8. Avgrensingsforskrifter m.v. og særskilde rekneskaps- og fakturareglar m.v.

Samandrag

       Skattedirektoratet har vurdert behovet for særskilde rekneskaps- og fakturareglar som følgje av departementet sitt framlegg om utrekning av avgifta på grunnlag av avansen ved omsetning av brukte varer m.v. Etter direktoratet si oppfatning er det behov for fleire nye rekneskaps- og fakturareglar.

       Det er viktig at det blir fastsett reglar som sikrar at innkjøpsverdien blir dokumentert på ein forsvarleg måte.

       Skattedirektoratet meiner vidare at det i forskrift bør setjast krav om at vidareforhandlar skal sjå til at det blir utarbeidd salsdokument også når vara blir skaffa frå ein ikkje- avgiftspliktig næringsdrivande eller frå ein privatperson.

       Departementet sitt framlegg inneber at det er avansen av den enkelte vara som skal vere grunnlaget for utrekninga av avgifta. Dette inneber at vidareforhandlaren må halde oversikt over den enkelte vara sin kjøps- og salspris. Skattedirektoratet meiner derfor at det i forskrift fastsett med heimel i meirverdiavgiftslova bør stillast krav om føring av protokoll.

       Slik Skattedirektoratet ser det, vil utrekninga av avgifta på grunnlag av avansen av den enkelte vara ikkje medføre behov for oppretting av særskilde konti i rekneskapen.

       Skattedirektoratet legg til grunn at regelen om samla terminvis avanse inneber at det må stillast krav om at det blir oppretta eigen hjelpekonto i rekneskapen, eller at det blir ført oversikt på annan måte, der det til ei kvar tid framgår kva for beløp som kan førast over til etterfølgjande termin.

       Finansdepartementet har etter meirverdiavgiftslova § 45 kompetanse til å fastsetje nærmare forskrifter om krav til rekneskap og innhald i salsdokument.

       Forskrifter som nemnt i dette kapittelet må vere fastsette før endringane etter framlegget kan ta til å gjelde. Det må vidare utarbeidast informasjonsmateriell om endringane. Etter departementet si vurdering er det og ønskjeleg at vidareforhandlarane blir gitt tid til å sette seg inn i regelverket før det tek til å gjelde.

Komiteens merknader

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Rød Valgallianse, er enig i at Finansdepartementet med hjemmel i merverdiavgiftslovens § 45 utarbeider utkast til nødvendige forskrifter om regnskap og salgsdokumenter m.v. som på vanlig måte sendes ut på høring før de endelige forskriftene fastsettes. Flertallet forutsetter at det blir satt fortgang i dette arbeidet slik at de nye særreglene kan iverksettes snarest mulig, og at nødvendig informasjon til brukerne da er tilgjengelig.

       Komiteens medlem fra Rød Valgallianse viser til sine merknader under punkt 2 foran.