5. Radio hele Norge AS (P4)

Programverksemda

       P4 melder at dei i hovudsak rettar seg mot vaksne menneske (aldersgruppa 20-50 år) og at programverksemda blir lagt opp etter dette. Vidare heiter det at ein òg har eit tilbod til barn og ungdom og religiøse program og at ein legg særleg stor vekt på formidling av nyhende og presentasjon av musikk. Det vert ikkje lagt fram statistikk over programprofilen. Det er såleis ikkje mogleg å avgjere om P4 har ein programprofil som er i tråd med konsesjonen og prinsippa for allmennkringkasting.

       P4 sender i dag ikkje program for den samiske befolkninga eller språklege minoritetar, slik konsesjonsvilkåra føreset.

       P4 nemner kultur som eit av sine redaksjonelle hovudsatsningsområde. Departementet har likevel klare indikasjonar på at P4, særleg med omsyn til smale grupper, ikkje følgjer prinsippa for allmennkringkasting fullt ut. Blant anna ligg det føre ei undersøking som viser at P4 i sine sendingar gir svært liten plass til kulturstoff i den smalare tydinga av omgrepet. P4 brukar i si årsmelding mykje plass på å setje spørsmålsteikn ved innhaldet i allmennkringkastingsomgrepet. Departementet strekar under at vilkåra som er sett i konsesjonen ligg fast og ikkje er tema for forhandlingar.

       Kulturdepartementet oppnemnde eit programråd for P4 i oktober 1994. Programrådet skal drøfte og uttale seg om hovudlinene for programverksemda i P4, og om programsaker som administrerande direktør for P4 legg fram for rådet. Styret og direktøren kan også be rådet uttale seg om administrative og økonomiske saker.

Organisering og økonomi

       P4 har oppretta hovudkontor på Lillehammer. Eit underkontor, marknadsavdelinga og salsavdelinga ligg i Oslo. Det er i 1994 oppretta eit eige lokalkontor i Tromsø. P4 sysselsette ved årsskiftet 1994/1995 noko over 50 faste medarbeidarar. Det er oppretta eit formalisert samarbeid med ei rekkje nærradioar i Noreg og med korrespondentar i utlandet. I tillegg har fleire nærradioar som ikkje har faste avtalar levert innslag til P4.

       Det er ikkje meldt om endringar i eigarsamansetjinga i P4 i 1994. Pr. 31. desember 1994 hadde P4 desse eigarane: Tharald Brøvig, Endre Røsjø og Stormbull AS, kvar med 20 % av aksjekapitalen, Kinnevik AS med 13,32 %, AB Kinnevik og Ingress TV AS med 10 % og Malmship med 6,68 % av aksjane. Den utenlandsk-kontrollerte eigardelen utgjorde 33,32 % av aksjane. I 1995 har Stormbull selt 10 % av aksjane til Per M. Solvang og Malmship har selt heile sin aksjepost til tilsette, styremedlemmer og tillitsvalde i P4. Den norskeigde delen av aksjane til Industriförvaltning AB Kinnevik som tidlegare var delt på Kinnevik AS og Ingress TV AS er no konsoliderte i Kinnevik AS.

       Med ei omsetning på 80,5 mill. kroner bokførte P4 i 1994 eit positivt resultat på 4,7 mill. kroner. Selskapet reknar med at den positive økonomiske utviklinga vil halde fram i 1995.

       Departementet finn generelt at årsmeldinga til P4 i liten grad gir grunnlag for å vurdere om drifta er i tråd med konsesjonsvilkåra. Vi minner om at departementet kan krevje å få dei opplysningane som det finn nødvendig for å kontrollere om konsesjonsvilkåra blir etterlevde. Departementet føreset at P4 i neste årsmelding gjer nærmare greie for programverksemda på grunnlag at statistikk og annan relevant informasjon.

Verksemda for dei neste åra

       Planane for 1955 inneber mellom anna ei auka satsing på nyhende og vidare utbygging av korrespondentnettet både i Noreg og i utlandet. I 1995 reknar ein med at 92 % av befolkninga skal kunne motta P4. P4 tek framleis sikte på å føre vidare samarbeidet med Telenor og NRK om utvikling av digital lydkringkasting i Noreg.

       P4 melder at selskapet har bede Telenor AS gjere ein kostnadsanalyse og vurdering av lokal eller regional formidling av P4 sine sendingar. Departementet kan ikkje sjå at det finst grunnlag for å etablere eit samarbeid mellom P4 og nærradioane om lokal eller regional spreiing av P4 sine sendingar.