1.8 Bakgrunnen for forslaget om endringar i minerallovgivinga

Gjennom EØS-avtalen er Noreg forplikta til å implementere direktiv om gjensidig godkjenning av yrkeskvalifikasjonar innanfor EØS-området. Dette gjeld Europaparlaments- og rådsdirektiv 2005/36/EF om godkjenning av yrkeskvalifikasjonar. Formålet med direktivet er å fjerne hinder for fri flytting av personar og tenester mellom medlemsstatane, ved at borgarane i medlemsstatane skal kunne utøve yrket sitt i ein annan medlemsstat enn der dei har tileigna seg dei faglege kvalifikasjonane sine.

I gjeldande minerallovgiving er det ikkje fastsett lovkrav om kvalifikasjonar for å drive bergverksdrift, men det blir stilt kvalifikasjonskrav i konsesjonar for enkelte typar drift. Direktivkrava er derfor tekne inn i konsesjonar fordi reguleringa av drifta og nødvendige kvalifikasjonar for drivarane går fram i sjølve konsesjonen. Det blir fastsett i konsesjonsvilkåra at godkjenning av kvalifikasjonar frå utanlandske søkjarar skal skje i samsvar med krav i direktivet.

Overfor norske styresmakter har EFTAs overvakingsorgan (ESA) gitt uttrykk for at implementering av yrkeskvalifikasjonsdirektiva på mineralsektoren må skje i lov og forskrift. Departementet føreslår derfor at det nye direktivet blir implementert ved endringar i minerallovgivinga.

1.9 Mineralnæringa og minerallovgivinga

Mineralnæringa er ei typisk distriktsnæring, og spesielt i kystområda er det mange bedrifter. Industrien har rundt 4 700 tilsette fordelte på 670 bedrifter. Det vart i 2006 selt til saman ca. 75 millionar tonn mineralske produkt av forskjellige slag til ein samla verdi av ca. 9,1 mrd. kroner. Næringa eksporterte for til saman 5,6 mrd. kroner i 2006. Noreg har store mineralske ressursar, og ein reknar med at mineralnæringa har eit betydeleg vekstpotensial. Det er to hovuddriftsmetodar for å ta ut mineralske førekomstar - dagbrotsdrift og underjordsdrift.

Minerallovgivinga

Den norske minerallovgivinga har først og fremst reglar om leiting etter og utnytting av mineralførekomstar. Eit hovudskilje i lovgivinga er skiljet mellom mutbare og ikkje-mutbare mineral.

Reglar om dei mutbare minerala er samla i lov 30. juni 1972 nr. 70 om bergverk (bergverksloven) og i lov 14. desember 1917 nr. 16 om erverv av vannfall, bergverk og annen fast eigedom mv. (industrikonsesjonsloven). Mutbare mineral er definerte i bergverkslova § 1 og omfattar metall med eigenvekt høgare enn 5 og malmar av slike metall, metalla titan og arsen og malmar av desse, magnetkis og svovelkis. Bergverkslova slår fast at myr- og sjømalm og alluvialt gull ikkje er mutbare.

For dei ikkje-mutbare minerala er det inga felles lov. Dei ikkje-mutbare minerala kalk og kvarts er regulerte i eigne lover, høvesvis lov 3. juli 1914 nr. 5 om erverv av kalkstensforekomster (kalksteinsloven) og lov 17. juni 1949 nr. 3 om erverv av kvartsforekomster (kvartsloven). I tillegg gjeld lov 21. mars 1952 nr. 1 om avståing av grunn mv. til drift av ikkje mutbare mineralske forekomster (avståingsloven).

Lov 28. november 2003 nr. 98 om konsesjon ved erverv av fast eiendom (konsesjonsloven) mv. gjeld for dei ikkje-mutbare minerala som ikkje er omfatta av kalksteinslova eller kvartslova, så sant det ligg føre eit erverv av fast eigedom som er konsesjonspliktig etter konsesjonslova.

