4. Komitémerknader

Datatilsynet si årsmelding er etter komiteen si meining ein god gjennomgang av ei rekke prinsipielt viktige spørsmål om personvern og personregister.

       Komiteen meiner denne årsmeldinga gir Stortinget høve til å drøfte og trekkje opp retningsliner på dette viktige området.

       Komiteen konstaterer at det er utviklingstrekk som truar eller svekkar personvernet. Sektorbehov for effektivisering av lover og normer som det er brei semje om gjer samfunnet meir og meir gjennomsiktig.

       Komiteen meiner det er viktig å vere restriktiv når det blir sett fram ynskje om å kombinere to eller fleire sett persondata for å få fram ny viten knytt til identitet. Komiteen er samd i at slik kopling av fleire sett persondata må vere heimla anten i eksisterande lovverk eller gjennom konsesjon frå Datatilsynet. Datatilsynet må leggje stor vekt på føremålet med kopling før løyve blir gitt.

       Komiteen er merksam på at bruk av edb-maskinar til m.a. å føre personregister aukar i omfang. Komiteen meiner det er grunn til å tru at denne utviklinga vil halde fram på grunn av fallande prisar på data, og at nye verksemder ser nytten i å skaffe edb og utvide bruk av edb til nye oppgåver. Komiteen vil òg peike på utviklinga på produktsida som går i retning av eit stort antal edb-system med ulike sikringseigenskapar. Dette gjer det vanskeleg å bruke generelle råd og reglar. Komiteen vil streke under det auka krav til kompetanse som oppstår på brukarsida i utviklinga mot større bruk av lokale løysingar.

       Komiteen er samd med Datatilsynet i at ein skal stille som vilkår for konsesjon ved sensitive register at tryggleiken i edb-systemet skal vere vurdert av eit uavhengig organ. Det er viktig at sensitive personopplysningar ikkje kjem på avvegar.

       Komiteen har merka seg den utviklinga som skjer innanfor telekommunikasjon. Bruk av data vil opne for nye teletenester, men komiteen vil streka under faren som ligg i denne utviklinga ved at det er snakk om oppretting av kunderegister med automatisk registrering av data.

       Kva for personvernproblem som kan oppstå i tilknyting til etablering av nye teletenester er vanskeleg å sjå. Komiteen er derfor samd med Datatilsynet i at Datatilsynet må kome inn på eit tidleg stadium i utviklinga av nye teletenester, slik at personvernomsynet kan takast i vare.

       Komiteen har merka seg Datatilsynet si vurdering av søknaden frå Televerket om oppretting av kunderegister der ein automatisk registrerer opplysningar om telefonsamtaler, oppringt nummer, lengd på samtale, pris m.m.

       Komiteen har også tidlegare i Innst.S.nr.173 (1992-1993) omtalt denne saka. Etter komiteen si meining er det nå behov for ein gjennomgang av dei problema ny telekommunikasjonsteknologi reiser av etisk og personvernmessig art. Komiteen fremmer difor forslag om at Regjeringa i løpet av året legg fram ei stortingsmelding som omhandlar desse spørsmåla.

       Komiteen stør Datatilsynet si oppfatning av personverndebatten i Stortinget i 1992. Komiteen vil på nytt streke under verdien av det arbeid Datatilsynet utfører med tanke på å ivareta personvernet for den einskilde. Komiteen har tidlegare peika på at det er auka spørsmål etter å gjere seg nytte av, eller registrere for å kunne bruke, opplysningar om ulike transaksjonar i samfunnet. Komiteen har òg merka seg at vi får stadig fleire personregister med opplysningar om einskildindivid. Komiteen er klår over at kopling av ulike register kan gi uønska opplysningar om einskildpersonar. Ei fortsatt restriktiv haldning m.o.t. å kople register er, etter komiteen si meining, viktig for å møte denne utviklinga. Det vil òg vere nødvendig å ha reglar om utveksling/sal av slike opplysningar.

       Komiteen viser til at talet på konkursar har auka sterkt dei siste åra. I mange av desse konkursane inngår personregister. Komiteen vil streke under kor viktig det er å vere aktpågivande i handsaminga for å sikre at personregister ikkje kjem på avvegar.

       Komiteen har merka seg det press som er på tredjemann sine personregister i samband med politiet si etterforsking av lovbrot. Komiteen deler Datatilsynet si oppfatning om at dersom politiet skal gjere bruk av tredjemann sine personregister, må det manast til ekstra varsemd.

       Komiteen har merka seg ynskjet frå mange einskildpersonar om at opplysningar om bortlagde straffesaker bør slettast i politiregistra, dette m.a. på grunn av at opplysningar om bortlagde saker er blitt utgitte i samband med utvida politiattest. Komiteen konstaterer at departementet slår fast at opplysningar om bortlagde straffesaker ikkje skal takast inn i utvida politiattest. Komiteen er tilfreds med at departementet har fulgt opp dette.

       Komiteen er merksam på den utryggleik som edb-basert kartlegging av arbeidsprestasjonar på detaljnivå fører til. Komiteen reknar med at Datatilsynet vurderer nøye utviklinga på dette området, både med tanke på kva opplysningar ein arbeidsgjevar skal kunne registrere og kva opplysningar ein arbeidsgjevar skal ha lov å hente ut frå arbeidsstasjonar som er kopla saman i nett.

       Komiteen har ikkje innvendingar til dei avgjerder Datatilsynet har teke i einskildsakene av prinsipiell karakter som er med i årsmeldinga frå Datatilsynet. Komiteen meiner det er viktig at Datatilsynet spelar ei aktiv rolle overfor konsesjonssøkjarane for å rettleie og informere om krav Datatilsynet set i samband med oppretting av register.

       Komiteen har merka seg den vekt Datatilsynet legg på informasjonsarbeidet. Komiteen stør vektlegginga av informasjon og viser i den samanhang til budsjetthandsaminga i 1993 der komiteen gjekk inn for oppretting av stilling som informasjonsmedarbeidar.