Teknisk omlegging av nett-tv og videoarkivet

På grunn av en teknisk omlegging vil Stortingets nett-tv og videoarkivløsning være utilgjengelig fra kl. 14.30 til ca. kl. 17.00 torsdag 15. april. For noen brukere vil løsningen være utilgjengelig enda lenger. Vi beklager de ulemper dette kan medføre.

Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om lov om endring i lov 18. juni 1971 nr. 79 om Norsk språkråd

Dette dokument

  • Innst. O. nr. 3 (2002-2003)
  • Kildedok: Ot.prp. nr. 95 (2001-2002)
  • Dato: 22.10.2002
  • Utgiver: Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
  • Sidetall: 2
Til Odelstinget

1. Samandrag

1.1 Innleiing

I proposisjonen gjer departementet framlegg om å oppheva ei føresegn i lov om Norsk språkråd om å støtta opp under utviklingstendensar som på lengre sikt fører målformene nærmare saman, den såkalla tilnærmingsparagrafen.

I St.meld. nr. 9 (2001-2002) Målbruk i offentleg teneste heitte det at departementet raskt ville koma tilbake til Stortinget med framlegg om å oppheva den nemnde føresegna. Meldinga vart behandla i Stortinget 9. april 2002, og det kom ingen innvendingar mot framlegget om å oppheva tilnærmingsføresegna, jf. Innst. S. nr. 109 (2001-2002).

1.2 Bakgrunnen for lovframlegget

Lov av 18. juni 1971 nr. 79 om Norsk språkråd slår i § 1 fast at det skal opprettast eit råd for språkvern og språkdyrking, og at namnet skal vera Norsk språkråd.

Det første punktet, § 1 bokstav a, slår fast at Norsk språkråd skal "verne om den kulturarv som norsk skriftspråk og talespråk representerer, fremme tiltak som kan øke kunnskapen om norsk språk, dets historie og egenart, fremme toleranse og gjensidig respekt i forholdet mellom alle som bruker norsk språk i dets forskjellige varianter, og verne om den enkelte borgers rettigheter når det gjelder bruken av språket".

I det andre punktet, § 1 bokstav b, heiter det at Norsk språkråd skal "følge utviklingen av norsk skriftspråk og talespråk og på dette grunnlag fremme samarbeid i dyrkingen og normeringen av våre to målformer og støtte opp om utviklingstendenser som på lengre sikt fører målformene nærmere sammen".

Desse to punkta kan til saman seiast å utgjera kjernen i den opphavlege formålsparagrafen til Norsk språkråd. Det andre av desse punkta, § 1 bokstav b, kan dessutan omtalast som tilnærmingsparagrafen. Sagt på ein annan måte avspeglar § 1 bokstav b tilnærmingslinja i norsk rettskrivingspolitikk. Det er denne eine føresegna departementet med dette gjer framlegg om å oppheva.

I proposisjonen vert det gjort greie for arbeidet med normeringsspørsmålet i Norsk språkråd. Det går fram av proposisjonen at ein kan knapt seia at tilnærming har vore tillagd særleg vekt dersom ein i ettertid ser på den faktiske normeringsutviklinga.

Alt i alt kan det ikkje seiast at det lovfesta tilnærmingsmålet har sett særleg markerte spor etter seg i den faktiske normeringsutviklinga etter at Norsk språkråd vart skipa i 1971.

I St.meld. nr. 13 (1997-1998) Målbruk i offentleg teneste vart på mange måtar tilnærmingslinja også avblåsen i meir prinsipielle ordelag:

"Den tilnærmingslinja mellom bokmål og nynorsk som tidlegare stod sentralt i offisiell norsk språkpolitikk, framstår i dag i praksis som mindre aktuell."

Stortinget hadde i 1998 ingen merknader til denne utsegna, jf. Innst. S. nr. 174 (1997-1998).

I St.meld. nr. 9 (2001-2002) er det under kap. 1.2 Mål og rammer for språkpolitikken slått fast at ei samansmelting av målformene til eit sams norsk skriftspråk ikkje lenger er aktuell politikk, og ikkje vidare tilnærming heller.

Fleirtalet i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, medlemmene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, uttalte i Innst. S. nr. 109 (2001-2002) følgjande:

"Fleirtalet støttar departementet sitt syn på at "den sovande paragrafen" om på sikt å føre målformene nærare saman, må opphevast."

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Trond Giske, Torny Pedersen og Bernt Egil Torp, frå Høgre, Afshan Rafiq, leiaren Sonja Irene Sjøli og Olemic Thommessen, frå Fremskrittspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, frå Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og May Hansen, frå Kristeleg Folkeparti, Dagrun Eriksen og Ola T. Lånke, og frå Senterpartiet, Eli Sollied Øveraas, viser til Innst. S. nr. 174 (1997-1998) der Stortinget slutta seg til synet om at tilnærmingslinja mellom nynorsk og bokmål synest å framstå som mindre aktuell. Komiteen viser vidare til St.meld. nr. 9 (2001-2002) Målbruk i offentleg teneste, og Innst. S. nr. 109 (2001-2002), der fleirtalet støtta departementet i at den såkalla "tilnærmingsparagrafen" snarast burde opphevast.

3. Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere slikt

vedtak til lov

om endring i lov 18. juni 1971 nr. 79 om Norsk språkråd

I

I lov 18. juni 1971 nr. 79 om Norsk språkråd blir det gjort følgjande endring:

§ 1 bokstav b blir oppheva.

II

Lova tek til å gjelda straks.

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 22. oktober 2002

Sonja Irene Sjøli Eli Sollied Øveraas Trond Giske
leiar ordførar sekretær