3. Lovregulering av bustad­samvirket

3.1 Sammendrag

I proposisjonen drøfter departementet enkelte spørsmål som gjeld lovval og lovstruktur, og nokre premissar som bør liggje til grunn for lovvala.

Av samvirkeføretak er det i dag berre bustadbyggjelaga og burettslaga som er underlagde ei heilskapleg selskapsrettsleg regulering. Departementet foreslår, slik også Samvirkelovutvalet har gjort, at det ved forslag om ei generell lov om samvirkeføretak blir sett avgrensingar mot bustadbyggjelag og burettslag. Departementet ser likevel ikkje bort frå at det kan vere nødvendig å gjere nokre tilpassingar i burettslovene i samband med ei eventuell ny lov om samvirkeføretak.

Til liks med utvalet er departementet einig i at det er betre å halde på éi lov om bustadbyggjelag og ei lov om burettslag i staden for å slå dei to lovene saman til éi lov eller lage éi lov for bustadbyggjelag og tilknytte burettslag og ei anna lov for frittståande burettslag. Slike spørsmål var også til vurdering då ein skulle lage dei noverande burettslovene, og den oppdelinga ein har no, har fungert bra. Departementet ser derfor ikkje grunn til å foreslå endringar på dette punktet.

Eit anna spørsmål utvalet har vurdert, er om ein burde slå burettslags- og eigarseksjonsmodellane saman til éin organisasjonsmodell. Departementet er også her einig med utvalet i at ein bør oppretthalde begge modellane som alternative val. Det ideologiske utgangspunktet for desse modellane er forskjellig, og det har ført til ulike løysingar på fleire punkt, først og fremst når det gjeld bruken av bustadene.

Utvalet foreslår omfattande endringar i dei nogjeldande burettslovene, og departementet er einig i dei aller fleste av desse endringane. Med eit slikt utgangspunkt vil lovstrukturen bli klarare og føresegnene lettare å ta seg fram i dersom ein lagar nye lover i staden for å endre på dei gamle lovene. Departementet har derfor følgt opp forslaget frå utvalet om å lage nye lover som kan avløyse dei gjeldande burettslovene frå 1960.

Departementet støttar forslaget frå utvalet om å lovfeste at burettslovene også skal gjelde på Svalbard. Departementet foreslår derfor at Kongen gir forskrifter om bruken av lova på Svalbard, og at Kongen då kan fastsetje særlege reglar ut frå tilhøva på staden.

3.2 Komiteens merknader

Komiteen er enig i å beholde en boligbyggelagslov og en borettslagslov. Komiteen mener at denne inndelingen har fungert godt og er den mest hensiktsmessige. Komiteen er også enig med departementet i å opprettholde borettslags- og eierseksjonsmodellene som selvstendige organisasjonsmodeller.

Komiteen støtter også innføringen av borettslagslovene på Svalbard.