Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Lovfesting av drøftingsplikta

I høyringsnotatet føreslår departementet å lovfeste i arbeidsmiljølova ei tilsvarande føresegn som § 9-5 tredje ledd i Hovudavtalen mellom LO og NHO.

Departementet viser til at arbeidsmiljølova alt har fleire føresegner som generelt pålegg plikt til informasjon og drøfting om verksemdsnedlegging. Men føresegnene gir ikkje nokon uttrykkjeleg rett og plikt til å drøfte overtaking av verksemda, slik mellom anna føresegna i Hovudavtalen mellom LO og NHO gjer. Føresegna sikrar at spørsmålet om vidare drift generelt, og spørsmålet om dei tilsette kan overta spesielt, blir sett på dagsordenen i ein nedleggingssituasjon. Departementet meiner på denne bakgrunnen at det er formålstenleg å lovfeste ei slik føresegn om drøftingsplikt i arbeidsmiljølova.

Høyringsinstansane har i all hovudsak stilt seg positive til å lovfeste drøftingsplikta i Hovudavtalen, og då slik at ei lovfesting bør knytast til eksisterande drøftingsreglar i arbeidsmiljølova. Departementet meiner at ei lovfesting bør knytast opp mot føresegna om drøfting i samband med masseoppseiing i arbeidsmiljølova § 15-2 og ikkje i tilknyting til kap. 8, som først gjeld i verksemder med meir enn 50 tilsette. Ei eventuell overtaking kan vere meir realistisk i mindre verksemder fordi det ofte er ein samanheng mellom storleiken på verksemda og dei ressursane som er nødvendige for å kunne overta verksemda.

Departementet ser at manglande statlege støtte- og lånegarantiar ved eit eventuelt oppkjøp frå dei tilsette si side i mange tilfelle vil avgrense sjansen for at dei tilsette faktisk kan overta verksemda. Ei lovfesting kan likevel bidra positivt ved at det forpliktar arbeidsgivar til å gjennomføre ein reell dialog med dei tillitsvalde for dei tilsette, noko som kan føre til at alle alternativ for vidare drift blir grundig vurderte.

På denne bakgrunnen føreslår departementet at drøftingsplikta i Hovudavtalen blir lovfesta i arbeidsmiljølova § 15-2. Den føreslåtte drøftingsplikta, der det opnast for at dei tilsette kan overta drifta, vil vere særleg praktisk i dei tilfella det f.eks. er ein filial som vurderast nedlagd. For å sikre at drøftingane også vert gjennomførte i desse tilfella, føreslår departementet at drøftingsplikta knyttast til nedlegging av "virksomhet eller selvstendig del av denne".