5.1 Samandrag.

Føresegner som er foreslått oppheva

Lov 4. juni 1976 nr. 63 om samferdsel § 4 "Meir om ruteløyve", § 10 "Utleige av motorvogn", og § 21 "Opplysings- og teieplikt" er heilt eller delvis foreslått oppheva.

Departementet har etter § 4 nr. 2 høve til å krevje at rettssubjekt med ruteløyve skal slutte seg saman med eitt eller fleire andre rettssubjekt med ruteløyve, eller at dei skal drive i lag etter fastsette retningsliner.

Departementet kan vanskeleg sjå nokon grunn til å halde oppe ein heimel til å krevje tvungne samanslåingar av omsyn til rasjonell drift.

Når det gjeld utleige av større bussmateriell, er utleige etter gjeldande samferdselslov § 10 berre tillate dersom både utleigar og leigetakar har løyve for rutetransport.

Forbodet verkar urimeleg t.d. i forhold til reine turvognselskap som ikkje kan leige inn materiell, medan ruteselskap som driv tilsvarande verksemd ikkje er pålagt ei slik avgrensing. Forbodet kan óg verke urimeleg i enkelte andre høve der det er behov for å leige buss utan førar og leigetakar ikkje har ruteløyve.

Departementet meiner det ikkje er grunnlag for å halde oppe utleigeforbodet for større bussar ut frå mogelegheitene for omgåing av løyveplikta. Departementet meiner at det er teke tilstrekkeleg omsyn til trafikktryggleiken gjennom regelverk som gjeld generelt for bussmateriell, og at det såleis ikkje er grunnlag for i praksis å innføre ei ny løyveordning for utleige av større bussar.

Fritak frå løyveplikt innan helse- og omsorgs­sektoren under visse føresetnader

I utkastet til § 19 vert det gjort framlegg om at tilsette i det offentlege eller offentleg godkjend institusjon innan helse- eller omsorgssektoren løyvefritt skal kunne utføre persontransport med personbil, dersom transporten framstår som eit naturleg ledd i den tilsette sine arbeidsoppgåver. Det er eit vilkår at transporten framstår som ein underordna funksjon og at vederlaget for transporten ikkje overstig staten sine satsar for kilometergodtgjersle.

Det er eit gjennomgåande trekk for løyveordningane etter lova at dei skal verke nøytralt uavhengig av om det er offentlege eller private brukarar som etterspør transport. Forslaget til ny § 19 i lova bryt med dette prinsippet, ut frå særskilte omsyn til den brukargruppa det er tale om. Etter departementet sitt syn vil det ut frå avgrensingane i paragrafen òg vere marginal transport det blir snakk om. Ei eventuell utviding av denne unntaksføresegna til å omfatte t.d. skolesektoren slik ein del instansar gjer seg til talsmann for, vil undergrave både "nøytralitetsprinsippet" nemnt og grunnlaget for behovsprøving av (særskilt) drosjeløyveordninga.

5.2 Merknader frå komiteen

Komiteen har ingen merknader.