Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1.3.2 Rekkjevidda av vernet

Lovframlegget tek sikte på å regulere eit avgrensa problemkompleks, nemleg kompetansefordelinga mellom redaktøren og eigar/anna føretaksleiing. Framlegget inneber ei formell avgrensing av eigarane og føretaksleiinga sin rett til å styre den redaksjonelle verksemda. Framlegget er ikkje meint å vere nokon fullstendig regulering av redaktørinstituttet.

Framlegget slår for det første fast at det høyrer under redaktøren å leie den redaksjonelle verksemda og treffe avgjerder i redaksjonelle spørsmål. Dette omfattar først og fremst retten til å avgjere kva som skal publiserast i mediet - inkludert utval av materiale, presentasjon av oppfatningar, vinklingar osb.

Redaktørens eksklusive rett til å treffe avgjerder i redaksjonelle spørsmål tilseier at eigarane ikkje kan krevje nokon form for førehandskontroll av det redaksjonelle innhaldet eller diktere redaksjonen sine haldningar til konkrete politiske, sosiale eller andre spørsmål. Også andre former for inngrep bør etter tilhøva kunne rammast av lova, i den grad dei effektivt undergrev fridomen til å styre den daglege redigeringa av mediet.

Lovframlegget vil likevel ikkje innebere noka total avskjering av eigarstyring over dei redaksjonelle produkta. Etter modell av Redaktørplakaten presiserer lovframlegget at den frie stillinga til redaktøren gjeld "Innanfor ramma av grunnsynet og føremålet til verksemda ...". Til dømes vil lova ikkje vere til hinder for at fag- og medlemsorganisasjonar e.l. etablerer publikasjonar som har som føremål å vere talerøyr for organisasjonen sine synspunkt i politiske saker, så lenge dette er klart nedfelt som "grunnsyn" og/eller "føremål" for det aktuelle mediet.

I tillegg vil ei rekkje av dei administrative avgjerdene som blir fatta i eit medieføretak, ha meir eller mindre direkte innverknad på utforminga av dei redaksjonelle produkta. Eigaren (eller styret) tilset redaktøren, fastset vedtekter og økonomiske og ressursmessige rammevilkår for verksemda, tek avgjerder om kva for redaksjonelle produkt selskapet skal satse på, kva for målgrupper ein ønskjer å nå, val av marknadsstrategi osb. Lova vil heller ikkje vere til hinder for at eigaren sjølv fungerer som redaktør.

Det følgjer av dette at det ikkje er mogleg å skissere heilt presise rammer for den redaksjonelle fridomen. Departementet legg til grunn at praksis etter Redaktørplakaten vil kunne gi rettleiing med omsyn til den nærmare rekkevidda for redaktørens avgjerdsmakt etter lova.

Lovframlegget vil i praksis innebere at eigarane ikkje vil kunne bruke usemje i redaksjonelle spørsmål som oppseiingsgrunn, med mindre usemja gjeld "grunnsynet og føremålet til verksemda". Er det derimot avgjerande usemje mellom redaktøren og eigaren om den grunnleggjande redaksjonelle lina, vil redaktøren i tråd med praksis etter Redaktørplakaten måtte trekke seg frå stillinga. Ein ny eigar vil dessutan kunne endre grunnsynet, noko som vil sette nye rammer for den redaksjonelle fridomen og som kan føre til prinsipiell usemje eller mistillit mellom eigar/utgivar og redaktør. I ein slik konflikt vil også redaktøren måtte vike.