Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om lov om endring i lov av 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven)

Dette dokument

  • Innst. O. nr. 4 (1999-2000)
  • Kildedok: Ot.prp. nr. 59 (1998-1999)
  • Dato: 26.10.1999
  • Utgiver: Energi- og miljøkomiteen
  • Sidetall: 2
Til Odelstinget

Samandrag

Miljøverndepartementet gjer i proposisjonen framlegg om endring av ei føresegn i lov av 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven). Endringa omhandlar ei føresegn i forureiningslova om å gjennomføre Rådsdirektiv 96/61/EF om integrert førebyggjing og avgrensing av forureining (Integrated Pollution Prevention and Control, IPPC-direktivet) til norsk lovgjeving.

Departementet syner til at forureiningslova med sitt system stettar IPPC-direktivet, men sikrar ikkje fullt ut den delen av direktivet sine «alminnelige prinsipper for den driftsansvarliges grunnleggende forpliktelser» som gjeld energiutnytting. Dette krev utviding av heimelsgrunnlaget i forureiningslova.

IPPC-direktivet er eit rammedirektiv som krev at regulering av alle forureinande utslepp til luft, vatn og jord frå ei og same verksemd vert samla i eit løyve, som styresmaktene gjev. Føremålet er å oppnå ei meir heilskapleg vurdering og regulering av det samla forureiningspresset som ei verksemd valdar, og på denne måten eit betre vern av miljøet. Stortinget har tidlegare godkjent EØS-komiteen si avgjerd om å innlemme Rådsdirektiv 96/61/EF i EØS-avtalen, jf. handsaminga av St.prp. nr. 4 (1997-1998).

Dei lovene og føresegnene som er nødvendige for å gjennomføre IPPC-direktivet i norsk rett må vere vedtekne i Noreg seinast tre år etter at direktivet trådte i kraft for medlemslanda. Direktivet trådte i kraft 30. oktober 1996, og endringane i lova og føresegnene skal difor vere vedtekne seinast innan 30. oktober 1999.

Frå den datoen direktivet er gjennomført i Noreg skal konsesjonshandsaminga av alle nye anlegg vere i samsvar med direktivet (artikkel 4). For eksisterande anlegg (dvs. anlegg som er i drift eller godkjende i medhald av gjeldande lovgjeving før dato for endeleg gjennomføring i Noreg) skal det skje ei gjennomføring av direktivet som kan innebere ei endring eller omgjering av vilkåra i utsleppsløyvet, seinast åtte år frå datoen for gjennomføringa av direktivet (artikkel 5).

Departementet syner til at framlegget til lovendring gjev forureiningsstyresmaktene heimel til å trekkje inn energiutnytting ved vurderinga av om utsleppsløyve skal gjevast og kva for vilkår som skal setjast til verksemda. Lovendringa ventar ikkje å føre til vesentlege konsekvensar for forureiningsstyresmaktene.

Kravet om effektiv energiutnytting er også ein del av ansvarsområdet til energistyresmaktene. Vilkår om effektiv energiutnytting i eit utsleppsløyve etter forureiningslova vil difor bli klarlagt med energistyresmaktene. For å ta vare på dette vil det bli etablert sakshandsamingsrutinar mellom energi- og miljøvernstyresmaktene. Ein reknar med at dette samordningsarbeidet ikkje vil ha administrative konsekvensar då det normalt ikkje krev ny kompetanse eller andre nye ressursar, og det kan innarbeidast i allereie etablerte sakshandsamingsrutinar etter forureiningslova.

Tilråding frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Olav Akselsen, Rolf Terje Klungland, Gunn Karin Gjul, Bent Hegna, Torny Pedersen og leiaren Jens Stoltenberg, frå Framstegspartiet, øyvind Korsberg og øyvind Vaksdal, frå Kristeleg Folkeparti, Bror Yngve Rahm og Lars Rise, frå Høgre, Jan Johnsen og Jan Tore Sanner, frå Senterpartiet, John Dale, frå Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland, og frå Venstre, Gunnar Kvassheim, har ingen merknader til dei føreslegne endringane, syner til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere slikt

vedtak til lov

om endring i lov av 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven)

I

I lov av 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven) gjøres følgende endring:

§ 16 første ledd første punktum skal lyde:

I tillatelse etter loven eller forskrift i medhold av loven kan det settes nærmere vilkår for å motvirke at forurensning fører til skader eller ulemper, og for å fremme effektiv utnyttelse av energi som virksomheten bruker eller frembringer.

II

Loven trer i kraft 1. januar 2000.

Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 26. oktober 1999

Jens Stoltenbergleiar Olav Akselsenordførar og fung. sekretær