4. Internasjonale prinsipp og domstolar

Prinsippet om at domstolane og dommarane er uavhengige står sentralt i ei rekkje internasjonale dokument. Den fundamentale føresegna er artikkel 6 i Den europeiske menneskerettskonvensjon av 4. november 1950 (EMK). Ein av rettstryggleiksgarantiane i artikkel 6 er retten det einskilde individ har til å få avgjort saka av «en uavhengig og upartisk domstol opprettet ved lov». Det er eit sentralt element i sjølvstendekravet at den utøvande makta ikkje kan fjerne ein dommar med mindre heilt spesielle tilhøve ligg føre.