3. Oversyn over domstolordninga i Noreg

Hovudtyngda av den dømmande verksemda i Nor­eg skjer i dei alminnelege domstolane, dvs. Høgsterett, lagmannsrettane og herads- og byrettane.

Vi har 6 lagmannsrettar, 92 herads- og byrettar og ca. 440 forliksråd. Svært mange sivile saker startar i forliksrådet med obligatorisk mekling. Alle straffesaker startar i herads- og byrettane. På landsbasis var talet på tilsette i domstolane pr. 1. januar 2000, 624 dommarar inkludert dommarfullmektigar, og 1 000 stillingar utan dømmande oppgåver.

Ansvaret for den sentrale administrasjonen av domstolane er lagt til Justisdepartementet. Dei seinare åra er det skjedd ei omfattande delegering av oppgåver til domstolleiarane. Det vert i proposisjonen gjort kort greie for saksgangen i domstolane.