Departementet foreslår å auke grensa for fritak for arbeidsgivaravgift
frå 50 000 kroner til 60 000 kroner ved anna arbeid i heim og fritidsbustad
enn pass av barn som ikkje har fylt 12 år før utgangen av inntektsåret
og barn som har særleg behov for omsorg og pleie. Forslaget inneber
ei endring i folketrygdlova § 23-2 sjuande ledd andre punktum. Provenyverknaden
av endringa er ubetydeleg. Betaling for pass av barn under 12 år
og barn med særleg behov er fritatt frå arbeidsgivaravgift.
Komiteen sluttar seg til Regjeringa
sitt forslag til endring i folketrygdlova § 23-2 sjuande ledd andre punktum.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet har
ingen problemer med å støtte forslaget om å øke grensen for fritak
for arbeidsgiveravgift fra 50 000 kroner til 60 000 kroner. Disse medlemmer vil
imidlertid uttrykke manglende tro på at dette vil ha noen merkbar
effekt på bruken av såkalt svart arbeid. Disse medlemmer er
av den oppfatning at skattetrykket i Norge er alt for høyt og derfor
må reduseres kraftig. Disse medlemmer mener også
at et kraftig skattekutt vil være et effektivt bidrag for å få ned
bruken av svart arbeid.
Som hovudregel skal arbeidsgivarar gjere opp forskotstrekk i
tomånadlege terminar. Private arbeidsgivarar, som betalar lønn for
pass av barn under 12 år eller barn som har særleg behov for pleie
og omsorg, kan gjere opp forskotstrekket ein gong i året (årleg
oppgjer) når lønnsutbetalingane ikkje går over 60 000 kroner. For
alt anna privat arbeid er grensa for å nytte årleg oppgjersordning
30 000 kroner. Departementet foreslår å auke denne grensa til 60 000
kroner. Endringa vil bli fastsett i forskrift når grensa for fritak
for arbeidsgivaravgift er auka.
Komiteen tek omtalen til orientering.
Som eit alternativ til hovudregelen om terminvise oppgjer og
den forenkla ordninga med årlege oppgjer, kan private arbeidsgivarar
nytte ei anna forenkla oppgjersordning. Denne ordninga går ut på
at arbeidsgivaren skal gi melding om og betale inn forskotstrekket
til skatteoppkrevjaren samtidig med kvar enkelt lønnsutbetaling.
Ved å nytte denne ordninga treng arbeidsgivaren ikkje opprette skattetrekkskonto
og skaffe seg organisasjonsnummer. Departementet foreslår av forenklingsomsyn
å auke grensa for når ein kan nytte forenkla oppgjersordning frå
50 000 kroner til 60 000 kroner. Endringa vil framgå av forskrift
når grensa for fritak for arbeidsgivaravgift er auka.
Komiteen tek omtalen til orientering.