Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Regulering i andre land

Ingen andre land har ein generell myndigheitskontroll med eigarskifte tilsvarande den oppheva ervervslova. Nokre land, inkludert Noreg, har oppkjøpsreguleringar innanfor enkeltsektorar, som for eksempel energi- og finansverksemd.

I EU er det gitt ei rekkje direktiv om regulering av arbeidstakarrettar. Desse er implementerte i norsk rett. Regelverket regulerer forholdet mellom private partar (arbeidstakar og -givar). Det er mellom anna krav om informasjon og drøftingar med dei tilsette i samband med verksemdsoverdraging. For selskap med verksemd over landegrensene er det vidare krav om etablering av European Works Council der dei tilsette skal vere representerte. Det er også krav om at dei tilsette skal vere representerte i dei styrande organa i selskapet i dei nye EU-selskapsformene (europeiske selskap og europeiske samvirkeføretak).

Den norske ordninga med meldeplikt til Arbeids- og velferdsetaten (NAV) ved masseoppseiingar er basert på eit EU-direktiv. Tilsvarande meldeplikt finst derfor i ei rekkje andre land. Den nærmare utforminga kan likevel variere landa imellom, og det er mellom anna forskjellar i kva for rolle styresmaktene har i prosessane med oppseiingar av dei tilsette i ei bedrift.