Departementet viser til at etter utkastet skal burettslagsandelar
registrerast i grunnboka, men nærare reglar for korleis
dette skal gjerast, vil bli gitt i forskrift. Departementet legg
til grunn at kostnadene med dette vil kunne dekkjast inn gjennom
gebyr. Det vil då vere naturleg å ta utgangspunkt
i same satsar som gjeld ved tinglysing i fast eigedom.
Departementet foreslår at det skal givast forskrifter
i nokre samanhengar, til dømes når det gjeld forvaltning
av midlar i burettslag. Etter departementet si vurdering kan det
nok bli nokre kostnader i samband med tilsyn med forvaltninga av
slike midlar, men kostnadene kan då førast over
på brukarane gjennom gebyr. På den andre sida
foreslår departementet at ei rad føresegner i
gjeldande lov som legg forskrifts- eller godkjenningskompetanse
til departementet eller fylkesmannen, ikkje blir førte
vidare.
I høve til gjeldande lov er det nytt at retten blir
tillagt oppgåver i samband med oppløysing av bustadbyggjelag,
men her er det tale om tilfelle som nok vil kome opp svært
sjeldan. Reglane om tvangsfullføring blir endra når
det gjeld burettslag, men det er ikkje grunn til å tru
at arbeidsmengda blir annleis av den grunn.
Økonomiske konsekvensar for private er det vanskeleg å seie
noko sikkert om. Departementet foreslår at avtalar om forretningsførsel
for burettslag ikkje kan gjerast uoppseielege utan tidsavgrensing. Det
kan føre til at konkurransen blir sterkare på dette området,
og det skulle tilseie at ressursbruken i alle fall i somme tilfelle
kan bli mindre. Departementet har vidare prøvd å utforme
reglane om forkjøpsrett til burettslagsbustader slik at
forkjøpsretten skal seinke omsetninga minst mogleg. Elles
fører utkastet til at reglane om burettslagsbustader blir
liggjande nærare reglane for eigarseksjonar. Rettsregistrering
og nye reglar for tvangsfullføring kan isolert sett gi
meirkostnader i form av gebyr o.l., men ein må òg
rekne med at reglane gir grunnlag for ei sikrare omsetning, som
igjen gjer desse bustadene meir attraktive ved både pantsetjing
og sal. Reglane om utbyggingsmodellen fører til at bustadbyggjelaget
blir sitjande med eit klarare ansvar og dermed ein større
risiko ved nybygging, og det kan føre til at prisane på nye
bustader stig. Det har sitt motstykke i ein tryggare posisjon for den
som ervervar bustaden.
Komiteen har ingen merknader.