4. Retten for transportselskapa sine kontrollørar til å halde tilbake reisande med rutetransport som ikkje har gyldig billett

4.1 Samandrag

Billettinntektene er den viktigaste delen av finansieringa av kollektivtransporten. Selskapa er difor avhengige av å kunne reagere mot reisande som ikkje oppfyller sin del av transportavtala gjennom betaling av billett. Det vart våren 2000 gjennomført ei høyring av eit forslag til endring av samferdselslova som ville gje ruteselskap rett til å halde tilbake reisande utan gyldig billett og som ikkje vil oppgje personalia. Dette forslaget blir no i staden fremja som ein del av utkastet til ny lov om yrkestransport.

Med heimel i samferdselslova/jernbanelova har transportselskapa fått godkjend transportvedtekter som mellom anna krev at reisande må betale eit nærare fastsett gebyr dersom dei ikkje har gyldig billett.

Samferdselsdepartementet finn at gebyr er ein rimeleg sanksjon mot personar som ikkje har løyst billett.

Transportselskapet sin rett til å halde personer utan gyldig billett tilbake er etter gjeldande rett basert på reglane i straffeprosesslova. Det har imidlertid vore reist spørsmål om desse reglane gir tilstrekkeleg heimel for å halde reisande tilbake i dei typiske kontrollsituasjonane.

Samferdselsdepartementet ser det som naudsynt at det blir etablert ein sikker heimel for retten til å halde reisande tilbake i dei aktuelle tilfella. Departementet meiner at ein slik heimel vil ha stor preventiv verknad. Først og fremst i forhold til å få reisande med kollektivtransport til å løyse billett, men óg med tanke på å få reisande utan gyldig billett, som ikkje betaler gebyr på staden, til å oppgje tilstrekkelege personalia til at gebyr kan drivast inn i ettertid.

Eit utdrag av høyringsfråsegnene går fram av kap. 7.2 i proposisjonen.

I proposisjonen blir det vist til at det i høyringsfråsegnene er synt til at det kan vere problematisk at andre enn politiet skal ha rett til fysisk å gripe inn overfor privatpersonar.

Samferdselsdepartementet finn grunn til å understreke at retten for transportselskapa sine kontrollørar til å halde reisande tilbake, ut frå omsynet til rettstryggleiken, må vere svært snever. Retten vert difor avgrensa til tilfelle der ein person har reist utan gyldig billett og ikkje kan eller vil betale gebyret på staden, og heller ikkje vil oppgje personalia.

Samferdselsdepartementet finn ikkje at det i dei tilfella der dei nemnde føresetnadene er til stades, vil vere eit uforholdsmessig inngrep å halde ein person tilbake. Grunngjevinga er særleg at ein person har all moglegheit til å hindre at han kjem i ein slik situasjon at retten til å halde vedkommande tilbake vert utløyst. Det er viktig å understreke at transportselskapa sine kontrollørar med denne heimelen ikkje får nokon utstrekt rett til bruk av fysisk makt.

Når det gjeld mindreårige, kan det ikkje aksepterast at dei aller yngste vert haldne tilbake. Utgangspunktet er at personar under 15 år ikkje bør haldast tilbake.

Det er i interessa til dei reisande som betaler for seg at alle reisande løyser billett. Når nokre reisande ikkje betaler for seg, vil det føre til at transportselskapa får mindre inntekter som igjen kan føre til at billettprisane blir høgre og tilbodet generelt dårlegare.

Det er under alle omstende viktig at heimelen for å halde tilbake reisande i dei aktuelle tilfella er klar. På bakgrunn av uklarheiten om heimelen etter gjeldande rett, finn Samferdselsdepartementet det nødvendig å gje ein eigen heimel for å regulere slike tilfelle der reisande vert haldne tilbake i samferdselslova og jernbanelova.

4.2 Merknader frå komiteen

Komiteen sitt fleirtal, medlemmnene frå Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti registrerer at høringsinstansane er delt i synet på forslaget om korvidt transportselskap skal kunne halde tilbake personar uten gyldig billett og som ikkje vil oppgje personalia.

Fleirtalet ser innvendingane mot at andre enn politiet skal kunne fysisk gripe privatpersonar. Samtidig utgjer billettinntektene den viktigaste delen av finansieringa for transportselskapa, og det er viktig at dei reisande betalar for tenestene dei nyttar. Det er etter fleirtalet si meining difor nødvendig at transportselskapa vert gjeve moglegheit til å halde tilbake personar uten gyldig billett og som ikkje vil oppgje personalia. Fleirtalet støttar Regjeringen sitt forslag med presiseringane som er framført i proposisjonen.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet er betenkt over å utvide private personers rett til å bruke maktanvendelse, og mener det i alt overveiende grad er politiets oppgave å utøve makt overfor privatpersoner. Disse medlemmer er spesielt kritiske til å innta en særregel i en spesiallov som yrkestransportloven. Slike regler hører hjemme i straffeloven.

Disse medlemmer vil peke på at reglene for pågripelse er skjønnsmessige og derfor vanskelig for private å håndtere. Faren for at "snikere" blir pågrepet i større utstrekning enn loven åpner for, og for at det blir brukt mer makt og tvang enn lovlig, vil være til stede. Dette kan også resultere i at den som utøver tvangsmyndighet selv kan komme i et strafferettslig ansvar.

Disse medlemmer vil peke på at pågripelse også ved "snikeri" kan vise seg ikke å være helt ufarlig og mener kontrollørenes sikkerhet taler for ikke å utvide denne adgangen.

Disse medlemmer mener at i tilfeller som "snikeri" hvor det i stor grad dreier seg om små ver­dier, bør transportselskapene ivareta sine interesser gjennom forebyggende arbeid i form av adgangskontroll og lignende, og ved den myndighet den har til å foreta pågripelse med det siktemål å få "tyvegodset" (her menes betaling for reisen) levert tilbake jf. Straffeprosessloven § 173.

Disse medlemmer vil dessuten vise til at i forhold til "seriesnikere" vil straffeskylden grunnet gjentakelse ikke anses som liten. Forholdet vil bli subsummert som tyveri, slik at private vil kunne pågripe etter dagens regelverk.

Disse medlemmer vil derfor stemme imot forslaget til § 33 leddene 2, 3, 4 og 5.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti mener at transportselskapenes behov kan løses på en langt smidigere måte ved at man endrer straffeprosesslovens § 173 slik at den som nekter å gi bevis for sine personalia kan pågripes. Disse medlemmer vil vise til Arbeiderpartiets og Sosialistisk Venstrepartis merknader i innstilling til Ot.prp. nr. 66 (2001-2002) hvor følgende forslag fremmes:

""Tillegg til straffeprosesslovens §173 1. ledd:

"Det samme gjelder den som påtreffes på fersk gjerning, og som på forlangende fra fornærmede eller representant for denne nekter å gi bevis for sine personalia.""