2. Komiteen sine merknader

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Mimmi Bæivi, Bjarne Håkon Hanssen, Kjell Opseth, Torstein Rudihagen, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Rita Tveiten, frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm og Terje Søviknes, frå Kristeleg Folkeparti, Modulf Aukan og Anita Apelthun Sæle, frå Høgre, Anne Berit Andersen og Ivar Kristiansen, frå Senterpartiet, leiaren Odd Roger Enoksen og frå Venstre, Leif Helge Kongshaug viser til den framlagte lovproposisjonen.

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre, kan med dei presiseringar som er gjengitt nedanfor og dei presiseringar som er gitt i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 3 , slutte seg til hovudpunkta i Ot.prp.nr.2 (1997-1998) (relatert til Ot.prp.nr.33 (1996-1997).

Om oppheving av lov om rettledningstjenesten i fiskerinæringen

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre, viser til at Rettleiingstenesta sine arbeidsoppgåver har endra seg og at Rettleiingstenesta i større og større grad har utvikla seg til ein integrert del av Fiskeridirektoratet sitt ytre forvaltningsapparat. Ei eiga lov som regulerer denne etaten framstår derfor ikkje som hensiktsmessig. Fleirtalet viser til at lova har sikra service- og rettleiingsfunksjonar overfor næringsutøvarane, og er opptatt av at desse funksjonane vert ivareteke gjennom instruksar og oppgåvedefinisjonar når lova vert oppheva.

       Komiteens medlemmer fra Høyre går imot oppheving av loven og viser i denne sammenheng til egne merknader i avsnittet om sammenslåing av etatene.

Samanslåing av etatane

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre, er samd i at Rettleiingstenesta og Kontrollverket vert slått saman til ein felles ytre fiskerietat. Fleirtalet legg særleg vekt på at endra arbeidsfelt og nye oppgåver i den ytre fiskeriadministrasjonen har auka trongen for meir fleksibel utnytting av personellet.

       Fleirtalet strekar under at den nye organisasjonsmodellen må sikra klare faglege kommunikasjons- og rapporteringsrutiner i organisasjonen. Ein ny organisasjonsmodell må ikkje svekkje den faglege spesialiseringa som er naudsynt på utvalde område. Frå ulikt hald har det vorte reist spørsmål kring dei ansatte sin habilitet i høve til ulike oppgåver innan rettleiing, forvaltning og kontroll ved ei samanslåing av Rettleiingstenesta og Kontrollverket.

       Fleirtalet meiner dette er tilstrekkeleg ivaretatt i planane for omlegginga og gjennom regelverket for habilitet.

       Komiteens medlemmer fra Framstegspartiet vil understreke at Noreg treng ei nasjonal fiskeriforvalting for å sikre ei rasjonell og berekraftig skattlegging av fiskeressursane. Desse medlemene viser til at fiskeriforvaltninga skal forvalte mobile ressursar som ikkje kjenner fylkes- og kommunegrenser, og kan derfor slutte seg til departementet sitt framlegg om ei felles nasjonal forvaltning av fiskeressursane, organisert i ein statleg etat.

       Desse medlemene meiner likevel at engasjementet hos det offentlege bør avgrensast til ei effektiv ressursforvalting, med tilhøyrande kontrollfunksjonar. Framstegspartiet meiner generelt at rettleiing i reine næringsspørsmål i større grad bør verte overlatt til private, òg i fiskerinæringa. Desse medlemene vil hevde at lågare skatter og avgifter og fjerning av konkurransehemmande lovverk vil gje betre lønsemd i fiskerinæringa, slik at den enkelte næringsutøvar vert sett i stand til å kjøpa naudsynte rettleiingstenester i det private markedet.

       Desse medlemene vil likevel gje sin tilslutnad til Ot.prp.nr.2 (1997-1998) då ei samanslåing av Rettleiingstenesta og Kontrollverket til ein ytre fiskerietat vil gje ei meir fleksibel utnytting av dei samla ressursane i fiskeriadministrasjonen.

       Komiteens medlemmer fra Høyre kan ikke slutte seg til hovedpunktene i Ot.prp.nr.2 (1997-1998) (jf. Ot.prp.nr.33 (1996-1997). Disse medlemmer går imot oppheving av loven, og finner det prinsipielt betenkelig å slå sammen de to nåværende ytre etater i fiskeriforvaltningen, Fiskeridirektoratets Kontrollverk og Rettledningstjenesten i fiskerinæringen, til en etat både lokalt og regionalt. Disse medlemmer understreker den frie og uavhengige rollen som kontrollverket bør ha. Likeledes mener disse medlemmene at rettledningstjenesten må opprettholdes som en selvstendig tjenesteyter overfor fiskerinæringen. Disse medlemmer viser til at uttalelsene fra fiskerinæringen og fra de største fiskerikommunene overveldende går imot oppheving av lov om rettledningstjenesten i fiskerinæringen .

       Disse medlemmer går på denne bakgrunn imot en sammenslåing av Rettledningstjenesten for fiskerinæringen med Fiskeridirektoratets Kontrollverk. Disse medlemmer ber Regjeringen om å utrede en løsning som innebærer at Kontrollverket forblir et uavhengig statlig organ. Rettledningstjenesten bør samtidig bli et kommunalt ansvar. Det blir opp til den enkelte kommune hvordan den vil organisere rettledningsarbeidet, alene eller i samarbeid med andre kommuner. De lokale fiskeristyrene vil dermed erstattes av kommunale organer under folkevalgt kontroll.

       Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

« I.

       Ot.prp.nr.33 (1996-1997 og Ot.prp.nr.2 (1997-1998) om lov om oppheving av lov 11. juni 1982 nr. 42 om rettledningstjenesten i fiskerinæringen og endringer i visse andre lover m.m. avvises.

II.

       Stortinget ber Regjeringen utarbeide et nytt forslag til omorganisering av den ytre etat i Fiskeridirektoratet som innebærer:

- at Kontrollverket forblir et uavhengig statlig organ.
- at Rettledningstjenesten vurderes omgjort til en kommunal tjeneste. Dette innebærer at de lokale fiskeristyrene og fiskerinemndene erstattes av kommunale organer under folkevalgt kontroll.»

Nedlegging av fiskeristyra og fiskerinemndene

       Komiteen legg vekt på ei best mogleg samordning av den regionale- og lokale næringspolitikken. Dette må innebere at forholda må leggjast til rette for at den ytre fiskeriforvaltinga kan inngå meir formaliserte samarbeidsforhold med fylkeskommunar og kommunar, og andre sektororgan både regionalt og lokalt.

       Ved avvikling av fiskeristyre og fiskerinemnd er det viktig å utvikla rutiner som gjer det mogleg å ta dei regionale og lokale næringsorganisasjonane med på råd i næringspolitikken.

       Komiteen viser til at departementet understrekar at kommunane må ta eit større ansvar for fiskeri- og havbruksnæringa som ein naturleg del av deira samla lokale næringspolitiske ansvar. Kommunane har eit ansvar for å utnytte den kompetanse som dei lokale fiskerikontora representerer i fiskeri- og havbruksspørsmål. Komiteen meiner kommunane og fylkeskommunane bør vurdere å opprette fiskerifaglege utval, gjerne knytt til dei hovudutvala som har ansvar for næringsutviklinga, og har på denne bakgrunn ingen innvendingar mot at fiskestyra og fiskerinemnd i sin noverande form vert avvikla.

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet mener videre at det er av stor betydning at kommunene og fylkeskommunene ser fiskerinæringen i sammenheng med annet næringsliv. Gjennom helhetstenkning i lokale næringsplaner og regionale utviklingsprogrammer må den enkelte kommune og fylkeskommune også legge vekt på primærnæringene. For å sikre en slik integrering mellom de ulike næringene kan det være et virkemiddel å overføre statlige kontorer og stillinger til kommunene og fylkeskommunene. Flertallet tar likevel til etterretning at en nå ikke ønsker å overføre rettledningstjenesten til kommunene. Flertallet vil imidlertid understreke at det bør åpnes for at kommuner og fylkeskommuner som ønsker å gjennomføre forsøk på dette området, får muligheten til det. Flertallet viser i denne sammenheng til de muligheter som ligger i Lov om forsøk i offentlig forvaltning av 1992. Flertallet er kjent med at Nord-Trøndelag fylkeskommune har orientert Fiskeridepartementet i brev av 20. november om mulig søknad om slik forsøksvirksomhet i Nord-Trøndelag. Flertallet har ingen innvendinger mot dette, og finner det planlagte prosjektet interessant.

Geografisk inndeling

       Komiteen meiner ei geografisk inndeling av regionalnivået som i hovudsak følgjer fylkesgrenser skaper dei beste føresetnadene for eit nært samarbeid opp mot sentrale aktørar på fylkesnivået, både politisk og administrativt (fylkeskommune, fylkesmann, SND-kontor).

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemmene frå Høgre, viser til at det er aktuelt med ei viss samordning av dei lokale kontora, sett i forhold til at det her er snakk om å slå saman to etatar med delvis ulik organisering og struktur. Fleirtalet har imidlertid òg merka seg at det vert lagt til grunn at dei lokale personalressursane i ytre fiskerietat ikkje skal verte svekkja som følgje av ein ny organisasjonsmodell. Fleirtalet har òg merka seg at det er lagt vekt på at tenestetilbodet lokalt skal oppretthaldast, slik at ein kan vidareføre ein ytre fiskerietat som er serviceorientert overfor næringa.

       Fleirtalet strekar under at målet med omlegginga er betre utnytting av personalressursane, slik at servicenivået vert best mogleg. Fleirtalet strekar under at ein i omlegginga derfor må leggje stor vekt på geografisk nærhet til fiskerimiljøa og tilgjengelighet for brukarane.

Forholdet til Statens næringsmiddeltilsyn

       Komiteen ser at fiskeriforvaltinga har fordelar knytt til organisering av kvalitetskontrollen innanfor fiskeriforvaltinga, mellom anna ved at kvalitets- og ressurskontrollen kan kombinerast. Komiteen vil streka under at ein ny organisasjonsmodell likevel ikkje må stenge for å kunne ta opp spørsmålet om organisering av den samla næringsmiddelkontroll på eit seinare tidspunkt.

Innorganiseringa i Fiskeridirektoratet

       Komiteen forutsett at det vert arbeida vidare med å finna fram til ei mest mogleg rasjonell og hensiktsmessig innorganisering av ytre fiskerietat i Fiskeridirektoratet. Komiteen ber om at Stortinget blir orientert om resultatet av denne prosessen.

       Komiteen er opptatt av ei omorganisering av ytre fiskeriforvaltning vert gjort på ein mest mogleg smidig måte. Dette må og innebere at det vert gjeve rom for overgangsordningar der dette er naturleg og hensiktsmessig.