3. Verksemda i Norsk rikskringkasting

Programverksemda

       NRK sende i 1994 til saman om lag 3.600 timar fjernsyn og om lag 46.500 timar radio. Samla inneber dette ein auke av sendetida på 25 % frå 1993 og skyldast i første rekkje ei utviding av sendetida til riks- og distriktsradioen.

       Ein kan konstatere at NRK-Radio har utvida den relative sendetida for nyhende-, sport- og kulturprogram. Det er òg ein tendens til at marginale programkategoriar som drama til undervisningsprogram tapar noko terreng.

       Den relative fordelinga mellom ulike programtilbod i NRK-fjernsynet var i 1994 stabil samanlikna med 1993. Den relative sendetida til informasjons- og sportsprogram vart utvida noko, medan kulturprogram, nyhende og underhaldningsprogram gjekk noko attende. Eigenproduksjonen i NRK-fjernsynet var i 1994 57,6 % mot 56 % i 1993. Tala representerer for begge åra den høgaste eigenproduksjonen nokon gong.

       Prioriteringa av distriktskontora held fram. Sendetida i distriktsradioen er for tredje året på rad utvida kraftig frå 18.967 timar i 1993 til 22.741 timar i 1994. Distriktsfjernsynet sin del av rikssendingane opplevde ein auke på 32 % eller 339 timar. Programverksemda ved distriktskontora stod for 17 % av eigenproduksjonen til NRK.

       Bruken av nynorsk i NRK var i 1994 stabil samanlikna med 1993. Bruken av nynorsk i NRK er for låg i høve til Stortinget sine føresetnader. Departementet strekar under at arbeidet med å styrkje nynorskdelen i alle kanalar må halde fram.

OL 1994

       NRK var vertskringkastar for dei olympiske spela på Lillehammer i 1994. Ein eigen divisjon, NRK ORTO 94, var ansvarleg for produksjon og overføring av dei internasjonale sendingane frå tevlingane. Totalt medverka om lag 750 NRK- medarbeidarar i satsinga.

Organisering og økonomi

       NRK hadde til saman 3.002 tilsette omrekna til heile årsverk ved utgongen av 1994. Dette utgjer ein auke på 41 årsverk samanlikna med 1993. Ved sidan av ei styrking av sportsredaksjonen i NRK-fjernsynet, kom auken i bemanninga den programskapande verksemda i distriktskontora til gode.

       Rekneskapen for 1994 syner eit positivt resultat. Årsresultatet for 1994 utgjer 27,6 mill. kroner mot 1,6 mill. kroner i 1993. Det positive årsresultatet kan i stor grad tilskrivast ei tilbakeført avsetjing på 32,6 mill. kroner som følgje av avviklinga av prosjektet OL-94. Driftsresultatet for året er negativt med 29,1 mill. kroner. Det utgjer likevel ei betring på ca 2 mill. kroner i forhold til driftsresultatet i 1992.

       NRK meiner resultatet for 1994 har styrkt NRK. Dette kjem i hovudsak av større inntekter frå særavgifta enn venta og eit positivt sluttbidrag frå ORTO. Samla sett meiner NRK at kostnadene er under kontroll. NRK held dessutan fram arbeidet med økonomistyring og kostnadseffektivitet.

       Lønsforhandlingane i NRK har dei to siste åra ført til konflikt og stopp i sendingane. Lønsveksten har etter dette vore langt høgare enn til dømes i statleg sektor. Departementet vil streke under at uforsvarleg kostbare lønsoppgjer er eigna til å undergrave framtidige ønske om auke i lisensen frå NRK si side. Departementet ser det som positivt at NRK har slutta seg til NAVO.

Verksemda dei siste åra

       NRK legg opp til å føre vidare den noverande programpolitikken og sin allmenne profil.

       Det vil bli satsa vidare på distriktsradio og distriktsfjernsyn. Ei satsing på utvikling av bimediale arbeidsmetodar, der medarbeidarane meistrar programproduksjon for både radio og fjernsyn, vil auke produktiviteten ved å auke talet på sendetimar i begge media og styrkje dekninga av distrikta. Satsinga vil òg medverke til at rikskanalane har ein landsdekkjande programprofil. NRK tek sikte på å styrkje samarbeidet og utveksling av program med uavhengige produksjonsselskap. Det er etablert eit prøveprosjekt for denne typen samarbeid med NEA radio, ein allmenn nærradio i Sør-Trøndelag.

       NRK tar del i europeiske samarbeidsorgan som er etablerte for å utvikle og føre vidare standardar og løysingar for digitalt fjernsyn.

       Eit utval med representantar frå Norsk rikskringkasting, Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i læringsmiljø la i januar 1995 fram utgreiinga « Nye perspektiv på undervisning via fjernsyn ».

       Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil, i samråd med Kulturdepartementet, vurdere dei tilrådingane som utvalet har lagt fram.