4. Skattemessig handsaming av supplerande stønad

4.1 Samandrag

Lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg tok til å verke frå 1. januar 2006. Lova skal sikre at personar med kort butid i Noreg, og som av den grunn har tilsvarande redusert rett til ytingar frå folketrygda, er garantert ei minste samla inntekt.

Lova blei vedteken utan ei nærare skattemessig regulering.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har i brev til Finansdepartementet gjort greie for korleis dei meiner ytinga skattemessig bør handsamast. Deira oppfatning er at ytinga bør skattleggjast som pensjonsinntekt. Finansdepartementet deler dette synet. Ein peiker særleg på at mottakarane i regelen ikkje vil ha arbeidsinntekter, slik at ytinga får preg av å vere ei erstatning for varig bortfallen arbeidsinntekt slik som alders- og uførepensjon. På tross av at ytinga er behovsprøvd og berre gis for tolv månader om gongen, vil den ha meir likskap med pensjonsytingar enn trygdeytingar som skal erstatte midlertidig bortfallen arbeidsinntekt, så som sykepengar, tidsavgrensa uførestønad mv.

Om ein skattemessig skal likestille supplerande stønad med pensjonsinntekter, vil dette få fleire konsekvensar.

For det første er det nødvendig å endre skattelova § 12-2 slik at ytinga inngår i mottakarens personinntekt. Ytinga skal då ileggjast trygdeavgift etter folketrygdlova § 23-3. Utgangspunktet er at det skal svaras trygdeavgift med høg sats, med mindre det er fastsett mellom- eller låg sats. På pensjonsinntekter, som ikkje er pensjonsgivande, svaras det låg sats. Sidan den supplerande stønaden skal gis i staden for, eller som tillegg til, alderspensjon, bør den heller ikkje vere pensjonsgivande. I samråd med Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår derfor Finansdepartementet å endre folketrygdlova § 3-15, som omhandlar kva som reknas som pensjonsgivande inntekt. Sidan ytinga etter dette ikkje er pensjonsgivande, fremmar departementet forslag om å endre folketrygdlova § 23-3 andre ledd, slik at det uttrykkeleg går fram at det skal bereknast trygdeavgift med låg sats.

Mottakarar av supplerande stønad har ikkje same rett til særfrådrag for alder og uførleik og skattebegrensing frå fylte 67 år som alders- og uførepensjonistar. Departementet foreslår at også mottakarar av supplerande stønad skal få skattebegrensing etter skattelova § 17-1. Da vil verknaden av trygdeavgiftsplikta for ein stor del motverkas. Etter denne føresegna har pensjonistar rett til eit skattefritt bunnbeløp på 95 300 kroner for einslege og 156 300 kroner for ektepar (2006-tal). Eit mogleg særfrådrag for alder etter skattelova § 6-81 vil da normalt få liten sjølvstendig verknad. Årsaka er det låge inntektsnivået kombinert med skattebegrensing. Likskapen mellom stønaden og vanleg minstepensjon tilseier likevel at ytingane handsamast på same vis også i forhold til dette særfrådraget.

Departementet meiner såleis at supplerande stønad skattemessig skal handsamast som pensjonsinntekt. Ein visar til forslag til endringar i skattelova §§ 6-81 første ledd bokstav b første punktum og 12-2 samt i folketrygdlova §§ 3-15 andre ledd og 23-3 andre ledd nr. 1 bokstav a. Endringa i skattelova § 6-81 leder til at mottakarane av supplerande stønad også kjem under føresegna om skattebegrensing i skattelova § 17-1, sidan denne gjeld for personar med rett til særfrådrag etter § 6-81 første ledd.

Ein foreslår at endringa i skattelova § 6-81 første ledd bokstav b første punktum trer i kraft straks og med verknad frå 1. januar 2006. Tilbakeverknaden er til gunst for skatteytarane og er såleis ikkje problematisk. Ein foreslår at endringane i skattelova § 12-2, folketrygdlova § 3-15 andre ledd og § 23-3 andre ledd nr. 1 bokstav a trer i kraft straks og med verknad frå og med 1. januar 2007.

Ein antar at forslaget ikkje vil medføre særlege økonomiske eller administrative konsekvensar.

4.2 Merknader frå komiteen

Komiteen sluttar seg til framlegget frå Regjeringa om endringar i skattelova §§ 6-81 første ledd bokstav b første punktum og 12-2 og i folketrygdlova §§ 3-15 andre ledd og 23-3 andre ledd nr. 1 bokstav a.