4. Verksemda i TV2

Allment

       Verksemda til TV2 har i 1994 i hovudsak vore i samsvar med konsesjonsvilkåra når det gjeld dei tekniske og organisatoriske krava. TV2 opplevde som einaste norske fjernsynskanal ei auke i oppslutninga frå publikum i 1994. TV2 har på kort tid opparbeidd lønsam drift og har i 1994 oppnådd eit betre resultat enn budsjettert.

Programverksemda

       TV2 hadde i 1994 til saman 3.700 sendetimar mot 3.400 i 1993. TV2 opplyser i årsmeldinga at programprofilen i 1994 ikkje vart vesentleg endra frå 1993. Nyhende og aktualitetar vart høgt prioriterte i programverksemda til TV2. I tillegg til dei to faste sendingane vart nyhendeformidlinga hausten 1994 utvida med fem korte sendingar om morgonen.

       Programrådet til TV2 uttalte i samband med verksemda i 1993 at det i stor grad er nøgd med programprofilen til TV2, men peikte likevel på at særleg program for barn og ungdom og kulturstoff i den smale tydinga av omgrepet, var lågt representerte. TV2 starta i 1994 å sende eigne barneprogram, men berre på laurdagar og søndagar. Programrådet har ikkje uttala seg om den generelle programprofilen i 1994. Sidan programprofilen ikkje er vesentleg endra i 1994 går departementet ut frå at konklusjonane til programrådet framleis held stikk. Det bør ikkje vere økonomiske hinder i vegen for at kanalen skal kunne sende eit fullverdig tilbod til barn og minoritetar.

       Statistikken over programprofilen som blir presentert i årsmeldinga til TV2 er mangelfull. Departementet viser til at årsmeldinga på dette punktet ikkje gir grunnlag for å vurdere på kva måte TV2 held seg til konsesjonsvilkåra. Departementet finn det rimeleg at TV2 i framtida gir ein meir detaljert statistikk over programverksemda, slik at det er mogleg å vurdere om TV2 driv i tråd med prinsippa for allmennkringkasting.

       Om lag 48 % av programma TV2 sende i 1994 var produserte i Noreg. Departementet finn det positivt at selskapet tek sikte på å nå målet om 50 % norskproduserte program allereie i 1995.

       TV2 har i 1994 i aukande grad nytta den såkalla entreprismodellen for brorparten av programma, med unntak særleg for nyhende-, sports-, aktualitets- og debattprogram og vervarslinga. Verdien av program TV2 kjøpte av sjølvstendige norske produsentar i 1994 var på om lag 100 mill. kroner. Utbygginga av eit nettverk for eit landsdekkjande samarbeid med frittståande produksjonsselskap og einskilde korrespondentar om nyhende held fram.

Organisering, økonomi og eigartilhøve

       TV2 sysselsette i 1994.310 personar, ein arbeidsstokk som stod for til saman om lag 300 årsverk. Dette er ein auke på om lag 50 årsverk samanlikna med 1993.

       I april 1995 kunne 93 % ta inn sendingane til TV2. TV2 reknar med dette utbygginga av det jordbundne sendarnettet for fullført. Det er i tillegg mogleg å ta inn sendingane til TV2 via satellitt.

       Programrådet for TV2 hadde i 1994 to møter og handsama til saman 13 saker. Det er ikkje utarbeidd ei samla oversikt over verksemda i 1994. Det vil vere føremålstenleg at programrådet laga ein samla oversikt over sine vurderingar av programverksemda.

       TV2 har utvida samarbeidet med NRK både på det tekniske området og om einskilde, særleg store, produksjonar. Korkje TV2 eller NRK kan vise til at det er tatt noko initiativ for å inngå innkjøpssamarbeid for å unngå prisdrivande konkurranse, slik Stortinget la til grunn ved etableringa av ein reklamefinansiert kanal. Tvert om har departementet registrert eksempel på at dei to kanalane har drive kostnadene til rettane til idrettsarrangement og andre populære arrangement opp. Denne utviklinga er skadeleg for begge kanalane, men kanskje særleg for NRK som i mindre grad kan hente inn ekstrainntekter i samband med populære program.

       TV2 bokførte både i 1992 og 1993, i samsvar med budsjettet, eit underskot på driftssida. Rekneskapen for 1994 viser eit overskot på 35,6 mill. kroner. Dei totale driftsinntektene viser ein auke på 163 % samanlikna med 1993, noko som i hovudsak skyldast veksten i sal av reklame. Driftskostnadene skyldast veksten i sal av reklame. Driftskostnadene viser ein svak auke på 6,5 % i høve til 1993.

       Ved utgongen av året var dei tre største eigarane Schibsted AS med 33,32 % av aksjane, Egmont AS med 33,07 % og Vital AS med 15 %. I tillegg var det ein rekkje mindre aksjonærar som eigde inntil 5 % av aksjane. I 1995 har A-pressen AS kjøpt opp knappe 25 % av aksjane i TV2 og er dermed den tredje største aksjonæren i selskapet. I oktober 1995 kjøpte Aller-gruppen til saman om lag 8 % av aksjane får mindre aksjonærar.

Verksemda dei neste åra.

       TV2 reknar med ei positiv utvikling i den totale reklamemarknaden dei neste åra. Prognosar tyder på at reklameomsetninga for fjernsyn vil overstige 1 mrd. kroner allereie i 1995 og at den vil vekse til om lag 1,5 mrd. kroner innan 1998. Utviklinga avheng likevel mykje av korleis konjunkturane elles utviklar seg i perioden.

       TV2 legg ikkje opp til omfattande endringar i programprofilen i 1995 eller i perioden fram til 1998. Nyhende- og aktualitetsprofilen vil bli ytterlegare styrkt. Vidare tek ein sikte på å auke eigenproduksjonen gjennom eit underhaldningsprogram som dekkjer heile laurdag kveld. Departementet viser til sine merknader i 3.3.2 og føreset at programverksemda, der TV2 ikkje har eit fullgodt tilbod, blir brakt i samsvar med konsesjonsvilkåra.