Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1.5.2 Høringsinstansenes syn og vurderingen til departementet

Dei fleste høyringsinstansane som har uttalt seg om endringane i § 20 tredje ledd er negative til forslaget. Dette vert grunngitt med at Konkurransetilsynet vil nytte dette til å forlengje sakshandsaminga når det kjem forslag om avhjelpande tiltak, sjølv om partane ikkje ynskjer ei slik forlenging. Forslaget vil såleis redusere gevinstane som følgjer av dei korte og absolutte fristane som vart innførde med den nye konkurranselova i 2004. Nokre høyringsinstansar peikar på at problemet delvis kan avhjelpast ved kortare tidsfristar.

Departementet meiner ei forsvarleg handsaming av forslag til avhjelpande tiltak krev marknadstesting. Det gjeldande systemet har avdekt at det kan vere problematisk for Konkurransetilsynet å få gjennomført dette på grunn av den korte fristen dersom partane ikkje ber om forlengt frist. Dersom Konkurransetilsynet av tidsomsyn ikkje får testa tiltaka og forslaget ikkje vert akseptert i vedtaket, vil dei avhjelpande tiltaka i praksis måtte prøvast første gongen hos departementet etter klagen. Ein vil då heller ikkje få ei to-instans prøving av dei avhjelpande tiltaka.

Når det gjeld forslaget om å endre lovteksten slik at fristen kan forlengjast med "inntil" 25 dagar, meiner departementet at det er usikkert kva ei slik tilføying vil gi av rettar for partane, og det kan innebere at knappe ressursar til sakshandsaming i Konkurransetilsynet går med til å vurdere kor lenge fristen skal forlengjast. Når det gjeld forslaget om at tidspunktet for når dei avhjelpande tiltaka kjem skal avgjere om fristen skal forlengjast, meiner departementet at dette ikkje er føremålstenleg.

Departementet opprettheld difor forslaget om endringane i § 20 tredje ledd fjerde punktum slik det er fremja i høyringa.