Justisdepartementet legg fram forslag til endringar i straffeprosessloven
og tvisteloven og einskilde andre lover. Forslaga i proposisjonen
tek i hovudsak sikte på å rette opp språklege
feil og galne eller ufullstendige tilvisingar til andre lover frå tvisteloven
eller den andre vegen. I tillegg vert det gjort framlegg om å endre
regelen i straffeprosessloven § 395 andre ledd
første punktum om funksjonstida til leiaren av kommisjonen
for gjenopptaking av straffesaker. Departementet føreslår
at kommisjonsleiaren skal utnemnast for sju år om gongen
utan høve til gjenoppnemning. Samtidig er det gjort framlegg
om ein overgangsregel som vil gjere funksjonstida på sju år
gjeldande for den noverande kommisjonsleiaren.
Forslaga som gjeld oppretting av språklege feil og galne
tilvisningar og liknande, har det ikkje vore naudsynt å sende
på høyring. Forslaget om å forlengje
funksjonstida for leiaren for gjenopptakingskommisjonen for straffesaker,
har vore på ordinær høyring.
Departementet legg til grunn at lovforslaget ikkje har økonomiske
eller administrative konsekvensar. Men let ein vere å rette
opp slike urette eller misvisande føresegner i tvisteloven,
kan det føre til administrativ eller rettsleg uvisse som
jamvel kan verke fordyrande. Forslaget om å forlengje funksjonstida
til leiaren av kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker vil
truleg kunne medverke til å hindre ei negativ utvikling
i kommisjonen sine restansar.