12. Høve til å påleggje offentlege styresmakter å nytte elektronisk meldeform ved levering av oppgåver til folkeregisteret

12.1 Samandrag

Finansdepartementet legg fram forslag om endring i § 12 i lov 16. januar 1970 nr. 1 om folkeregistrering. Endringa går ut på at det blir innført lovheimel slik at departementet i forskrift kan gje påbod om at offentlege oppgåvegivarar skal gje melding til folkeregisteret i elektronisk form. Bakgrunnen er eit behov for å forenkle og effektivisere arbeidet med folkeregistermeldingane.

Forslag blei send på høyring 16. desember 2005. Ingen av høyringsinstansane er negative til forslaget.

Departementet sitt forslag om å kunne gje påbod om elektronisk meldeform vil gjelde for dei same offentlege myndigheiter som kan påleggjast oppgåve- og meldeplikt etter folkeregisterlova § 12.

Finansdepartementet vil ikkje gå inn for eit generelt pålegg om å nytte elektronisk innrapportering til folkeregisteret for alle offentlege oppgåvegivarar. Oppgåvegivarane har ulike føresetnader for å levere oppgåver elektronisk, og nytteverda ved å gå over til elektronisk meldeform kjem an på talet meldingar som den einskilde oppgåvegivar sender til folkeregisteret. Fleire høyringsinstansar peikar på at det framleis bør vere høve til å gi meldingar i papirform. Dersom overgang til elektronisk meldeform vil føre med seg uforholdsmessig store kostnader i høve til nytteverdien, legg departementet til grunn at det framleis skal vere mogeleg å gje melding til folkeregisteret i papirform. Dette må avgjerast etter ei samla vurdering av kostnadene og nytteeffekten.

Departementet vil understreke at personopplysningslova sine krav til handsaming av personopplysningar, medrekna reglane om melde- og konsesjonsplikt, skal liggje til grunn for all innhenting og opparbeiding av opplysningar i samband med elektronisk rapportering til folkeregisteret.

Departementet viser til forslag til nytt anna ledd i folkeregisterlova § 12.

Forslaget om overgang frå papirbasert til elektronisk meldeform antas å innebere einskilde økonomiske og administrative konsekvensar for dei oppgåvepliktige som må leggje til rette verksemda for elektronisk meldeform. Når elektronisk meldeform er etablert, antas det å medføre ressursinnsparing for oppgåvegivarane. Dei økonomiske og administrative konsekvensane må likevel vurderast konkret i kvart høve i samband med fastsetjing av forskrift som pålegg elektronisk meldeform.

Finansdepartementet legg til grunn at elektronisk meldeform i det vesentlege vil bidra til forenkling og effektivisering av arbeidet med folkeregistermeldingar, samt at rask ajourføring vil føre til ei heving av kvaliteten på registeret.

Departementet foreslår at lovendringa tek til å gjelde straks.

12.2 Merknader frå komiteen

Komiteen sluttar seg til framlegget frå Regjeringa til nytt andre ledd i folkeregisterlova § 12.