7. Inndriving av uomtvista krav

Direktivet stiller krav om at kreditor normalt skal kunne få tvangsgrunnlag innan 90 dagar etter at vedkomande har levert stemning eller oppmoding til retten eller anna kompetent styresmakt. Departementet meinte at norsk rett oppfyller krava i direktivet på dette punktet, og departementet held etter høyringsrunden fast ved at direktivet ikkje gjer det naudsynt med endringar i norsk rett.