13. Dokumentavgift ved innløysing av festetomter og dokument­avgift ved kjøp av bygning på framand grunn

13.1 Samandrag

Finansdepartementet vedtok 27. januar 2006 at ved eigedomsoverføring etter føresegnene i tomtefestelova kapittel VI, skal innløysingssummen leggjast til grunn for berekning av dokumentavgifta. Bakgrunnen for unntaket er dei nye reglane i tomtefestelova (sjå lov 2. juli 2004 nr. 63 om endringar i tomtefestelova), som på nærare vilkår gir festar rett til å overta eigedomsretten til festetomta til ein lovregulert innløysingssum. Denne summen vil i dei fleste tilfelle vere lågare enn salsverdien. Vedtaket inneber difor eit unntak frå hovudregelen om at eigedomen sin salsverdi utgjer avgiftsgrunnlaget. Vedtaket vart førebels treft med heimel i dispensasjonsføresegna i dokumentavgiftslova § 3. Grunngjevinga for unntaket er at avgiftsreglane her ville få ein sers urimeleg verknad, da avgifta kunne bli svært høg i høve til innløysingssummen. Vidare ville det bli krevjande å berekne salsverdien i kvart enkelt innløysingstilfelle. Dette ville stride mot sentrale omsyn bak dokumentavgiftsreglane, mellom anna omsynet til eit enkelt og effektivt regelverk. Ettersom innløysingssummen følgjer av tomtefestelova vil det heller ikkje vere fare for spekulasjonar eller misbruk av avgifta dersom denne blir lagt til grunn for avgiftsberekninga.

For å sikre ein klår og einsarta praksis for framtida er det ønskjeleg at ordninga blir lovfesta. Dette vil bidra til å ivareta omsynet til eit enkelt, oversiktleg og forutsigbart regelverk. Sjå forslag til endring av dokumentavgiftslova § 7 femte ledd fyrste punktum.

Av lovtekniske omsyn foreslår departementet at det i dokumentavgiftslova § 7 femte ledd fyrste punktum også gjerast endringar i utforminga av henvisningane til dei øvrige lovene, slik at samtlege lovhenvisningar får same form. Forslaget inneber ingen realitetsendringar.

Ettersom forslaget er ei kodifisering av eit unntak som allereie er vedteke, har lovendringa minimale økonomiske og administrative konsekvensar. Sjølve unntaket må likevel reknast å vere arbeidsbesparande for både avgiftsmyndigheita og dei avgiftspliktige, og med minimale konsekvensar for provenyet.

Departementet foreslår at lovendringa trer i kraft 1. juli 2006. Frå same tidspunkt fell departementet sitt dispensasjonsvedtak bort som ikkje naudsynt leng­re.

Hovudregelen etter dokumentavgiftslova er at avgiftsgrunnlaget tilsvarar eigedomen sin salsverdi på tinglysingstidspunktet. I nokre tilfelle blir det stilt spørsmål i høve til kva som skal utgjere avgiftsgrunnlaget ved kjøp av bygning på festa tomt, der festeretten følgjer med. Ein slik transaksjon gjeld overføring av både eigedomsretten til bygningen og festeretten til tomta. Uklarleikane har sin bakgrunn i at det ved tinglysing av festerettar i utgangspunktet ikkje skal betalast dokumentavgift. Ved tinglysing av eigedomsrett til bygning på festetomt har likevel avgiftsmyndigheita berekna avgifta av det samla vederlaget ved overføring til den nye eigaren og festaren. Praksisen fører med seg at også den delen av samla vederlag som eventuelt skuldast festeretten, går inn i avgiftsgrunnlaget. Departementet ser dette som rimeleg. Festeretten må reknast som ein integrert del av salsverdien, jf. dokumentavgiftslova § 7 fyrste ledd.

I lys av spørsmåla om regelverket som har kome, vil departementet sjå nærare på behovet for endringar i dokumentavgiftslova, for å klargjere kva som i lova skal vere avgiftsgrunnlaget ved overføring av bygning på festetomt. Departementet vil kome tilbake til saka i samband med budsjettet for 2007.

13.2 Merknader frå komiteen

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, sluttar seg til framlegget frå Regjeringa om endring i dokumentavgiftslova § 7 femte ledd første punktum.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet går imot Regjeringens forslag.

Disse medlemmer mener at dokumentavgiften er en usosial avgift som rammer familier ulikt. Disse medlemmer viser til at Fremskrittspartiet i sitt alternative statsbudsjett 2006 foreslo en reduksjon av dokumentavgiften uten å få flertall for dette. Disse medlemmer mener at dokumentavgiften fungerer som en slags "flytteskatt" som "straffer" familier som blant annet av arbeidsmessige årsaker flytter. Disse medlemmer antar at tinglysingsgebyret gir store nok inntekter for staten til å dekke utgiftene tinglysing av fast eiendom utgjør, og at dokumentavgiften på litt sikt derfor bør fjernes for alle. Disse medlemmer viser for øvrig til merknader og forslag i Dokument nr. 8:65 (2005-2006).