3. Administrasjon og økonomiske konsekvensar

       Departementet vil særleg peike på at såvel stillingar til køyretøykontroll som til sensorpersonell skal finansierast ved kontrollgebyr og førarkortgebyr.

       Dei økonomiske konsekvensane av innføringa av EØS-avtala sin tekniske køyretøykontroll er omtalt i St.prp. nr. 1 (1992-1993).

       Dei administrative konsekvensane for Statens vegvesen av den nye køyretøykontrollen er i dag ikkje klarlagt.

       Dei økonomiske konsekvensane av det nye førarkortopplegget er omhandla i St.prp. nr. 1 (1993-1994). Departementet vil kome attende til saka i ein stortingsproposisjon.

Komiteens merknader

       Komiteen har merka seg at departementet vil komme tilbake til de økonomiske konsekvensene av det nye førerkortopplegget i en stortingsproposisjon.

       Komiteen har ellers ingen merknader til kap. 3.