Innstilling frå næringskomiteen om lov om endringar i lov av 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten m.m.

Dette dokument

  • Innst. O. nr. 7 (1995-1996)
  • Kildedok: Ot.prp. nr. 75 (1994-95)
  • Dato: 26.10.1995
  • Utgiver: næringskomiteen

1. Samandrag

       Regjeringa gjer i proposisjonen framlegg om endring i § 40 om forelding av odelsløysingsrett i lov av 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten. Bakgrunnen for framlegget er at retten til odelsløysing i dag i er to år. Fristen vert rekna frå dokument som gir den nye eigaren full heimel, vert tinglyst. Ved friviljug overtaking vert fristen rekna frå bruksovertakinga. Så lang frist gir uvisse for den som tek over eigedom, og vert ikkje rekna som naudsynt for den som tek over eigedom. Det er derfor framlegg om at fristen vert endra til eitt år.

       Framlegget om endring var opphaveleg Næringslovutvalet sitt. Utvalet gjorde òg framlegg om 6 månaders frist når dei som har odelsrett er varsla om skiftet i eigedomsretten.

       Høyringsinstansane har stort sett slutta seg til framlegget om å setje ned fristen frå to til eitt år. Mange gjekk mot framlegget om å setje ein frist på 6 månader når dei som har odelsrett er varsla, m.a. fordi det kan gje ulik handsaming av dei med odelsrett. Dei med best rett ville få berre 6 månader på å krevje løysing, medan dei med svakare rett ville få eitt år. Departementet gjer derfor ikkje framlegg om ei slik endring.

       Det vert òg gjort framlegg om nokre naudsynte endringar i odelslova og tinglysingslova som det ikkje vart gjort framlegg om i samband med ny jordlov.

       Endringane i odelslova vert sett i verk frå den tid Kongen fastset. Der fristen for å krevje odelsløysing har byrja å gå, gjeld toårsfristen.

2. Merknader frå komiteen

       Komitéfleirtalet, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, frå Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, frå Høgre, leiaren, Kristin Krohn Devold og Dag C. Weberg, frå Kristeleg Folkeparti, Lars Gunnar Lie, og frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm, støttar forslaget frå Regjeringa om å setja ned foreldingsfristen ved odelsløysing frå to til eitt år.

       Ut frå dei tilhøva vi har i dag, meiner fleirtalet at forslaget er fornuftig. Det er ynskjeleg for nye eigarar å få raskare avklaring av eigedomshandel der ein har odelsrettshavarar som har moglegheit for å nytte retten sin. Fleirtalet støttar Regjeringa i at fristreglane elles ikkje vert endra. Nedkorting av fristen til 6 månader der odelsrettshavarane er skriftleg varsla, vert dermed ikke imøtekome.

       Fleirtalet vil gjeva til kjenne at dei endringane som no vert gjort i odelslova ikkje endrar den målsetjinga som odelslova skal ta i vare.

       Fleirtalet har ikkje merknader til forslaget om dei naudsynte endringane av odels- og tinglysingslova som må gjerast i høve til tidlegare vedteke jordlov.

       Komitémedlemen frå Sosialistisk Venstreparti, Reidar Johansen, går mot dei endringane i lov av 28. juni 1974 nr. 58 § 40 som Regjeringa legg opp til.

       Denne medlemen er av den oppfatning at framlegget vil svekkje odelsretten. Forslaga går inn i ei lang rekkje av forslag som har til føremål å mjuke opp eigarstrukturen i landbruket. Dette kjem særskilt fram i Alstadheim-utvalet sitt arbeid og seinare i St.prp. nr. 8 (1992-1993) Landbruk i utvikling. Denne medlemen viser til Sosialistisk Venstreparti sine merknader i denne samanheng. Landbruksdepartementet sine merknader til forslaget, gjengjevne i proposisjonen, dokumenterer òg denne tenkinga.

       Denne medlemen vil òg vise til dei merknadene fleire av høyringsinstansane har kome med, m.a. Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Denne medlemen vil difor gå mot endringane i § 40 som referert og stemme mot forslaget.

3. Tilråding frå komiteen

       Komiteen har elles ikkje merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere slikt

vedtak til lov
om endringar i lov av 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten m.m.

I.

Lov av 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten § 40 første stykket første punktum skal lyde:

       Retten til odelsløysing må gjerast gjeldande innan 1 år frå den dagen då dokument som gjev den nye eigaren full heimel blir tinglyst.

II.

Lov av 7. juni 1935 nr. 2 om tinglysing § 12 a andre stykket skal lyde:

       Dokument som går ut på å stifte eller overdra noen rett som rammes av delingsforbudet i jordlova kan ikke tinglyses uten at departementet har samtykket i delingen.

Lov av 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten § 31 første stykket andre punktum skal lyde:

       Odelsfrigjering kan likevel ikkje skje andsynes dei som etter konsesjonslova § 6 nr 1 kunne kjøpe eigedomen utan at staten har forkjøpsrett, medmindre det gjeld eigedom der arealet er under 30 dekar, eller vilkåra for oreigning etter jordlova § 13 ligg føre.

III.

1. Del I i lova tek til å gjelde frå ein dato Kongen set fast. Del II tek til å gjelde straks.
2. Del I i lova gjeld ikkje der odelsløysingsfristen etter odelslova § 40 første eller andre stykket har teke til å løpe før iverksetjingsdatoen.

Oslo, i næringskomiteen, den 26. oktober 1995.

Svein Ludvigsen, Syver Berge, William Engseth,
leiar. ordførar. sekretær.