8. Tilpassing av reglar i skattebetalingslova, likningslova og skattelova som følgje av endringar i reglane om offentleggjering av skattelistene

8.1 Sammendrag

Kvart år når likninga er ferdig, skal likningskontora i kvar kommune leggje ut ei liste over alle det er gjort likningsfastsetjing for, jf. likningslova § 8-8. Utlegging av skattelistene skal kunngjerast. Dette skjer kort tid før utlegginga av skattelistene. Til no har ordninga vore at skattelistene har blitt lagt ut to gonger kvart år; om våren for dei med førehandsutfylt sjølvmelding, og om hausten for andre skattytarar. Utsending av melding om skatteoppgjeret til skattytarane startar samtidig med at skattelistene blir lagt ut, jf. likningslova § 8-9.

I Ot.prp. nr. 34 (2003-2004) fremma Regjeringa forslag om endringar i reglane om offentleggjering av skattelistene. Fleirtalet i finanskomiteen gjekk i Innst. O. nr. 60 (2003-2004) inn for forslaget, som blei vedteke i Odelstinget 27. april 2004. Endringane i reglane om offentleggjering av skattelistene inneber mellom anna at skattelistene i framtida berre blir lagt ut éin gong kvart år, om hausten. Ordninga med vårutlegg av skattelistene blir avvikla, med verknad for listene som blir offentleggjorde i år. Skattelistene som blir lagt ut om hausten vil heretter omfatte alle skattytarane, også dei som leverer førehandsutfylt sjølvmelding og får skatteoppgjeret i juni. Skattelistene skal liggje ute i tre veker.

Fleire reglar knyter verknader til tidspunktet for utlegginga av skattelistene, eller til kunngjeringa av at skattelistene er lagt ut. Det har ikkje vore meininga at endringane i reglane om offentleggjering av skattelistene skal medføre andre konsekvensar for skattytarane som leverer førehandsutfylt sjølvmelding og som til no har vore omfatta av skattelista som har blitt lagt ut i juni. Som ledd i tilpassing til den nye ordninga med utlegging av skattelistene ein gong årleg, foreslår departementet derfor tilpassingar i enkelte reglar når det gjeld desse skattytarane. For skattytarar som ikkje leverer førehandsutfylt sjølvmelding er det ikkje nødvendig med nokon endringar.

Skattebetalingslova § 23 nr. 3 fastset at restskatt forfell til betaling tre veker etter at utlegginga av skattelista er kunngjort, likevel tidligast 20. august i likningsåret. Skattebetalingslova § 48 nr. 5 fastset at søksmål frå ein skattytar til prøving av ei likningsavgjerd må reisast innan seks månader rekna frå utlegginga av skattelistene, eller frå melding om vedtak i endringssak blei sendt skattytaren. Etter likningslova § 8-9 nr. 1 skal melding om skatteoppgjeret sendast skattytaren på same tid som, eller snarast mogleg etter at skattelistene har blitt lagt ut. Likningslova § 9-2 nr. 4 fastset at klage over likninga skal leverast innan tre veker etter at utlegginga av skattelistene blei kunngjort. Når skattytar har levert førehandsutfylt sjølvmelding og er omfatta av skattelista som blir lagt ut i juni, må klage leverast innan 10. august, eller innan seks veker etter utlegginga vart kunngjort.

Forslaget frå Regjeringa om at lister over skattytarar som får skatteoppgjeret i juni først blir offentleggjort på hausten, gjer det som nemnt nødvendig å tilpasse desse fristreglane når det gjeld skattytarane som leverer førehandsutfylt sjølvmelding. Departementet foreslår derfor at likningskontora kvart år skal kunngjere at skatteoppgjeret for skattytarane som leverer førehandsutfylt sjølvmelding, er ferdig. Ei kunngjering av at skatteoppgjeret er ferdig kan finne stad på same tid og erstatte tidlegare utlegging av skattelistene, utan at dette får konsekvensar for skattytarane. I staden for å vise til tidspunktet for utlegginga av skattelistene eller kunngjeringa av at listene er lagt ut, foreslår ein at dei rettslege verknadene i reglane som nemnt over blir knytt til tidspunktet for kunngjeringa av det ferdige skatteoppgjeret i juni. Departementet vil seinare vurdere om ein bør sjå nærmare på reglane om utrekning av fristar.

Departementet viser til forslag til endring i skattebetalingslova §§ 23 nr. 3 og 48 nr. 5 og likningslova §§ 8-9 nr. 1 og 9-2 nr. 4.

Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks.

8.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at disse medlemmer i Innst. O. nr. 60 (2003-2004) gikk imot Regjeringens forslag om endringer i reglene for offentliggjøring av skattelister.