Innstilling frå helse- og omsorgskomiteen om lov om endringar i pasientskadeloven m.m. (dekking av advokatutgifter og forlengd søksmålsfrist)

Dette dokument

Til Odelstinget

1. Samandrag

1.1 Innleiing

Helse- og omsorgsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag til endringar i pasientskadeloven.

Norsk pasientskadeerstatning (NPE) handsamar krav om erstatning og betaler ut eventuell erstatning. Ein kan klage på NPEs vedtak til Pasientskadenemnda. Det blir gjort greie for aukinga i talet på saker som er sette fram for NPE og Pasientskadenemnda dei siste åra.

1.2 Dekking av advokatutgifter ved saker etter pasientskadeloven

Stadig fleire pasientar bruker advokathjelp i pasientskadesaker. Ifølgje opplysningar frå Pasientskadenemnda brukte 28 prosent av pasientane advokat ved nemndshandsaminga i 2003. I 2005 var talet 45 prosent. Departementet reknar det som sannsynleg at gjennomsnittleg timepris for 2007 vil liggje på 1 625 kroner når meirverdiavgift er lagd til. NPE dekte i 2003 utgifter til advokathjelp med 11,2 mill. kroner. I 2007 var beløpet 21,4 mill. kroner.

Helse- og omsorgsdepartementet meiner at auken i saksmengda og statens auka utgifter ikkje berre kan løysast gjennom å auke løyvingane til pasientskadeordninga og gjennom tiltak for å auke produktiviteten i NPE og Pasientskadenemnda. Departementet sende i oktober 2007 ut høyringsnotat med blant anna forslag om ei føresegn som opnar for at Kongen i forskrift kan gi føresegner som regulerer den timeprisen advokatane kan krevje for hjelp i pasientskadesakene.

Det følgjer av pasientskadeloven § 11 at pasientens utgifter til advokathjelp blir dekte dersom den som utgreier saka, har gjort vedtak om det eller utgiftene må reknast som tap som følgje av skaden. Pasienten kan krevje førehandsavgjerd om kva for advokatutgifter som vil bli dekte.

Det blir gjort greie for kva praksis NPE følgjer når det gjeld dekking av advokatutgifter, og for kva slag godtgjering for juridisk hjelp som blir gitt etter straffeprosesslova og rettshjelpsloven – salærforskriften.

Det blir vidare gjort greie for lovgivinga i Sverige og Danmark. Etter den svenske pasientskadeordninga blir ikkje pasientane sine utgifter til advokathjelp dekte, og advokatutgiftene til pasientane blir som hovudregel heller ikkje dekte etter den danske ordninga.

Departementet meiner at det er behov for å få betre kontroll med utgiftene til advokathjelp i ordninga. Ettersom erstatningskravet blir utgreidd av offentlege forvaltningsorgan som skal gjere ei objektiv utgreiing, og utgiftene til advokathjelp blir dekte av offentlege midlar, ser departementet det som rimeleg å berekne salæret ut frå den offentlege salærsatsen.

Departement foreslår eit nytt andre ledd i pasientskadeloven § 11 som opnar for at Kongen i forskrift kan gi nærmare reglar om dekking av advokatutgifter, mellom anna reglar om at statens offentlege salærsatsar skal brukast. Forslaget opnar også for at det er mogleg å gi nærmare reglar om berekninga av salæret. Departementet ser det også som naturleg at NPE og Pasientskadenemnda etter dette bruker offentlege salærsatsar ved eigen bruk av ekstern advokathjelp i pasientskadesaker. I tillegg har departementet pålagt Pasientskadenemnda å føre fleire rettssaker sjølv.

Departementet foreslår òg ei føresegn i nytt tredje ledd i pasientskadeloven § 11 som inneber at ein advokat som tek på seg eit oppdrag for ein klient som ønskjer å fremje eit krav mot NPE etter pasientskadeloven, eller som klagar på NPEs vedtak til Pasientskadenemnda, ikkje kan krevje eller ta imot betaling etter høgare timesatsar enn den offentlege salærsatsen.

Departementet foreslår at endringane skal gjelde saker der erstatningskravet er meldt til NPE etter at endringa i § 11 er tredd i kraft.

Departementet vil anslå at ein kan oppnå ei innsparing på rundt 25 prosent, så sant bruken av advokathjelp held seg konstant. I tillegg kan lovforslaget redusere Pasientskadenemndas og NPEs eigne utgifter til advokattenester.

Ein reknar ikkje med at forslaget får administrative konsekvensar.

1.3 Søksmålsfrist

Departementet har kome til at søksmålsfristen for domstolsprøving bør forlengjast frå fire til seks månader, og foreslår ei slik forlenging. Det blir peika på at ei utviding av søksmålsfristen til seks månader vil gi pasienten noko meir tid til å vurdere om det skal reisast søksmål, utan at saka blir utsett for mykje. Ein søksmålsfrist på seks månader harmonerer også godt med det som gjeld for dei tilsvarande pasientskadeordningane i Sverige og Danmark.

Departementet legg til grunn at ei endring av søksmålsfristen kan gi innsparingar, men uttalar at det ikkje er råd å vurdere kor mykje dei sparte utgiftene vil utgjere.

