1. Bakgrunn

I proposisjonen fremjar Kommunal- og regionaldepartementet forslag til enkelte endringar i lov 28. juni 2002 nr. 57 om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer (valgloven) og lov 25. september 1992 nr. 107 om kommunar og fylkeskommunar.

Ein del av lovforslaga er ei oppfølging av forslaga til Regjeringa i St.meld. nr. 33 (2007–2008) Eit sterkt lokaldemokrati, som vart lagd fram 20. juni 2008.

I etterkant av kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2007 gjennomførte departementet ei brei evaluering av måten valet vart gjennomført på i kommunane. Spørsmål om endring i personvalordninga er ei oppfølging til vedtak i Stortinget.

Ved brev av 27. juni 2008 sende Kommunal- og regionaldepartementet på høyring forslag om endringar i vallova og kommunelova. Det kom inn 128 høyringsfråsegner. Av desse var 93 frå kommunar og 11 frå fylkeskommunar. Fire fylkesmannsembete har gitt fråsegner.