11. Forslag fra mindretall

Forslag fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti:

Forslag 1

I lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste gjøres følgende endringer:

§ 15 skal lyde:

Regulering av festeavgift

Ved feste av tomt til bustadhus og fritidshus kan kvar av partane krevje at festeavgifta blir regulert i samsvar med endringa i pengeverdien sidan festeavtala vart inngått. Har partane tvillaust avtalt at festeavgifta skal stå uendra, eller har dei avtalt ei lågare regulering enn det som følgjer av endringa i pengeverdien, gjeld denne avtala istaden. Har festeavgifta vorte regulert 1. januar 2002 eller seinare, kan festaren krevje ny regulering i samsvar med fyrste punktum innan 1. januar 2006.

For andre festehøve enn tomt til bustadhus og fritidshus kan kvar av partane krevje den avtalte festeavgifta regulert i samsvar med endringa i pengeverdien i tida sidan festeavtala vart inngått, om dei ikkje tvillaust har avtalt at festeavgifta skal stå uendra eller dei har avtalt regulering på anna måte.

Vert partane ikkje samde om ny festeavgift og dei ikkje har avtalt eller vert samde om annan avgjerdsmåte, høyrer avgjerda under skjønn.

Avgiftsregulering kan skje kvart tiande år, om ikkje anna er avtalt. Avtala kan likevel ikkje fastsetje at reguleringa skal skje oftare enn kvart år.

Når avgiftsregulering er avhengig av at ein av partane krev det, kan kravet berre gjelde framtidige terminer.

Når ei festeavgift etter lov eller avtale skal bli regulert i samsvar med endringa i pengeverdien, skal reguleringa skje i samsvar med utviklinga i (den berekna) konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå. Ved regulering sidan festeavtala vart inngått i festehøve frå før 1865, skal ein regulere festeavgifta ut frå utviklinga i konsumprisindeksen frå 1865.

§ 37 første ledd skal lyde:

Ved innløysing av tomt som er festa bort til bustadhus eller fritidshus, skal innløysingssummen vere 25 gonger årleg festeavgift etter regulering i samsvar med endringa i pengeverdien på innløysingstida, om ikkje ein mindre innløysingssum er avtalt.

Forslag fra Arbeiderpartiet:

Forslag 2

I lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste gjøres følgende endringer:

Ny § 5a skal lyde:

Avtale om feste av tomt til bustadhus og fritidshus

Det kan etter at lova er sett i kraft ikkje gjerast avtale om feste av tomt til bustad- eller fritidshus. Er slik avtale gjort, er den ikkje bindande for partane. Der ein av partane går frå avtala, skal bortfestaren svare skadebot for festaren sitt tap, dersom festaren er utan skyld i tapet.

Avtala er likevel bindande hvis festaren har tatt til med arbeid på tomta, men festaren kan då når som helst krevje tomta innløyst.

§ 5 første ledd andre punktum skal lyde:

For nye festeavtaler skal det seiast i avtala kva føremål tomta vert festa bort til, og tomteverdien skal opplysast.

Forslag fra Fremskrittspartiet:

Forslag 3

Stortinget ber Regjeringen vurdere alternative tiltak som kan avhjelpe situasjonen for de som har fått så store utslag av endringene i festeavgiften at de har problemer med å beholde egen bolig.

Forslag 4

Stortinget ber Regjeringen gå gjennom lovverket og fremme de nødvendige forslag slik at ordet "festeavgift" kan erstattes med ordet "tomteleie" i alle bestemmelser.

Forslag 5

Under henvisning til Grunnloven § 83 ber Stortinget Høyesterett om en betenkning om følgende i forhold til Grunnloven §§ 97 og 105:

  • 1. Vil det være i strid med Grunnloven å innføre en rett for fester til å kunne kreve å få innløse festetomten uten grunneiers samtykke i forbindelse med allerede eksisterende festeavtaler.

  • 2. Vil det være i strid med Grunnloven dersom en eventuell innløsningssum lovfestes til et bestemt antall ganger festeavgiften uten en individuell prisfastsettelse der også andre forhold blir tillagt vekt.

Forslag fra Sosialistisk Venstreparti:

Forslag 6

I lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste gjøres følgende endringer:

Ny § 5a skal lyde:

Avtale om feste av tomt til bustadhus

Det kan etter at lova er sett i kraft ikkje gjerast avtale om feste av tomt til bustadhus. Er slik avtale gjort, er den ikkje bindande for partane. Der ein av partane går frå avtala, skal bortfestaren svare skadebot for festaren sitt tap, dersom festaren er utan skyld i tapet.

Avtala er likevel bindande hvis festaren har tatt til med arbeid på tomta, men festaren kan då når som helst krevje tomta innløyst.

§ 5 første ledd andre punktum skal lyde:

For nye festeavtaler skal det seiast i avtala om festet gjeld tomt til fritidshus eller tomt til anna føremål, og tomteverdien skal opplysast.