1.10 Kvalifikasjonskrav på mineralsektoren

Bergverkslova og industrikonsesjonslova

Det kan ikkje setjast i gang regelmessig bergverksdrift på mutbare mineral som er omfatta av bergverkslova, utan driftskonsesjon. Hovudføresetnaden for å få konsesjon er at allmenne omsyn ikkje talar imot det. Nærings- og handelsdepartementet, som gir driftskonsesjonar, har ei rekkje standardvilkår i konsesjonane. Etter industrikonsesjonslova § 13 andre ledd nr. 3 skal drifta føregå på bergmessig måte. Departementet stiller eit slikt vilkår, kombinert med krav om driftsplan over området. Det er Bergvesenet som står ansvarleg for å følgje opp driftsplanane og kontrollere at drifta skjer på ein bergmessig forsvarleg måte.

Det blir stilt regelmessig krav om at den som skal vere ansvarshavande for drifta, må ha relevant utdanning. I utgangspunktet blir det kravd at vedkomande er bergingeniør eller tilsvarande.

Rettar etter kalksteinslova og kvartslova

For kalksteinsførekomster blir det kravd konsesjon dersom det totale uttaket frå ein eller fleire førekomstar innanfor same kommune går over 100 000 tonn. Det er inga tilsvarande nedre grense for når det blir kravd konsesjon ved erverv av kvartsførekomstar. Både kalksteinlova og kvartslova har krav om konsesjon for leveranseavtalar på kalkstein og kvarts, dersom avtalen omfattar eit tidsrom på meir enn to år. Konsesjon kan givast når ikkje allmenne omsyn talar imot. Myndigheita til å innvilge konsesjon etter kalksteinslova og kvartslova er delegert til Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard.

For dagbrotsdrift stiller Bergvesenet vilkår om at den som skal vere ansvarshavande, har ingeniørutdanning eller liknande eller utdanning frå tidlegare Statens bergskole. Ved underjordsdrift blir det stilt krav om at ansvarshavande har bergingeniøreksamen eller tilsvarande. Dette kan for eksempel vere sivilingeniøreksamen, men der vedkomande i tillegg har praktisk erfaring med bergverksdrift.

Ikkje-mutbare mineral som fell utanfor kalksteinslova og kvartslova

Dei ikkje-mutbare minerala som ikkje er omfatta av kalksteinslova eller kvartslova, dvs. andre ikkje-mutbare mineral og kalksteinsførekomstar under 100 000 tonn, er ikkje regulerte i spesiallover. Erverv av førekomstar med slike mineral kan likevel omfattast av lov 28. november 2003 nr. 98 om konsesjon ved erverv av fast eigedom (konsesjonsloven) mv., som regulerer erverv av rettar i fast eigedom. Erverv som er konsesjonspliktige etter industrikonsesjonslova, kalksteinslova eller kvartslova, blir ikkje regulerte av konsesjonslova.

Etter konsesjonslova § 11 kan det i kvart enkelt tilfelle stillast vilkår som blir rekna som nødvendige for å fremje formålet med lova. Vilkåra tilsvarer langt på veg dei vilkåra som blir sette i konsesjonar gitt etter industrikonsesjonslova, kalksteinslova og kvartslova. Dette omfattar også krav til utdanning for dei som er ansvarlege for drifta.

1.11 EØS-forpliktingar om godkjenning av utanlandske yrkeskvalifikasjonar

Parlaments- og rådsdirektiv 2005/36/EF om godkjenning av yrkeskvalifikasjonar erstattar dei tidlegare yrkeskvalifikasjonsdirektiva, mellom anna direktiv 89/48/ EØF og 92/51/EØF som no er oppheva.

Etter det nye yrkeskvalifikasjonsdirektivet er systemet slik: Der utøving av ei regulert verksemd ("regulated profession") i vertsstaten krev at søkjaren har bestemte faglege kvalifikasjonar ("professional qualifications"), må vertsstaten tillate søkjarar frå andre EØS-statar å utøve den aktuelle verksemda, dersom dei dokumenterer yrkeskvalifikasjonar som dei som er nemnde i direktivet artikkel 13 nr. 1 eller 2 frå ein annan EØS-stat. Ein føresetnad for at det nye direktivet skal gjelde for ansvarshavande for drift av mineralførekomstar i Noreg, er at slik verksemd er ei regulert verksemd etter direktivet, og at søkjar må ha profesjonelle kvalifikasjonar etter direktivet for å utøve verksemda.

