3.1 Sammendrag

3.1.1 Bakgrunn

Ved lov 30. juni 2000 nr. 57 vedtok Stortinget å endre reglane for rehabiliteringspengar og attføringspengar etter folketrygdlova kapittel 11. Endringane er mellom anna omtalt i St.prp. nr. 1 (2001-2002) Skatte-, avgifts- og tollvedtak under kapittel 2.2.12.

I skattebetalingslova §§ 11 nr. 1 og 33 nr. 2 er det særreglar for trekk i dagpengar under arbeidsløyse og andre korttidsytingar frå folketrygda. Når rehabiliterings- og attføringspengar blir likestilt med dagpengar under arbeidsløyse i lovgjevinga elles (se punkt 3.1 i proposisjonen), bør likestillinga òg gjelde på skattebetalingslova sitt område. Departementet foreslår derfor visse endringar i skattebetalingslova § 11 nr. 1.

Utbetaling av attføringspengar og dagpengar under arbeidsløyse vil i løpet av 2002 bli overført frå trygdeetaten til Aetat. Denne endringa gjer det òg nødvendig med enkelte endringar i skattebetalingslova §§ 11 nr. 1 og 33 nr. 2.

3.1.2 Skattebetalingslova § 11 nr. 1 andre punktum - forskotstrekk når den skattepliktige ikkje legg fram skattekort m.m.

Etter skattebetalingslova § 11 nr. 1 første punktum skal forskotstrekket vere 50 pst. når den skattepliktige ikkje legg fram skattekort og arbeidsgjevaren heller ikkje på annan måte har fått dei opplysningane som går fram av skattekortet. Etter andre punktum gjeld det same for trygdekontoret når det skal gjennomføre forskotstrekk i visse ytingar etter folketrygdlova. Forskotstrekk i andre ytingar som nemnt i skattebetalingslova § 5 bokstav e blir gjennomført med 30 pst. Rehabiliterings- og attføringspengar fell inn under opprekninga i skattebetalingslova § 5 bokstav e.

Departementet foreslår at skattebetalingslova § 11 nr. 1 andre punktum blir endra slik at hovudregelen om 50 pst. forskotstrekk når den skattepliktige ikkje legg fram skattekort, og den som skal gjennomføre trekket heller ikkje har fått dei opplysningane som går fram av skattekortet, omfattar rehabiliteringspengar og attføringspengar.

Når Aetat overtek ansvaret for å utbetale dagpengar under arbeidsløyse og attføringspengar, bør trekkplikta etter første punktum òg gjelde for Aetat. Departementet foreslår at § 11 nr. 1 andre punktum blir endra slik at det går fram at trekkplikta gjeld utan omsyn til kven som utbetalar ytingar som nemnt der.

Forslaget om å likestille rehabiliterings- og attføringspengar med dagpengar under arbeidsløyse i skattebetalingslova § 11 nr. 1 er ei oppfølging av tidlegare lovendringar. Framlegget er derfor ikkje sendt på høyring.

Departementet viser til forslag til endring av skattebetalingslova § 11 nr. 1 andre punktum. Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks.

3.1.3 Skattebetalingslova § 33 nr. 2 - gjennomføring av skattetrekk når skatt ikkje blir betalt i rett tid

Etter skattebetalingslova § 33 nr. 1 kan skatteoppkrevjaren drive inn forskotsskatt, restskatt, etterskotsskatt eller anna utligna skatt som ikkje blir betalt i rett tid ved trekk i løn eller andre liknande ytingar etter reg­lane i dekningslova § 2-7. Etter § 33 nr. 2 første punktum blir skattetrekk etter § 33 sett i verk ved at det i rekommandert brev eller på annan påviseleg måte blir gitt pålegg til arbeidsgivaren eller den som tek hand om utbetalinga på vegne av arbeidsgivaren om å halde trekkbeløpet tilbake. Etter tredje punktum gjeld trekkpålegget òg for trygdekontoret når dette utbetalar dagpengar under arbeidsløyse etter kapittel 4 i folketrygdlova.

Trekkpålegget bør òg gjelde Aetat når etaten overtek ansvaret for å utbetale dagpengar under arbeidsløyse. Departementet foreslår at regelen blir endra slik at det går fram at trekkpålegget gjeld det organet som utbetalar ytingane som nemnt i andre og tredje punktum. Departementet foreslår samtidig at reglane som i dag er gitt i andre og tredje punktum blir samla i eit nytt andre punktum. Den sistnemnte endringa inneber inga realitetsendring.

Departementet viser til forslag til endring av skattebetalingslova § 33 nr. 2 andre og tredje punktum. Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks.

3.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til forslaget om endring av skattebetalingsloven § 11 nr. 1 og § 33 nr. 2 og ikrafttredelses- og virkningstidspunkt.