2. Allmenne spørsmål

Kringkastingsmarknaden

       Statistikken viser at det ikkje skjedde store endringar i radio- og fjernsynsforbruket i Noreg i 1994. På konkurranseområdet var hovudtendensen at dei kommersielle riksdekkjande allmennkringkastarane, TV2 og P4, auka oppslutninga noko, medan særleg nærkringkastarane tapte terreng.

       Tal for første halvår 1995 syner at radiolyttinga ligg stabilt på om lag same nivå som i 1994 (jf. tabell 1).

Tabell 1: Gjennomsnittleg marknadsdel (%) av total lyttartid radio

  TOTALT
  1992 1993 1994 1. kv. 1995 2. kv. 1995 3. kv. 1995
NRK 67 68 60 60 60 60
P4 - 6 27 28 28 28
Nærradio 30 24 12 12 12 12
Total 97 98 99 100 100 100

Kjelde: NRK Forskningen

       I snitt såg 72 % av befolkninga fjernsyn kvar dag i 1994. Det er ein auke på 1 % i høve til 1993. Den gjennomsnittlege sjåartida i 1994 auka noko, med 7 minutt til 140 minutt totalt. Auken i sjåartida har i sin heilskap kome TV2 til gode, medan NRK opplevde ein svak reduksjon. Dei kommersielle kanalane som vert formidla over satellitt og kabel har samla ei stabil oppslutning. Desse tendensane ser ut til å halde fram i 1995 (jf. tabell 2).

Tabell 2: Gjennomsnittleg marknadsdel (%) av fjernsynssjåing i prime time (man.-søn. 19.00-23.00)

  TOTALT
  1992 1993 1994 1. kv. 1995 2. kv. 1995 3. kv. 1995
NRK 68 59 56 51 54 53
TV2 5 19 23 29 26 28
TVNorge 9 9 8 9 7 6
TV3 6 5 5 5 4 4
Andre 12 8 8 7 8 8
Total 100 100 100 101 99 99

Kjelde: NRK/Fjernsynet og MMI Norsk TV-meter panel

       På grunn av det statistiske materialet som ligg føre, konstaterer departementet at norske sjåar- og lyttarvaner og tilhøva på kringkastingsmarknaden var relativt stabile i 1994 og at de norske allmennkringkastarane forsvarar si sterke stilling.

Reklamemarknaden

       Årsmeldinga til TV2 syner at samstundes som den totale reklamemarknaden veks, auka fjernsynsreklamen sin del av totalen med over 50 % frå 615 mill. kroner i 1993 til 930 mill. kroner i 1994. I 1994 hadde TV2 vel 60 % av den totale omsetninga av fjernsynsreklame, i 1995 opp mot 70 % av reklamemarknaden. Noko avhengig av korleis dei økonomiske tilhøva utviklar seg i Noreg, reknar TV2 med at det framleis er rom for ein auke i fjernsynsreklame i 1995, men at denne auken blir noko mindre dei neste to åra. TV2 reknar med, mellom anna på grunn av det aukande talet på kanalar, å måtte førebu seg på hardare konkurranse om reklamekronene.

       Radioreklamen står for om lag 5 % av den totale reklameomsetninga i Noreg, medan fjernsynsreklamen utgjer rundt 30 %. Statistikken som ligg føre for reklameomsetninga i radio tyder dessutan på at den prosentvise veksten her har vore langt sterkare enn reklameomsetninga for fjernsynet dei siste åra.

       Etter etableringa av P4 har nærradioane meir enn halvert si oppslutning. Statistikken for reklamemarknaden totalt viser at radioen aukar sin del av reklameomsetninga og at auken særleg finn stad innanfor merkevareannonsering. Ein reknar med at auken i reklameinntekter hovudsakleg kjem P4 til gode.

Allmennkringkasting

       I samsvar med stortingsfleirtalet sitt syn, vil departementet syte for at det blir nemnt opp eit eige råd for allmennkringkasting med representantar frå dei eksisterande programområda frå NRK, TV2 og P4. I tillegg vil det bli nemnt opp medlemer som representerer kulturlivet og medieforskarmiljøa i Noreg. Departementet tek sikte på at dette rådet skal kome i gang med verksemda frå årsskiftet 1995/96.

       Til hjelp for rådet si verksemd vil departementet utarbeide eit sett av kriterium for måling av allmennkringkasting. Departementet tek sikte på at dei skal vere ferdig utarbeidde ved årsskiftet 1995/96.

Spreiing av nordisk fjernsyn

       Etter initiativ frå den danske og norske statsministeren vurderte det norske Kulturdepartementet i samråd med Kulturministeriet i Danmark ulike bilaterale løysingar for distribusjon av dansk fjernsyn i Noreg. Mellom norske kabelselskap, rettighetshavarane sin organisasjon Norwaco og kringkastingsselskapa er det inngått ein rammeavtale som vil gjelde for vidaresending av dansk fjernsyn i kabelnetta. Dansk fjernsyn kan derfor teknisk sett bli distribuert i norske kabelanlegg på same måte som svensk fjernsyn blir distribuert i Noreg.

       Telenor har frå desember 1995 starta vidaresending via satellitt av signal mottekne i Noreg, og tilbyr dansk fjernsyn (Danmarks Radio og dansk TV2) i norske kabelnett. Om tilbodet skal bli permanent avheng av interessa blant kabelabonnentene.