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Jorodd Asphjell, Jan Bøhler, Sonja Mandt-Bartholsen, Gunn Olsen og Dag Ole Teigen, frå Framstegspartiet, Jan-Henrik Fredriksen, Vigdis Giltun og leiaren Harald T. Nesvik, frå Høgre, Inge Lønning og Sonja Irene Sjøli, frå Sosialistisk Venstreparti, Kirsti Saxi, frå Kristeleg Folkeparti, Laila Dåvøy, frå Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, og frå Venstre, Gunvald Ludvigsen, er einig med Regjeringa i at det er nødvendig å setta inn tiltak mot de økte kostnadene ein har til advokathjelp opp mot Norsk pasientskadeerstatning (NPE).

Komiteen sluttar seg til Regjeringas forslag om eit nytt andre ledd i pasientskadeloven § 11 som opnar for at Kongen i forskrift kan gi nærmare reglar om dekking av advokatutgifter, mellom anna reglar om at statens offentlege salærsatsar skal brukast.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener det kan være en fare for at pasientskadesaker kan bli nedprioritert av erfarne advokater ved innføring av den foreslåtte salærsatsen, men ser at hensynet til lik behandling og behovet for å ha kontroll med utgiftene er viktig.

Imidlertid viser disse medlemmer til at tilsvarende ordning med offentlig salærsats for advokater bl.a. også gjelder i straffeprosessen for offentlig oppnevnt forsvarer. Disse medlemmer mener at en offentlig salærsats vil føre til en likebehandling i forhold til hva som blir dekket etter at rett til dekning av advokatutgifter er tilstått av NPE.

Disse medlemmer ser det som viktig at selve størrelse på salærsatsen vurderes og eventuelt endres slik at man sikrer bistand fra gode advokater, og vil på bakgrunn av dette støtte Regjeringens forslag til innføring av forskrift om offentlige salærtakster for advokatarbeid i forbindelse med behandling av saker i NPE.

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, sluttar seg også til forslaget om at eit nytt tredje ledd i pasientskadeloven § 11 som inneber at ein advokat som tek på seg eit oppdrag for ein klient som ønskjer å fremje eit krav mot NPE etter pasientskadeloven, eller som klagar på NPEs vedtak til Pasientskadenemnda, ikkje kan krevja eller ta imot betaling etter høgare timesatsar enn den offentlege salærsatsen.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet kan ikke se at innføring av salærtakst betalt av NPE bør begrense klagerens/pasientens valgmulighet når det gjelder tilgjengelige advokater og samtidig retten til å bruke egne midler etter eget ønske.

Slik disse medlemmer ser det, vil mulighet til å legge deler av saksbehandlingen utenfor det området NPE eller Pasientskadenemnda har godkjent, som ikke omfattes av forskriften, allikevel kunne føre til at pasienten får en høyere regning. Disse medlemmer mener at pasienten/klageren på forhånd bør kunne kreve vedtak om hvor stor del av advokathonoraret som vil bli dekket, og på den bakgrunn ta beslutning om valg av advokat ut fra egen økonomisk situasjon.

Disse medlemmer vil ikke støtte forslaget om nytt tredje ledd i § 11 i pasientskadeloven om at det ikke kan kreves ytterligere vederlag fra pasienten ved innføring av en offentlig salærsats.

Komiteen støttar forslaget om at søksmålsfristen for domstolsprøving forlengjast frå fire til seks månader, slik at pasienten får noko meir tid til å vurdere om det skal reisast søksmål, utan at saka blir utsett for mykje.

3. Tilråding frå komiteen

Tirådinga frå komiteen blir fremja av ein samla komité unnateke framlegget til § 11 nytt tredje ledd som blir fremja av Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre.

Komiteen viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere slikt

vedtak til lov

om endringar i pasientskadeloven m.m. (dekking av advokatutgifter og forlengd søksmålsfrist)

I

I lov 15. juni 2001 nr. 53 om erstatning ved pasientskader mv. (pasientskadeloven) blir det gjort følgjande endringar:

§ 11 nytt andre og tredje ledd skal lyde:

Kongen kan i forskrift gi regler som innebærer begrensninger i forhold til bestemmelsen i første ledd første punktum, herunder om at offentlige salærsatser skal benyttes.

Advokaten kan ikke kreve eller motta ytterligere vederlag av pasienten for den del av saken der utgiftene dekkes etter paragrafen her.

§ 16 første ledd første punktum skal lyde:

Kongen oppnevner leder, nestleder og medlemmer med varamedlemmer til Pasientskadenemnda.

II

I lov 29. juni 2007 nr. 78 om endringer i lov 15. juni 2001 nr. 53 om erstatning ved pasientskader mv. (pasientskadeloven) m.m. blir det gjort desse endringane:

Endringa i § 11 første ledd blir oppheva.

§ 18 andre ledd første punktum skal lyde:

Søksmål må reises innen seks måneder fra det tidspunkt underretning om endelig vedtak i Pasientskadenemnda er kommet fram til vedkommende.

III

Lova gjeld frå det tidspunktet Kongen bestemmer. Kongen kan bestemme at dei enkelte føresegnene skal tre i kraft til forskjellig tid.

§ 11 nytt tredje ledd gjeld berre for saker der krav er meldt til Norsk pasientskadeerstatning etter reglane i § 9 etter at denne lova har tredd i kraft.

Oslo, i helse- og omsorgskomiteen, den 20. november 2008

Harald T. Nesvik Jorodd Asphjell
leiar ordførar