1. Generelt om lovframlegga

1.1 Samandrag

       Framlegga til kyrkjelov og ny gravferdslov sluttar førebels av det kyrkjelege reformarbeidet som vart sett i gang på grunnlag av Stortinget si handsaming av meldinga om stat og kyrkje, jf. Innst.S.nr.265 (1980-1981). Departementet har teke omsyn til viktige synspunkt som kom fram under den omfattande høyringa om kyrkjelovutvalet si utgreiing frå 1989 ( NOU 1989:7 Den lokale kirkes ordning). Eit utkast til lovendringar vart i 1994 send til Kyrkjemøtet til uttale.

       Eit hovudsiktemål med lovframlegga er å gjere enklare og systematisere kyrkjelovgjevinga og samstundes sanere reglar som dels ikkje lenger er aktuelle, dels er lite tilpassa eller i samsvar med den faktiske og rettslege utviklinga. I alt 13 lover vert å oppheva.

       Lovframlegga vidarefører kommunane sitt økonomiske ansvar for den kyrkjelege verksemda i sokna. Departementet gjer framlegg om å overføre kyrkjeleg forvaltingsmynde frå kommunale til reint kyrkjelege organ, men ikkje om endringar i omfanget og innhaldet av den lokale kyrkjeforvaltinga. Framlegga er difor ikkje føresett å krevje ein auke i dei samla økonomiske og administrative ressursane som i dag er knytte til den lokale kyrkjeforvaltinga, eller endringar i den økonomiske ansvarsdelinga mellom stat og kommune.

1.2 Komiteen sine merknader

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Ottar Kaldhol, Marit Lefdal, Trond Mathisen, Tomas Norvoll, Marit Nybakk og Oddbjørg A. Starrfelt, frå Senterpartiet, Jørgen Holte, Sigurd Manneråk og Rita H. Roaldsen, frå Høgre, Jan Tore Sanner og Siri Frost Sterri, frå Sosialistisk Venstreparti, Jon Bakken, frå Kristeleg Folkeparti, Jon Lilletun, samt representanten Ellen Chr. Christiansen, syner her til innleiande merknader til kyrkjelova.