Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Departementet føreslo i høyringsnotatet at det blir innført ei ny meldeplikt ved nedlegging av verksemder. Det vart føreslått at meldeplikta blir gjord lovbasert og obligatorisk for dei selskapa som er omfatta av kravet, og at eigar pliktar å sende ei melding om planlagd nedlegging så tidleg som mogleg og seinast 30 dagar før nedlegginga blir gjennomført. Departementet føreslo at meldinga skal sendast til fylkeskommunen der den aktuelle bedrifta ligg.
Formålet med meldepliktsordninga er å redusere dei negative konsekvensane av ei nedlegging, med sikte på å leggje til rette for at bedrifta kan drive heile eller delar av verksemda vidare der det er forretningsmessig grunnlag for det. Samtidig er det viktig at det kjem tydeleg fram i eit nytt lovverk kva samfunnsansvar eigarane har ved nedlegging av bedrifta. Departementet uttala i høyringsnotatet at det er behov for nye "kjørereglar" for å ansvarleggjere dei bedriftene som ikkje på eige initiativ tek ansvar for dei tilsette og lokalsamfunnet i ein vanskeleg fase. Kontakten mellom bedrift og styresmakter bør styrkjast i nedleggingssaker, og denne kontakten bør knytast på eit tidleg stadium i prosessen. Målet er at dialogen omkring ei planlagd nedlegging mellom dei berørte skal synleggjere alternativ til nedlegging.
Høyringsrunden viste at arbeidstakarorganisasjonane er positive til innføring av meldeplikt. Også eit fleirtal av fylkeskommunane som har uttala seg, støttar forslaget. Bedriftene sine interesseorganisasjonar er imot forslaget. Med den støtta forslaget har fått i høyringsrunden, er det departementet si vurdering at det likevel er riktig å innføre ei meldeplikt ved nedlegging av bedrifter. Det er viktig for Regjeringa å få etablert ei obligatorisk ordning som sikrar at det blir sett i gang ein prosess med sikte på å finne andre løysingar enn nedlegging.
Meldepliktsordninga skal ikkje gjere inngrep i styringsretten eller den faste drifta til eigaren/føretaket. Men eit samspel i form av styrkt dialog mellom det offentlege og private kan etter departementet si vurdering bidra positivt til å sikre både interessene til kvar enkelt tilsett, men også viktige og breiare samfunnsinteresser.
Departementet er innforstått med at formalisering av prosessen kan føre til auka ressursbruk hos bedrifter og styresmakter. Formålet med meldepliktsordninga om å skape dialog med aktørane for om mogleg å sikre arbeidsplassar, er likevel såpass viktig at departementet meiner noko auka tidsbruk kan forsvarast.
Den føreslåtte lova har eit formål som ikkje naturleg passar inn i anna eksisterande lovgiving. Departementet har difor konkludert med at det mest formålstenlege er at meldepliktsordninga blir fastsett i ei eiga lov.