1.1 Innleiing

Finansdepartementet gjer i Ot.prp. nr. 68 (2003-2004) framlegg til lov om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

I proposisjonen inngår:

  • framlegg om heimel i skattelova for frådrag for tap ved negativ avkastning på livrenter og kapitalforsikringar utan garantert avkastning, og nokre klargjeringar og justeringar av regelverket for slike produkt

  • framlegg om visse endringar i skattelova for å gjere likninga av samskattlagde skattytarar meir rasjonell

  • framlegg om innføring av skattefritak for utbetalingar frå statleg kompensasjons- og oppreisingsordning for pionerdykkarar

  • framlegg om endring i reglane om frådrag for inngåande meirverdiavgift på kjøp og drift o.a. av varebil klasse 1

  • framlegg om endring av meirverdiavgiftsreglane for kjøp av tenester frå Svalbard og Jan Mayen

  • framlegg om presisering av reglane om frådrag for inngående meirverdiavgift ved kjøp av personkjøretøy

  • framlegg om visse endringar i lova om kompensasjon av meirverdiavgift for kommunar, fylkeskommunar mv.

  • framlegg om at inntekt frå produksjon av biomasse til energiformål kan gå inn i jordbruksinntekta og dermed gi grunnlag for utrekning av jordbruksfrådrag

  • framlegg om tilpassing av reglar i skattebetalingslova, likningslova og skattelova som følgje av endringar i reglane om offentleggjering av skattelistene

  • framlegg om retting og presisering av lovtekst i likningslova, svalbardskattelova og skattelova.

Forslag og omtale er nærare reiegjort for nedanfor og i proposisjonen.

1.2 Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Ranveig Frøiland, Svein Roald Hansen, Tore Nordtun, Torstein Rudihagen og Hill-Marta Solberg, fra Høyre, Svein Flåtten, Torbjørn Hansen, Heidi Larssen og Jan Tore Sanner, fra Fremskrittspartiet, Gjermund Hagesæter, lederen Siv Jensen og Per Erik Monsen, fra Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, Audun Bjørlo Lysbakken og Heidi Grande Røys, fra Kristelig Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn og Bjørg Tørresdal, fra Senterpartiet, Morten Lund, fra Venstre, May Britt Vihovde, og fra Kystpartiet, Steinar Bastesen, viser til rettebrev fra finansministeren datert 27. mai 2004, som er vedlagt denne innstillingen, og til sine merknader under de enkelte punkt nedenfor, samt Budsjett-innst. S. II (2003-2004) og Innst. S. nr. 250 (2003-2004), som avgis samtidig med denne innstillingen.