       Frå ulike hald er det tatt til orde for spreiing av norsk fjernsyn i Sverige. Dei tekniske og rettslege tilhøva i Sverige ligg til rette for vidareformidling av norske program i svenske kabelnett. Interessa for slik vidaresending blant abonnentane og kabelselskapa avgjer om slik formidling skal finne stad.

Medieetiske spørsmål

       Klagenemnda for kringkastingsprogram fekk i 1994 34 klager, like mange som for 1992 og 1993 til saman. Langt dei fleste klagene gjeld nyhende- og aktualitetsprogram. Det vert først og fremst klaga over « utilbørlig behandling » og kombinasjonen « utilbørlig behandling og krenking av privatlivets fred ».

       Departementet nemnde i 1994 opp eit utval for å vurdere prinsipielle og praktiske spørsmål knytt til ei ordning med medieombod i Noreg. Utvalet, som etter føresetnadene skal leggje fram ein rapport ved årsskiftet 1995/96, skal særleg vurdere om eit slikt ombod kan medverke til å styrkje det medieetiske arbeidet i Noreg og drøfte tilhøvet mellom eit medieombod og eksisterande medieetiske institusjonar som Klagenemnda for kringkastingsprogram og Pressens Faglige Utvalg.

       Styret i Norsk Presseforbund har på prinsipielt grunnlag gått inn for at Pressens Faglige Utvalg òg skal kunne ta imot klagar som gjeld kringkastingsprogram. Ordninga vil tidlegast ta til å gjelde frå årsskiftet 1995/96.

       Departementet følgjer den medieetiske utviklinga nøye og kjem tilbake til organiseringa av det medieetiske arbeidet i 1996, etter at utvalet som vurderer ei medieombodsløysing har lagt fram si innstilling.

Fra analog til digital distribusjon av media

       Vi står på terskelen til ei omlegging frå analog til digital distribusjon av medier. I Noreg er det sett i verk prøvedrift av digital radio, på noko lengre sikt vil digitalt fjernsyn bli utbygd. Samstundes satsar ulike medieaktørar på utvikling av Internett-tenester. Grensa mellom medium og distributør vil etter kvart bli vanskelegare å trekkje. Utviklinga av digital teknologi tvingar dei dominerande aktørane til oppkjøp og danning av alliansar av ulike slag som på sikt vil gi omfattande strukturelle endringar i mediesektoren både i Noreg og internasjonalt. Konsentrasjon av medieegarskap inneber ein trussel mot mangfaldet og i yttarste konsekvens mot presse- og informasjonsfridommen. Samstundes er ein viss konsentrasjon i mediesektoren nødvendig for å kunne hevde seg i konkurransen nasjonalt og internasjonalt.

       Konsekvensen av ein situasjon der medietilbodet veks er at konkurransen uvilkårleg aukar, samstundes som danning av store medieverksemder og konsern inneber ei aukande fokusering på avkastning og forteneste. Sjølv om tilbodet reint kvantitativt blir høgare er det ikkje nødvendigvis slik at mangfaldet eller breidda aukar. Departementet ser det derfor som ei hovudoppgåve å leggje tilhøva til rette for eit tilbod basert på kvalitet. Dette inneber at det blir alt viktigare å forsvare prinsippa og tradisjonane som ligg i allmennkringkastingsomgrepet og sikre pressa vilkår som gjer at den kan utøve sin tradisjonelle rolle og oppgåver. Det tyder sjølvsagt ikkje at offentlege verkemiddel ikkje vil bli endra. Tvert om krev den raske utviklinga at lovverk, organisatoriske og økonomiske tilhøve må bli vurderte og reviderte kontinuerleg.

Digital lydkringkasting (DAB)

       Samanlikna med dagens analog lydkringkasting har digital lydkringkasting fleire føremoner. DAB (Digital Audio Broadcasting) gir langt betre lydkvalitet, særleg ved mottak i bil. Frekvensspekteret vil kunne bli utnytta betre og sendarnetta blir billegare i drift. I tillegg til overføring av lyd vil dei digitale sendarane òg kunne overføre datatenester.

       NRK og P4 har sidan 1994 i samarbeid med Telenor AS drive tekniske prøvesendingar med digital lydkringkasting. Også nærkringkastingssektoren er representert i styringsgruppa for denne prøveverksemda. Erfaringane med prøvesendingane har så langt vore positive.

       I Wiesbaden i Tyskland vart det i juli 1995 ført tingingar og gjort vedtak om fordeling av frekvensar til jordbunden digital kringkasting i Europa. Ved desse tingingane fekk Noreg ei frekvensblokk til landsdekkjande kringkasting og ei blokk til regional kringkasting i kvar av seks regionar, med 3-4 fylke i kvar region. Ved eventuelle seinare tingingar kan ytterlegare frekvensblokker bli gjort tilgjengelege for digital kringkasting.

       Utviklinga av DAB har kome så langt at det no er naudsynt å ta stilling til om denne teknikken skal innførast i Noreg og eventuelt kva prinsipp som bør ligge til grunn for fordelinga av frekvensressursane. Departementet tek sikte på å kome attende til denne saka om kort tid.