2. Noen opplysninger om bustadsamvirket

2.1 Sammendrag

Bustadsamvirket blir også kalla bustadkooperasjonen - og er sett saman av alle bustadbyggjelaga og burettslaga. Bustadbyggjelaga har som føremål å skaffe bustader til dei som er medlemmer (andelseigarar) i laget, anten gjennom nybygging eller ved kjøp. Bustadene er vanlegvis åtte i fellesskap av medlemmene gjennom burettslag, men bustadfellesskapet kan også vere organisert som eit eigarseksjonssameige. Eit burettslag som eit bustadbyggjelag har oppretta, kallar ein eit tilknytt burettslag. Frittståande burettslag finst òg. Desse er stifta utan bindingar til noko bustadbyggjelag. Til dømes kan ein kommune, ein arbeidsgivar, ei samanslutning eller ei gruppe enkeltpersonar ta initiativet til å opprette eit frittståande burettslag.

Ifølgje Føretaksregisteret var det 1. januar 2002 registrert 136 bustadbyggjelag og 6 183 burettslag i registeret. NBBL opplyser at 100 av desse bustadbyggjelaga var medlemmer av NBBL. Desse bustadbyggjelaga - og dotterselskap av desse bustadbyggjelaga - forvalta 4 848 burettslag. Av desse var 4 270 burettslag tilknytte bustadbyggjelag.

Det totale medlemstalet i bustadbyggjelaga, som var medlemmer av NBBL, var 652 100. I det enkelte bustadbyggjelaget varierte medlemstalet frå 47 til 178 823. Desse bustadbyggjelaga og dotterselskap av desse bustadbyggjelaga forvalta til saman 292 884 bustader. 232 671 av desse bustadene var burettslagsbustader tilknytte bustadbyggjelag. Talet på forvalta bustader i det enkelte bustadbyggjelaget varierte frå 16 til 58 482.

Departementet har kome fram til at det truleg finst om lag 250 000 burettslagsbustader her i landet. Dette medfører at om lag 13 pst. av hushalda eig bustaden gjennom andel i burettslag. Til samanlikning viser tala at om lag 23 pst. av bustadene er leigebustader.

Samanliknar ein bruktomsetninga med produksjonen av nye burettslagsbustader tilknytte bustadbyggjelag i 2001, vil ein sjå det er selt om lag åtte gonger så mange brukte bustader tilknytte bustadbyggjelag som det dei same bustadbyggjelaga bygde same året. Bruktomsetninga er derfor eit viktigare bidrag til tilbodet av burettslagsbustader enn nybygging.