Nærings- og handelsdepartementet har vurdert forholdet mellom reglane om kvalifikasjonskrav som blir stilte i driftskonsesjonar etter minerallovgivinga, og etableringsreglane i parlaments- og rådsdirektiv 2005/36/EF.

Noreg har i gjeldande minerallovgiving ingen lovkrav om kvalifikasjonar for drivarar, men det blir stilt krav i konsesjonar om visse kvalifikasjonar for enkelte typar drift, som f.eks. underjordsdrift. Departementet ser det slik at dei kvalifikasjonskrava som blir stilte til dei som skal vere ansvarshavande i konsesjonar som regulerer drift av mineralførekomster, utgjer profesjonelle kvalifikasjonskrav. Departementet legg etter dette til grunn at Noreg må godkjenne bergingeniørutdanning og tilsvarande kvalifikasjonar frå andre EØS-statar etter det nye yrkeskvalifikasjonsdirektivet. Dette inneber at EØS-borgarar som dokumenterer yrkeskvalifikasjonar frå ein annan EØS-stat i samsvar med artikkel 13 i direktivet, skal likestillast med personar med yrkeskvalifikasjonar frå Noreg når det gjelder kvalifikasjonskrav som blir stilte for å vere ansvarshavande i konsesjonar som regulerer drift av mineralførekomstar.

1.12 Gjennomføring av yrkeskvalifikasjonsdirektivet på mineralsektoren

Nærings- og handelsdepartementet har vurdert om reglane bør takast inn i dei ulike minerallovene eller fastsetjast i forskrift. Det er i alle høve nødvendig å ha lovheimel til å kunne lage forskrifter.

Departementet meiner det er mest formålstenleg at dei nærmare reglane blir fastsette i forskrift, og viser til at krav til yrkeskvalifikasjonar er tekniske reglar som naturleg høyrer heime i forskrift. Vidare talar ønsket om oversiktlege og rettsteknisk enkle lovtekstar for ei slik løysing. Kvalifikasjonskrav ved drift av mineralske førekomstar blir regulerte i konsesjonar som er gitt med heimel i fire ulike lover. For at det skal bli mest mogleg brukarvennleg, bør dei konkrete krava i yrkeskvalifikasjonsdirektivet bli fastsette i ei felles forskrift i staden for i kvar lov. For å regulere korleis ein skal gjennomføre direktivet i norsk rett på mineralsektoren føreslår departementet derfor nye forskriftsheimlar i dei ulike minerallovene.

Ved utarbeiding av forskrifta (forskriftene) vil departementet sikre at krava i direktiv 2005/36/EF blir gjennomførte i norsk rett i samsvar med direktivet. Kvalifikasjonskrava for å bli godkjend som ansvarshavande ved drift av mineralførekomstar skal gå klart fram av forskriftene. Kvalifikasjonane til kvar enkelt søkjar skal vurderast uavhengig av nasjonalitet og i samsvar med direktivkrava. Det vil bli lagt vekt på å få fram rettane til kvar enkelt borgar på ein klar, tydeleg og brukarvennleg måte slik at arbeidssøkjande frå EØS-land skal kunne vurdere si rettsstilling på førehand. Departementet vil sende utkast til forskrift ut til høyring i tråd med gjeldande reglar, før reglane blir fastsette.

1.13 Økonomiske og administrative konsekvensar av endringane i minerallovgivinga

Departementet kan ikkje sjå at forslaget til nye forskriftsheimlar i minerallovgivinga vil få nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar verken for det offentlege eller private. Forslaget inneber at den praksis som i dag er gjennomført i konsesjonar ved drift av mineralske førekomstar, blir lovfesta. Ein reknar derfor med at lovforslaga ikkje fører til meirarbeid for styresmaktene. Spesielt for utanlandske søkjarar er det klargjerande at kvalifikasjonskrav på mineralsektoren og krav til gjensidig godkjenning av yrkeskvalifikasjonar frå andre EØS-statar blir regulerte i lov og forskrift.