8. Endring i selskapsskattelova

Samandrag

       Departementet gjer med dette framlegg om at selskapsskattelova vert endra slik at det framgår klart av ordlyden at tilbakebetaling av innbetalt overkurs skal gå til frådrag i aksjane sin inngangsverdi frå tilbakebetalingstidspunktet.

       Selskapsskattelova § 5-6 omhandlar tidspunktet for regulering av inngangsverdien på aksjar ved nedskriving av aksjekapitalen og tilbakebetaling til aksjonæren. Vidare byggjer føresegna på prinsippet om at inngangsverdien vert redusert når aksjonæren får tilbakebetalt pengar som han i si tid betalte for aksjane. Ein føreset at det dreier seg om ei tilbakebetaling av innbetalt aksjekapital og ikkje utbetaling av avkastning på aksjane. Føresegna seier derimot ikkje noko om behandlinga av tilbakebetaling av innbetalt overkurs.

       Departementet legg til grunn at det same prinsippet gjeld for tilbakebetaling av innbetalt overkurs som for tilbakebetaling av innbetalt aksjekapital, uansett om tilbakebetalinga skjer direkte frå reservefondet eller via fondsemisjon med overkursmidlar og nedskriving av aksjekapitalen som det ovanfor er gjort greie for. Det vil seie at tilbakebetalinga vil redusere aksjane sin inngangsverdi tilsvarande det tilbakebetalte beløp frå tilbakebetalingstidspunktet. Dette gjeld også om det er ein seinare aksjekjøpar som etter kjøpet sitt får denne tilbakebetalinga.

       Fordi det ikkje går klart fram av ordlyden i selskapsskattelova § 5-6 at tilbakebetaling av innbetalt overkurs skal gå til frådrag i aksjane sin inngangsverdi, gjer departementet framlegg om endring i denne føresegna slik at dette vert presisert. Endringa inneber også ei presisering av at tidspunktet for reduksjon i inngangsverdien er tilbakebetalingstidspunktet.

       Departementet syner til framlegg til endring av selskapsskattelova § 5-6. Departementet gjer framlegg om at endringa trer i kraft straks.

Komiteens merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag til endring av selskapsskatteloven § 5-6.