5. Skattlegging av attførings- og rehabiliteringspengar kombinert med uførepensjon frå andre enn folketrygda

5.1 Samandrag

For å sikre at attførings- og rehabiliteringspengar blir skattlagt som løn, foreslår departementet å endre skattelova § 6-81 andre og tredje ledd, slik at det går tydeleg fram at dei som har attførings- og rehabiliteringspengar samstundes med uførepensjon, ikkje skal ha særfrådrag på grunn av uførepensjonen. Retten til likning etter skatteavgrensingsregelen er knytt til retten til særfrådrag. Endringa vil dermed og fjerne retten til skatteavgrensing for denne gruppa.

Skattlegginga av sjølve uførepensjonen vert ikkje endra med dette forslaget. Dersom uførepensjon og vert ytt for ein annan periode av året enn den perioden som gjeld attførings- og rehabiliteringspengane, vil retten til særfrådrag og skatteavgrensing framleis kunne stå ved lag.

Nye mottakarar av attførings- og rehabiliteringspengar som har tenestepensjonsordning med uføredekning, kan få vel 20 000 kroner høgare skatt dersom dei ikkje blir skattlagde etter skatteavgrensingsregelen. Dette skjer dersom dei har hatt om lag maksimal skattenedsetting gjennom skatteavgrensinga. I 2004 var det 35 757 personar som mottok både attførings- og rehabiliteringspengar og uførepensjon frå ei tenestepensjonsordning. Av desse vart likevel berre vel 2300 personar likna etter skatteavgrensingsregelen. I gjennomsnitt fekk desse personane sett ned skatten med om lag 7 900 kroner. Dei som har hatt særfrådrag for uføre, får ei innstramming på 2 712 kroner dersom dei har hatt halvt særfrådrag og 5 423 kroner om dei har hatt heilt særfrådrag.

For at ikkje endringa skal ramme dei som i dag får desse ytingane, og som har tilpassa seg dei gjeldande reglane, foreslår departementet at lovendringa berre skal gjelde nye tilfelle frå og med 2007 (alle som får rett til attførings- og rehabiliteringspengar etter 2006). Denne overgangsordninga skal vere utfasa ved utgangen av 2009.

Provenyaukinga i 2007 vil vere om lag 16 mill. kroner påløypt og 13 mill. kroner bokført.

Departementet viser til forslag til endring i skattelova § 6-81 andre og tredje ledd.

5.2 Merknader frå komiteen

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, sluttar seg til framlegget frå Regjeringa om endring i skattelova § 6-81 andre og tredje ledd.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre slutter seg ikke til Regjeringens oppfatning om at mottagere av attførings- og rehabiliteringspenger er en gruppe som bør ilegges skatteøkninger. Disse medlemmer vil peke på at Regjeringens forslag til regelendringer for de som har slike ytelser kombinert med uførepensjon fra offentlig eller privat tjenestepensjonsordning, vil medføre en betydelig skatteskjerpelse for et antall pensjonister som mister både særfradrag og retten til skattebegrensning.

Disse medlemmer vil derfor gå imot forslaget til endring i skattelovens § 6-81 annet og tredje ledd.

Disse medlemmer viser til at Regjeringens foreslåtte innstramming vil redusere motivasjonen til å komme i gang med attføring og rehabilitering med sikte på å få mulighet til å komme i jobb.