3. Merknader frå Justisdepartementet

Departementet vurderer for tida kor stort problemet er når det gjeld utilstrekkeleg sletting av data på faste lagringsmedium (diskar) i mikromaskinar. Hausten 1992 starta dessutan Justisdepartementet ein høyringsrunde om framlegg til lov og føresegner for å sikra informasjon. Det vert no arbeidd vidare med saka med utgangspunkt i dei fråsegnene høyringsinstansane er komne med.

       Departementet peikar på at EØS-avtalen ikkje bind Noreg på personvernområdet. Når direktivet ligg føre, vil det likevel vera aktuelt å vurdera om det tilseier eindringar i det norske regelverket.

       Når det gjeld telekommunikasjon reiser ynsket om eit tidsmessig tilbod nye spørsmål m.a. om lagring og sikring av samtaledata. Datatilsynet gav Telemobil A/S konsesjon til registrering av oppringte nummer utan samtykke frå abonnenten, medan ein til dels tilsvarande søknad frå Televerket vart avslått. Grunngjevinga for dette avslaget var at registreringa ville gjeva samfunnet større høve til kontroll med einskildpersonar. Ut frå den trongen Televerket har for ei ny takseringsordning har departementet til dels endra på dette avslaget. Det er ein føresetnad for departementet at omsynet til personvernet skal sikrast m.a. med regelverk om teieplikt og med konsesjonsvilkår som vert fastsette av Datatilsynet.

       Departementet er samd med Datatilsynet i at sal av kunderegister frå konkursbu er særs uheldig. Også konkurs i datahandsamingsføretak kan ha uheldige fylgjer for kundane til føretaket. Departementet vil oppmoda skifterettane om å informera bustyrarane om desse tilhøva.

       Departementet er samd med Datatilsynet i at det generelt bør visast varsemd med korleis politiet brukar tredjemann sine personregister. Det blir vist til at straffeprosesslova kap. 16 har innarbeidd eit system for når påtalemakta og retten i sin tur er kompetente til å setje i verk beslag.

       Departementet meiner til liks med Datatilsynet at opplysningar om bortlagde straffesaker må handterast med stor varsemd. Korkje utvida eller fullstendig politiattest skal innehalda opplysningar om bortlagde straffesaker. Departementet vil senda ut eit rundskriv til politikamra om korleis føresegnene skal praktiserast, slik at ein kan hindra at slike opplysningar vert utleverte.

       Når det gjeld edb i bedriftshelsetenesta, syner departementet m.a. til ei fråsegn frå Statskonsult der det vert stilt spørsmål ved om det å isolera eit system for helsedata frå edb-systemet til verksemda elles, er føremålstenleg. Departementet peikar på at det kan vera ulike oppfatningar om kva for løysingar som er best egna til å nå måla innanfor personvernområdet.

       Når det gjeld Riksrevisjonen sitt høve til å kopla register, syner ein til Innst.S.nr.204 (1992-1993). Stortinget vedtok under handsaminga av saka å be Regjeringa gjera framlegg til endring av personregisterlova, slik at Riksrevisjonen si kopling av offentlege register kan skje utan løyve frå Datatilsynet. Departementet tek sikte på å fremja ein proposisjon om dette våren 1994.

       Departementet arbeider med føresegner om innsynsrett til m.a. dei manuelle registra til foreiningar og trussamfunn.

       Det vert vidare arbeidd med å endra føresegnene for å frita fleire typar av personregister frå konsesjonsplikt. Departementet vurderer òg om Datatilsynet bør få fullmakt til å frita personregister frå konsesjonsplikt.

       Når det gjeld namsstyresmakatene sin kontroll med fødselsnummer, vert det vist til at Stortinget i 1990 vedtok at identifikasjon av saksøkte skulle avgrensast til fødselsdato, og at fødselsnummer ikkje skulle nyttast. Denne løysinga er ført vidare i den nye tvangsfullføringslova. Departementet vil vurdera ulike tiltak for å unngå personforveksling i samband med tvangsfullføring, og vil på nytt vurdera spørsmålet om bruk av personnummer.

       Somme offentlege personregister har fått karakter av å yta reell kredittopplysning. Departementet tek sikte på å gå igjennom dei sidene som gjeld personvernet i løpet av 1994.

       Justisdepartementet har merka seg dei synspunktene som kjem fram under punktet om administrasjon. Departementet arbeider for at Datatilsynet skal få best moglege arbeidsvilkår. Det vert peikt på at det frå november 1992 vart oppretta eit eittårig engasjement som rådgjevar for å fylgja opp utgreiinga om vern av informasjon.