7. Nærmare om gjennomføring av postrøysting (proposisjonen kap. 8)

       Forslaget om å overlate ansvaret for å gjennomføre førehandsrøysting innanriks til Postverket inneber at Postverket skal ta imot førehandsrøyster på fire ulike måtar. Det gjeld røysting på postkontora, røysting til landpostbod, førehandsrøysting på institusjonar og ambulerande røystmottak. Nedanfor gjer vi nærmare greie for korleis røystinga skal gå føre seg ved dei ulike alternativa.

7.1 Røysting på postkontora

       Røysting på postkontora går føre seg på den måten at veljaren melder seg i ei ekspedisjonsluke og leverer valkortet sitt saman med legitimasjon dersom ikkje postfunksjonæren kjenner veljaren frå før. Når postfunksjonæren har kontrollert at valkortet og legitimasjonen er i orden, får veljaren utlevert ein røystesetelkonvolutt.

       Veljaren tek med seg røystesetelkonvolutten inn i eit røysteavlukke, som skal finnast på alle postkontor.

       Når veljaren har lagt ein røystesetel i røystesetelkonvolutten, må han/ho på nytt melde seg i luka. Røystmottakaren legg røystesetelkonvolutten i ein omslagskonvolutt saman med valkortet, slik at adressa til valstyret kjem fram i vindauget på konvolutten. Etter å ha lima att omslagskonvolutten, leggjer røystmottakaren konvolutten i ei forsegla valurne eller anna forsegla kasse i påsyn av veljaren. Denne rutinen vil i større grad sikre at valkortet blir lagt på rett plass i omslagskonvolutten slik at det fungerer som adressering (det er meininga at omslagskonvolutten skal vere ein vindaugskonvolutt). Dermed får også røystmottakaren høve til å krysse av på valkortet om han meiner at veljaren ikkje er ved full sans og samling. Departementet foreslår at denne rutinen også blir følgd når landpostbod tek imot røyster, på institusjon og ved ambulerande røystemottak.

       Postfunksjonæren skal føre liste over alle mottekne førehandsrøyster og kvittere på lista for alle mottak.

       Urnene og listene over mottekne førehandsrøyster skal vere låste ned om natta.

       Det skal alltid vere minst to postfunksjonærar til stades når dei forsegla valurnene blir opna og førehandsrøystene blir pakka for vidaresending til valstyra.

       Førehandsrøystinga ved sametingsvalet skal avviklast samtidig med førehandsrøystinga ved stortingsvalet. Postkontora må derfor også ha valmateriell som blir brukt ved sametingsvalet. Røystesetel til sametingsvalet blir lagd i eigen (blå) røystesetelkonvolutt. Dersom ein veljar røystar ved begge vala, legg ein begge røystesetelkonvoluttane saman med valkortet i den same omslagskonvolutten. Dette krev at valstyret og samevalstyret etablerer eit samarbeid når det gjeld framlegginga av førehandsrøystinga i kommunar der det ordinære valstyret ikkje også er samevalstyre.

       Departementet har kome til at det kan skape problem å skaffe røysteavlukke som har plass til røystesetlar for alle godkjende vallister, i tillegg til røystesetlar berre med partinamn eller valliste-namn. Departementet vil derfor gå inn for at ein innfører same ordninga for førehandsrøystmottak ved postkontor som i dag gjeld ved røysting på pasientrom (og som er tenkt nytta ved røysting til landpostbod). Røystmottakaren leverer ein røystesetel for kvar godkjend valliste i fylket ved stortingsval og fylkestingsval og i kommunen ved kommunestyreval. Veljarar som ikkje har røysterett i fylket (ved stortingsval og fylkestingsval) og i kommunen (ved kommunestyreval), får utlevert ein røystesetel for kvar valliste utan kandidatnamn. Veljaren skal sjølv behalde dei ubrukte røystesetlane.

7.2 Røysting til landpostbod

       I førehandsrøystingsperioden må landpostboda ha med seg røystemateriell og forsegla valurne for å kunne ta imot førehandsrøyster frå veljarar som ønskjer å røyste.

       Etter at landpostbodet har kontrollert valkortet til veljaren og eventuelt identiteten til veljaren, får veljaren utdelt ein røystesetelkonvolutt. Dersom veljaren ikkje alt har røystesetlar, skal han/ho få ein konvolutt som inneheld ein røystesetel for kvar liste som er med i valet. Veljaren skal behalde dei røystesetlane som ikkje blir nytta.

       Ved røysting til landpostbod gjeld kravet om at røystinga skal gå føre seg i einerom og usett så langt det let seg gjere. Veljaren kan be landpostbodet gå over i eit anna rom eller sjølv gå over i eit anna rom. Landpostbodet vil likevel ha eit ansvar for å sjå til at ikkje eventuelle andre personar som er til stades, legg press på veljaren med omsyn til kva vedkomande skal røyste.

       Landpostbodet skal - til liks med funksjonærane på postkontora - føre ei liste over mottekne førehandsrøyster og kvittere på lista for kvart mottak.

       Departementet kan ikkje sjå at to landpostbod skal måtte vere saman om å ta imot førehandsrøyster.

7.3 Førehandsrøysting på institusjonar

       Valstyret skal som før gjere vedtak om til kva for tider og ved kva for institusjonar i kommunen det skal arrangerast eiga førehandsrøysting. Vedtaket blir gjort etter forslag frå Postverket. Valstyret har ansvaret for å informere Postverket i kommunen om vedtaket og kunngjere ei oversikt over tid og stad for førehandsrøysting på institusjonane i den eller dei avisene som er mest lesne på staden og ved oppslag på dei aktuelle institusjonane. Førehandsrøysting på institusjonar bør leggjast så seint i førehandsrøysteperioden som mogleg.

       Postverket får ansvaret for å gjennomføre førehandsrøystinga på institusjonane, men må ta nødvendig kontakt med leiinga i den enkelte institusjonen for å avtale nærmare opplegg for førehandsrøystinga.

       Røystinga for bebuarar/pasientar som er oppegåande, går føre seg som omtalt om røysting på postkontora.

       Etter at røystinga for oppegåande pasientar/bebuarar er avslutta, skal postfunksjonærane gå rundt på romma til sengeliggjande bebuarar/pasientar som har gitt uttrykk for at dei ønskjer å røyste.

7.4 Ambulerande røystmottak

       Tilbodet om og vilkåra for ambulerande røystmottak skal departementet kunngjere under eitt for heile landet. Søknad om å kunne røyste heime for sjuke og uføre som ikkje er på institusjon, skal sendast valstyret, som tek imot og behandlar søknader frå veljarane og deretter informerer Postverket om avgjerda. Det er deretter Postverket som har ansvaret for å gjennomføre røystmottaket.

       Røystinga blir gjennomført på same måten som ved røysting til landpostbod.