien i eit eige kapittel. Når det gjeld løyvingane til rammetilskot til kommunesektoren, viser komiteen til rammeområde 19 i Budsjett-innst. S. nr. 1 (2003-2004).

Komiteen vil gjere merksam på at ein fraksjon med halvparten av medlemene i komiteen (7 av 14), vil utgjere eit fleirtal dersom leiaren er med i vedkomande fraksjon.