I høyringsnotatet drøftar departementet om
det bør innførast eit krav om samtykke frå låntakaren
ved overføring av fordringar mellom finansinstitusjonar.
Dei fleste høyringsinstansane er mot å innføre
ei ordning med krav om samtykke ved overdraging av fordringar mellom
finansinstitusjonar og liknande institusjonar.
Departementet har etter ei samla vurdering kome til at det ikkje
er grunnlag for nokon regel om samtykke ved overdraging av lånefordringar
mellom finansinstitusjonar. Departementet meiner at urimeleg pågåande
inndrivingsmetodar best kan motverkast med reglar knytt til sjølve
inndrivinga, og viser i den samanheng til forslaga ovanfor. Departementet
viser også til at eit stort fleirtal av høyringsinstansane,
også forbrukarsida, har gått mot å innføre
eit samtykkekrav som nemnt. Høyringsinstansane peiker uttrykkeleg
på at det ikkje er noko behov for ein slik regel.
Det er i høringsnotatet drøftet
om det skal innføres krav om samtykke fra låntaker
ved overføring av fordringer mellom finansinstitusjoner. Komiteen har
merket seg at et stort flertall av høringsinstansene, også forbrukersiden,
har gått imot å innføre et slikt krav
til samtykke. Komiteen mener etter dette, dog under
tvil, at det ikke bør settes krav til samtykke fra skyldneren
når fordringer overdras mellom finansinstitusjoner.
Komiteen tiltrer for øvrig proposisjonens
andre endringsforslag bl.a. uttrykkelig hjemmel til å sette
vilkår for tillatelse til å drive oppkjøp
og inndriving av fordringer, og presiseringen i bestemmelsen om
at et inkassoforetak kan ha flere ledere.